Kabinett som regjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den amerikanske presidenten Ronald Reagan med sitt kabinett i 1981.

Kabinett kan visa til ei regjering, anten heile regjeringa i eit land, eller berre dei mest framståande regjeringsmedlemane.

I nokre land, særleg land med parlamentarisme, er det kabinettet som samla bestemmer regjeringa sine politiske mål og si retning, det vil seie alle viktige saker, som lovgjeving, forslag til budsjett, forslag til skattar og avgifter. I nokre land, til dømes USA, har kabinettet lite felles makt, og fungerer i staden som eit rådgjevande og utøvande organ for statssjefen. I nokre land må kabinettet peikast ut mellom medlemmar i den lovgjevande forsamlinga, til dømes i Storbritannia.

I dei fleste landa har kabinettmedlemmar tittelen minister, og kvar av dei er ansvarleg for eit saksområde, f. eks. som «utanriksminister». I nokre land blir tittelen sekretær eller statssekretær brukt. Den daglege rolla for kabinettmedlemmar vil vere å leie ein del av det sentrale nasjonale byråkratiet, i Noreg kalla eit departement.

I Noreg er kabinettet det same som Statsrådet, og i snever meining også regjeringa. I somme land er det svært mange regjeringsmedlemmar, til dømes i Storbritannia. Ordet kabinett blir då gjerne brukt om berre dei mest sentrale regjeringsmedlemmane.

Soge[endre | endre wikiteksten]

For which inconveniences the doctrine of Italy, and practize of Fraunce, hath introduced Cabanett Councelles, a remedy worse than the disease.

Francis Bacon
Essays (1605)

Historisk sett er kabinett etterfølgjarar av kongelege råd. Ordet «kabinett» viser til eit lite rom som mindre grupper frå eit slikt råd kunne samlast i under tidleg moderne tid. Francis Bacon skal ha vore den første som kalla slike møte kabinettmøte tidleg på 1600-talet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]