Len i Finland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finlands len (svensk län, finsk lääni) var ei geografisk og administrativ inndeling av Finland frå 1634 til 2009.

Lena var statlege administrative einingar som vart styrte av ein länsstyrelse (fi. lääninhallitus). I spissen for länsstyrelsen stod landshövdingen (fi. maaherra). Länsstyrelsen hadde ansvaret innan sosial- og helseteneste, undervising og kultur, politi, redningsteneste, trafikk, konkurranse- og forbrukarsaker og rettsforvalting.

Den 1. januar 2010 vart lena oppløyste og Finland blir no administrert berre på statleg og kommunalt nivå.[1]. Forvaltingsoppgåvene til lena vart til dels overført til landskapsforbunda, ei eldre administrativ inndeling, og til dels til dei nye forvaltingseiningane regionforvaltingsverka og nærings-, trafikk- og miljøsentralane. Landskapa har likevel ingen administrativ funksjon. Dei nye regionane som blir leidde av eit regionförvaltningsverk tilsvarar i stor grad dei tidlegare lena med unnatak av tidlegare Västra Finlands län, som er delt i to regionar. Oppgåver som er for store for den einskilde kommunen blir organisert som kommunale samarbeid.

Lena vart innførte i 1634 då Finland var ein del av Sverige. Ein länsreform i 1997 slo dei dåverande elleve finske lena (unnatatt Åland) seg saman til fem len. Åland vart ikkje påverka.

Finland var mellom 1997 og 2009 oppdelt i fem len og det sjølvstyrte landskapet Åland. Kvart len hadde eit statleg organ i form av ein länsstyrelse som ein statleg representant i lenet og forvaltar av det same innanfor områda sosial- og helsestell, undervisning og kultur, politi, redning, trafikk, konkurranse- og konsumentsaker i tillegg til justisforvalting. Länsstyrelsen vart leidd av landshövdingen.

Landskapet Åland er ikkje omfatta av endringa i 2010, og har ein høg grad av sjølvstende mot resten av Finland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lensinndelinga vart innført i 1634 medan Finland var ein del av Sverige. Etter ein lensreform i 1775 hadde Finland følgjande seks len:

Det vart inga endring i lensforvaltinga då Finland vart eit storfyrstedømme under Russland i 1809, og i 1812 vart Viborgs guvernement attforeint med Finland under namnet Viborgs län.

Etter ein ny lensreform i 1831 hadde Finland følgjande åtte len:

Denne lensinndelinga skulle bli ståande nesten uendra til 1945. Då Finland vart sjølvstendig i 1917 ønska ålendingane at Åland skulle gjenforeinast med Sverige. For å motverke dette vart Ålands län utskilt frå Åbo og Björneborgs län i 1918 og svensk vart Ålands einaste offisielle språk. I 1936 vart Lapplands län utskild frå Uleåborgs län.

Etter tapet av store delar av Viborgs län i 1944 vart i 1945 dei gjenverande delane av lenet døypte om til Kymmene län.

Len i perioden 1945-1959[endre | endre wikiteksten]

Etter 1945 hadde Finland dermed ti len som vist i nedanforståande tabell.

Len 1945–1959
Kode
Svensk namn Finsk namn Lensgrenser 1959
Läänit 1951.png
1 Nylands län Uudenmaan lääni
2 Kymmene län Kymen lääni
3 Åbo och Björneborgs län Turun ja Porin lääni
4 Tavastehus län Hämeen lääni
5 Sankt Michels län Mikkelin lääni
6 Vasa län Vaasan lääni
7 Kuopio län Kuopion lääni
8 Uleåborgs län Oulun lääni
9 Lapplands län Lapin lääni
10 Ålands län Ahvenanmaan lääni

Len i perioden 1960-1997[endre | endre wikiteksten]

I 1960 vart Mellersta Finlands län og Norra Karelens län skilde ut som eigne len. Finland hadde dermed tolv len, som vist i den nedanforstående tabellen.

Len 1960–1997[2]
Kode
Svensk namn Finsk namn Folketal
1997[3][4]
Areal (km²)
1997[4][5]
Lensgrenser 1997
Läänit 1983.PNG
1 Nylands län Uudenmaan lääni 000000001344989.00000000001 344 989 000000000009594.00000000009 594
2 Kymmene län Kymen lääni 000000000329422.0000000000329 422 000000000012831.000000000012 831
3 Åbo och Björneborgs län Turun ja Porin lääni 000000000704385.0000000000704 385 000000000020790.000000000020 790
4 Tavastehus län Hämeen lääni 000000000751622.0000000000751 622 000000000023046.000000000023 046
5 Sankt Michels län Mikkelin lääni 000000000202692.0000000000202 692 000000000021524.000000000021 524
6 Vasa län Vaasan lääni 000000000445207.0000000000445 207 000000000027406.000000000027 406
7 Mellersta Finlands län Keski-Suomen lääni 000000000259768.0000000000259 768 000000000019418.000000000019 418
8 Kuopio län Kuopion lääni 000000000256742.0000000000256 742 000000000020062.000000000020 062
9 Norra Karelens län Pohjois-Karjalan lääni 000000000175137.0000000000175 137 000000000021584.000000000021 584
10 Uleåborgs län Oulun lääni 000000000452942.0000000000452 942 000000000061602.000000000061 602
11 Lapplands län Lapin lääni 000000000199051.0000000000199 051 000000000098984.000000000098 984
12 Ålands län Ahvenanmaan lääni 000000000025392.000000000025 392 000000000001582.00000000001 582
Hele Finland 000000005147349.00000000005 147 349 000000000338424.0000000000338 424

Len i perioden 1997-2009[endre | endre wikiteksten]

Ved ein større lensreform i 1997 vart talet på len redusert frå tolv til seks. Samstundes vart kommunane slutta saman i tjue landskap som gjennom landskapsforbunda utgjorde ei kommunal forvalting på regionalt nivå. Lensdanninga i 1997 skulle berre vare i tolv år. Finlands siste len er vist i tabellen under.

Len 1997–2009
Kode
Svensk namn Finsk namn Folketall
2008[6]
Areal (km²)
2009[5]
Residensstad Län før 1997 Historiske landskap
Suomen-läänit-template.png
1 Södra Finlands län Etelä-Suomen lääni 000000002192601.00000000002 192 601 000000000034388.000000000034 388 Tavastehus Nylands län, Kymmene län
del av Tavastehus län
Nyland, Tavastland, Karelen
2 Västra Finlands län Länsi-Suomen lääni 000000001881806.00000000001 881 806 000000000081149.000000000081 149 Åbo Mellersta Finlands län, Åbo och Björneborgs län, Vasa län
del av Tavastehus län
Egentliga Finland, Tavastland, Satakunda, Österbotten
3 Östra Finlands län Itä-Suomen lääni 000000000571184.0000000000571 184 000000000060719.000000000060 719 Mikkeli S:t Michels län, Kuopio län, Norra Karelens län Savolax, Karelen
4 Uleåborgs län Oulun lääni 000000000469304.0000000000469 304 000000000061602.000000000061 602 Uleåborg Uleåborgs län Österbotten, Västerbotten
5 Lapplands län Lapin lääni 000000000183963.0000000000183 963 000000000098984.000000000098 984 Rovaniemi Lapplands län Lappland, Österbotten, Västerbotten
6 Ålands län Ahvenanmaan lääni 000000000027456.000000000027 456 000000000001582.00000000001 582 Mariehamn Ålands län Åland
Heile Finland 000000005326314.00000000005 326 314 000000000338424.0000000000338 424

Lensvåpen[endre | endre wikiteksten]

Lapin läänin vaakuna.svg Oulun läänin vaakuna.svg Etelä-Suomen läänin vaakuna.svg Länsi-Suomen läänin vaakuna.svg Itä-Suomen läänin vaakuna.svg Coat of arms of Åland.svg
Lapplands län Uleåborgs län Södra Finlands län Västra Finlands län Östra Finlands län Ålands län

Oversikt over lena:[endre | endre wikiteksten]

Len Residensstad Årstal Skildring
Åbo och Björneborgs län Åbo 1634-1997 Omfatta landskapa Egentliga Finland, Åland og Satakunta. Ålands län separat i 1918.
Nylands och Tavastehus län Helsingfors / Tavastehus 1634-1831 Omfatta landskapa Nyland og Tavastland.
Österbottens län Uleåborg / Vasa 1634-1775 Omfatta landskapet Österbotten.
Viborgs och Nyslotts län Viborg 1634-1721 Omfatta landskapet Savolax och vestre delen av landskapet Karelen.
Kexholms län Kexholm 1634-1721 Omfatta nordlege och austre delen av landskapet Karelen.
Kymmenegårds och Nyslotts län Villmanstrand 1721-1747 Dei vestre og nordlege delar av Viborgs og Nyslotts län og Kexholms län.
Kymmenegårds och Savolaks län Lovisa 1747-1775 Dei vestre og nordlege delar av Kymmenegårds og Nyslotts län.
Vasa län Vasa 1775-1997 Den sørlege delen av Österbottens län.
Uleåborgs län Uleåborg 1775-2009 Den nordlege delen av Österbottens län.
Kymmenegårds län Heinola 1775-1831 Den sørlege delen av Kymmenegårds og Savolaks län.
Savolaks och Karelens län Kuopio 1775-1831 Den nordlege delen av Kymmenegårds og Savolaks län.
Viborgs län Viborg 1812-1945 Dei sørlege og vestre delar av det tidlegare Viborgs og Nyslotts län og Kexholms län.
Nylands län Helsingfors 1831-1997 Den sørlege delen av Nylands og Tavastehus län og Kymmenegårds län.
Tavastehus län Tavastehus 1831-1997 Den nordlege delen av Nylands og Tavastehus län.
S:t Michels län S:t Michel 1831-1997 Den sørvestre delen av Kuopio län og den nordlege delen av Kymmenegårds län.
Kuopio län Kuopio 1831-1997 Tidlegare Savolaks og Karelens län.
Ålands län Mariehamn 1918-2009 Landskapet Åland.
Petsamo län Petsamo 1921-1921 Petsamo området.
Lapplands län Rovaniemi 1938-2009 Den nordlege delen av Uleåborgs län.
Kymmene län Kouvola 1945-1997 Den vestre delen av Viborgs län.
Mellersta Finlands län Jyväskylä 1960-1997 Delar av Kuopio, S:t Michels, Tavastehus og Vasa län.
Norra Karelens län Joensuu 1960-1997 Den austre delen av Kuopio län.
Södra Finlands län Åbo 1997-2009 Nylands län, Kymmene län, del av Tavastehus län.
Västra Finlands län Tavastehus 1997-2009 Mellersta Finlands län, Åbo och Björneborgs län, Vasa län, del av Tavastehus län.
Östra Finlands län St. Michel 1997-2009 S:t Michels län, Kuopio län, Norra Karelens län.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]