Kamešnica
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kamešnica | |
| fjell | |
|
Kamešnica
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Dei dinariske Alpane |
| høgd | 1 852 moh |
| koordinatar | |
Kamešnica er eit fjell sørvest i Bosnia-Hercegovina, på grensa til Kroatia (Dalmatia). Fjellet er ei forlenging av fjellet Dinara, som strekk seg frå fjellovergangen Vaganj (1 173 m) i nordaust til Buško Blato (kunstig innsjø). Det meste av Kamešnica ligg i Bosnia, inkludert den høgaste toppen kalla Konj på 1 852 moh, med eit praktfullt utsyn over Bosnia og Kroatia. I klårt vêr kan ein til og med sjå øyane i Adriahavet.
Kamešnica har eit rikt dyre- og planteliv, og har mange turstiar og djupe grotter. Økosystemet i nordlege delar av fjellet har vore heilt bevart sidan det ligg heilt isolert frå omverda med tett skog i området rundt. Toppen av Kamešnica er dekka av snø seks til sju månader av året.