K’iche’
| K’iche’ | ||
| Klassifisering: | Mayisk K’iche’ansk-mameansk Stor-k’iche’ansk K’iche’ansk K’iche’-achí K’iche’ |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | ||
| K’iche’talande i alt: | Ca. 1 000 000 | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Nasjonalspråk i Guatemala og Mexico | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | myn | |
| ISO 639-3: | quc | |
K’iche’, med spansk ortografi quiché (òg kjend som katzijob'al), er det mest utbreidde mayiske språket. Det blir snakka av mellom ein og to millionar menneske, hovudsakleg i dei sentrale høglanda i Guatemala. Ifølgje den guatemalanske folketeljinga frå 2002 er det 1 270 953 menneske som tilhøyrer quichéfolket,[1] av dei har 890 596 k’iche’ som førstespråk.[2] Ethnologue sitt tal er likevel mykje høgare, til saman 2 333 000 talarar.[3] K’iche’ er uansett landet sitt nest største språk etter spansk.
K’iche’ har ei rekkje ulike dialektar som av og til vert rekna som eigne språk.
Det meste kjende verket på k’iche’ er den mytologiske tekstsamlinga Popol Vuh.
Innhaldsliste |
Fonologi [endre]
Vokalar [endre]
K’iche’ har seks vokalar:
| Fremre | Bakre | |
| Lukka | i | u |
| Halvopen | e | o |
| Open | ä | a |
Konsonantar [endre]
| Bilabial | Alveolar | Palatal | Velar | Uvular | Glottal | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| vanleg | implosiv | vanleg | ejektiv | vanleg | ejektiv | vanleg | ejektiv | vanleg | ejektiv | vanleg | ||
| Nasalar | m [m] | n [n] | ||||||||||
| Plosiv | p [p] | b' [ɓ] | t [t] | t' [tʼ] | k [k] | k' [kʼ] | q [q] | q' [qʼ] | ' [ʔ] | |||
| Affrikat | tz [ts] | tz' [tsʼ] | ch [tʃ] | ch' [tʃʼ] | ||||||||
| Frikativ | s [s] | x [ʃ] | j [χ] | h [h] | ||||||||
| Rullelyd | r [r] | |||||||||||
| Approksimant | w [ʋ] | l [l] | y [j] | |||||||||
Ortografi [endre]
K’ich’e har vorte skrive med ulike ortografiar. Den klassiske ortografien til Fader Ximénez, som skreiv ned Popol Vuh, er basert på spansk ortografi, og har vorte erstatta med ein ny ortografi, som er bestemt av ALMG (Academia de Lenguas Mayas de Guatemala).
| Den første lina av Popol Vuh i ulike ortografiar: | |
| Ximénez's klassiske ortografi | Are v xe oher tzíh varal Quíche ubí. |
| ALMG-ortografien | Are’ uxe’ ojer tzij waral K’iche’ ub’i’. |
| (Ximénez's spanske omsetjing) | Este es el principio de las Antiguas historias aquí en el Quiché. |
| (Dennis Tedlock's engelske omsetjing) | "This is the beginning of the ancient word, here in the place called Quiché." |
Referansar [endre]
- ↑ XI Censo Nacional de Población y VI de Habitación (Censo 2002) - Pertenencia de grupo étnico
- ↑ XI Censo Nacional de Población y VI de Habitación (Censo 2002) - Idioma o lengua en que aprendió a hablar
- ↑ Ethnologue – Språk i Guatemala