Kapp Bojador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Vest-Sahara med Cabo Bojador avmerkt.

Kapp Bojador er eit vestafrikansk forland, på kysten av Vest-Sahara. På arabisk heiter kappet Abu Khatar, som tyder 'far til det farlege', eller Rā's Būjādūr (رأس بوجادور‎), ei arabisering av Kapp Bojador. Kappet er ikkje tydeleg på kart, men ligg 220 km rett sør for FuerteventuraKanariøyane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundinga av Kapp Bojador var ein viktig milepel i den [[portugisiske oppdagarar si utforsking av Afrika1400-talet. Ved Kapp Bojador blir Kanaristraumen så sterk at dei som runda forlandet med seglskip aldri kom attende. Sjømenn var dessutan redde for å segle sør om kappet fordi dei trudde at vatnet berre ville bli varmare og varmare inntil det kokte. Dei første europearane som runda kappet og kom attende var portugisiske sjømenn under Gil Eanes i 1434.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Etter Berlinkonferansen i 1884 gjorde Spania krav på eit protektorat, Vest-Sahara, frå Cap Blanc (Ras Nouadhibou) langt sør for Kapp Bojador til eit punkt rundt 200 km nord for det. Sidan 1975, då Spania trekte seg ut, har området vore kontrollert av Marokko, medan opprørsgruppa Polisario har prøvd å få lokal kontroll.

Byane nær Kapp Bojador har vakse gjennom stor tilflytting frå lokale sahrawifolk. Ein sahrawisk flyktningleir i Algerie er kalla opp etter kappet, Daira de Bojador.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]