Basra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Basra er ein by sør i Irak, og administrativt senter for Basraprovinsen. Byen ligg ved Shatt al-Arab, elva danna av at Eufrat og Tigris renn saman, nær utløpet hennar i Persiabukta, og er ein viktig hamneby for Irak. Basra er den andre største byen i Irak med rundt 1 827 125 innbyggjarar (est. 2008).[1]

Hamna blei bygd under første verdskrigen av Storbritannia, som då okkuperte området.

Etter den første Golfkrigen blei Basra arnestad for eit større opprør mot Saddam Hussein blant dei sørirakiske sjiamuslimanei 1991. Opprøret blei slått ned med stor brutalitet, og byen blei etterpå tilsidesett som hamneby til fordel for Umm Qasr.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Irak å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.