Kaczawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kaczawa (tysk Katzbach) er ei elv i Nederschlesiske voivodskap i Polen. Ho spring ut frå Bóbr-Kaczawa-fjella nær Kaczorów og renn nord og nordaustover gjennom byane Świerzawa, Złotoryja og Legnica. Etter ei lengd på 98 km munnar Kaczawa ut i elva Oder ved Prochowice.

Kaczawa mellom Legnica og Dunino var åstad for slaget ved Katzbach den 26. august 1813 under napoleonskrigane.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.