Kajana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Kajana
Byvåpenet til Kajana
Byvåpenet til Kajana
Styresmakter
Land
Len
Landskap
Flag of Finland.svg Finland
Uleåborgs län
Kajanaland
Byrettar 1651
Geografi
Innbyggjarar
 - By

35 964
Koordinatar 64°13.5′″N 027°44′″EKoordinatar: 64°13.5′″N 027°44′″E
Diverse anna
Heimeside: www.kajaani.fi
Plassering
Plassering av  Kajana

Kajana (finsk: Kajaani) er ein by i landskapet Kajanaland i Finland. Han ligg geografisk midt i landet, på sørsida av innsjøen Ule träsk, og har eit areal på 1 369 km², der 212 km² er vatn. Kajana hadde 35 964 innbyggjarar i 2004.

Ruinane av Kajana festning ligg ved Kajanaelva, midt i byen. Han vart bygd i åra 1604–1619 som base for eit allereie etablert militærvesen. Byen i seg sjølv vart etablert i 1651 av Per Brahe d.y., i ei tid då trelast og tjøre var dei viktigaste næringsvegane, med skiping via Ule älv til Bottenvika. Russiske styrkar sprengde festninga i mars 1716.

I dag er Kajana ein universitetsby (Kajaani Polytechnic), med trelast og papirindustri som dei viktigaste næringsvegane. Om lag 5 km utanfor byen finn ein Paltaniemi kyrkje, ei trekyrkje frå 1726 med rokokkomåleri av Emanuel Granberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]