Kabulelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 34°32′56″N 68°48′18″E

Kabul
Kabulelva i området ved Behsoodbrua ved Jalalabad
Kabulelva i området ved Behsoodbrua ved Jalalabad
Utspring Sanglakh
Munning I Indus ved Attock
Land i nedslagsfelt Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Flag of Pakistan.svg Pakistan
Lengd 700 km

Kabul (sanskrit: कुभा, farsi: دریای کابل, pashto: کابل سیند) er ei elv som har utspring i fjellkjeda Sanglakh i Afghanistan, som er skild frå Helmandelva av Unaipasset. Ho er hovudelva i den austlege delen av Afghanistan. Elva går 700 km austover før ho munnar ut i Indus nær Attock i Pakistan. Større byar ho går gjennom er Kabul, Chaharbagh, Jalalabad og Nowshera. Ho går inn i Pakistan om lag 30 km nord for Khyberpasset. Dei største sideelvane til Kabul er Logar, Panjshir, Kunar, Alingar og Bara.

Elva Kabul er i seg sjølv ikkje så mykje meir enn ein tynn straum mesteparten av året, men vert større om sommaren grunna snøsmelting. Den største sideelva er Kunar, som startar som elva Mastuj, som går frå Chiantar-isbreen i Chitraldistriktet i Pakistan, og når ho kjem sørover og inn i Afghanistan, møter ho elva Bashgal, som kjem frå Nurestan. Kunar møter Kabulelva nær Jalalabad. Trass i at Kunar har høgare vassføring enn Kabul, held elva fram under namnet Kabul, hovudsakleg av politiske og historiske årsaker.