Det portugisiske imperiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det portugisiske imperiet (1410-1999)

Det portugisiske imperiet var det første verdsomspennande imperiet i historia, og det eldste og mest langvarige av dei vest-europeiske kolonirika. Imperiet varte frå 1415 til 1999.

Det var tilknytinga til havet som gjorde at kongedømmet kunne erobre Ceuta i 1415 og utforske Atlanterhavet tidleg på 1400-talet. Henrik sjøfararen grunnla ein sjøfartsskule i Sagres, og dette fostra nyvinningar som karavellen i tillegg til at den portugisiske kartografien vart vidareutvikla. Hundre år seinare vart målet nådd om å finne ei sjørute til India, og Kongedømet Portugal byrja å ekspandere utover i verda. Dei berømte oppdagarane Bartolomeu Dias, Vasco da Gama og Magellan var portugisarar, sjølv om den sistnemnde seglde for den spanske krona, som var Portugal sin konkurrent innan sjøfart etter 1492.

Imperiet var avgrensa til ei samling av små men godt vakta utpostar langs kysten, på grunn av Portugal sitt relativt låge folketal og litle utstrekning. Imperiet var på sitt mektigaste på 1500-talet, men på grunn av manglande engasjement frå Habsburg-kongane og konkurransen med dei nye kolonimaktene England, Frankrike og Holland, starta eit langvarig og gradvist forfall. Etter 1700-talet konsentrerte Portugal seg om koloniseringa av Brasil og dei afrikanske territoria. Gull frå Brasil gav ny næring til imperiet, men det katastrofale jordskjelvet i Lisboa i 1755, gjekk svært hardt ut over imperiehovudstaden, og vart byrjinga på slutten av Portugal sin mektige posisjon på den internasjonale politiske arenaen. I 1822 vart Brasil uavhengig, og i 1890 gjorde det britiske ultimatumet ende på dei portugisiske planane om ein liknande storkoloni i Afrika.

Etter andre verdskrigen freista Portugal under Salazar-regimet å motarbeide avkoloniseringa, noko som førte til at den portugisiske kolonikrigen braut ut i 1961, og varte til 1974. Etter at Goa og Daman og Diu vart overtekne av India, vart det portugisiske herredømet i Asia redusert til å berre omfatte Macau (eigentleg eit kinesisk territorium forvalta av Portugal) og Aust-Timor. Etter nellikrevolusjonen i 1974, endra Portugal politisk kurs, og byrja å støtte sjølvstende til koloniane sine. Det oversjøiske portugisiske imperiet fekk ein endeleg slutt då Portugal leverte Macau over til Kina i 1999, sjølv om Aust-Timor var eit de jure portugisisk territorium fram til det vart uavhengig i 2002. Imperiet har fått ein kulturell arvtakar gjennom Samveldet av portugisisktalande statar, CPLP.

Starten på imperiet (1415-1494)[endre | endre wikiteksten]

Statue av Henrik sjøfararen, prinsen som støtta mange av dei tidlege utforskingane til landet.
Foto: Juntas

Den portugisiske gjenerobringa av territoriet frå arabarane (på portugisisk reconquista), nådde høgdepunktet i 1249, då Afonso III erobra Algarve, og dermed fastsette dei portugisiske grensene på den den iberiske halvøya, som har vore nærmast uendra til i dag. I løpet av 1500-talet brukte kongehusa Aragon og Portugal sjøvegen for å ekspandere territoria sine. Den kastiljanske trona erobra ikkje det siste mauriske forsvarsverket før 1492. Det aragonske imperiet, som hadde gjennomført sin reconquista i 1266, konsentrerte seg om Middelhavet, medan det portugisiske imperiet fokuserte på Atlanterhavet og Nord-Afrika.

Portugisiske soldatar tok kontroll over Ceuta på den nordafrikanske kysten i 1415 og nedkjempa maurarane, som freista ei gjenerobring i 1418. I 1419 vart to av Henrik sjøfararen sine kapteinar, João Gonçalves Zarco og Tristão Vaz Teixeira ført av ein storm til øya Madeira. I 1427 oppdaga ein annan portugisisk kaptein øygruppa Asorane.

Under ein ekspedisjon til Tanger i 1436, bestemt av kong Edvard av Portugal, (1433-1438), vart den portugisiske hæren nedkjempa, og klarte å unngå å bli øydelagt ved at dei lét prins Ferdinand, kongen sin yngste bror, bli tatt som gissel. Prins Henrik sine kapteinar heldt fram med å utforske Afrika og Atlanterhavet. i 1434 vart sjøvegen rundt Cape Bojador funne. I 1441 kom den første ladningen med slavar til Lisboa, og slavehandelen skulle snart bli ein av dei mest lønnsame inntektskjeldene til det portugisiske imperiet. Senegal og Kapp Verde vart nådd i 1445. I 1446 var António Fernandes nær ved å nå Sierra Leone.

I mellomtida heldt koloniseringa fram på Asorane (frå og med 1439 og Madeira), kor nybyggjarar frå Portugal, Frankrike og Flandern produserte sukker og vin. Gull frå Guinea stimulerte den portugisiske handelsøkonomien, og det vart tydeleg at oppdagingane ikkje berre hadde religiøse og vitskaplege fordelar, men i tillegg hadde vore svært økonomisk lønnsame.

Under Afonso V, Afrikanaren (1443-1481), vart Guineagolfen utforska heilt fram til Cape St Catherine, og det vart send tre ekspedisjonar til Marokko i 1458, 1461 og 1471. I 1458 vart Alcácer Ceguer (El Qsar es Seghir på arabisk) erobra frå maurarane, og i 1471 vart Arzila og Tanger erobra.

I 1474 fekk oppdagaren João Vaz Corte-Real eit kapitani på Asorane for å ha oppdaga Terra Nova dos Bacalhaus (Det nye torskefisklandet) i 1472. Enkelte hevdar at dette er Newfoundland. Det er svært mogleg at dette kan vere riktig, men det er få prov på dette på grunn av at portugisarane gav ut svært lite informasjon om sine eigne oppdagingar. Enkelte prov kan kanskje stadfeste teorien. João Vaz Corte-Real var nemleg far til Corte-Real-brørne som utforska Newfoundland i 1500.

Afonso V gjorde krav på den kastiljansk-leonske trona når han gifte seg med prinsesse Joan av Castilla, men Isabella utropte seg sjølv til dronning av Castilla. Alcáçovas-avtalen som vart underteikna i 1479 gav Portugal einerett til å seile på havet nedanfor Kanariøyane, og portugisarane valde då å anerkjenne Isabella som dronning av Castilla.

Under João II av Portugal (1481-1495) vart fortet São Jorge da Mina, i dag Elmina i Ghana, grunnlagd for å verne Guinea-handelen. Dette vart det portugisiske hovudkvarteret i Vest-Afrika fram til 1637. Diogo Cão oppdaga Kongo i 1482 og nådde Cape Cross i 1486. I 1488 runda Bartolomeu Dias Kapp det gode håp, og dermed var passasjen til India open.

Tordesillastraktaten (1494)[endre | endre wikiteksten]

Første side av Tordesillastraktaten, som delte verda mellom Spania og Portugal.

Portugal såg for seg eit enormt handelspotensiale gjennom ein mogleg sjøveg rundt Afrika til India og resten av Asia, og arbeida offensivt for å oppnå dette både med handelsutpostar og festningar.

Pavebullen Inter caetera i 1493 og Tordesillastraktaten i 1494 delte verda utanfor Europa i mellom Portugal og Spania. Linja vart bestemt til å vere nord-sør-meridianen 1550 km vest frå Kapp Verde-øyane utanfor vestkysten av Afrika. Dette resulterte i at heile Afrika og nesten heile Asia ville høyre til Portugal, medan nesten heile den nye verda ville høyre til Spania.

Det første forslaget frå pave Aleksander VI om plasseringa av linja vart flytta litt vestover av João den II av Portugal, og dette vart godteke. Denne nye linja gjorde at Brasil og Newfoundland (etter datidas oppfatning) vart ein del av Portugal i året 1500. Sidan avstanden som vart føreslått av João II ikkje er eit «rundt» tal (370 sjømil), hevdar enkelte at Portugal kjende til desse landområda før Tordesillastraktaten i 1494. João den II døydde året etter, i 1495.

Imperiets glansdagar (1494-1580)[endre | endre wikiteksten]

Portugisisk villa i Goa.
Foto: Dominik Hundhammer

Etter at Tordesillastraktaten var signert, fekk Portugal einerett på å segle rundt Afrika, og i 1498 nådde Vasco da Gama India, og etablerte dei første portugisiske utpostane der. Snart var Portugal senteret for handelen med Aust.

I Aust-Afrika vart små muslimske statar langs kysten av Mosambik, Kilwa, Brava og Mombasa, anten øydelagde eller dei vart undersåttar eller allierte av Portugal. Pêro da Covilhã nådde Etiopia allereie i 1490 ved at han reiste i skjul, og ein delegasjon av diplomatar møtte leiaren for landet i 1520. Den 22. april 1500 gjekk Pedro Álvares Cabral i land på det som i dag er Porto Seguro i Brasil, og det vart etablert mellombelse handelsstasjonar for å sanke inn brasiltre som vart brukt til farging.

Sokotra i Det arabiske havet vart okkupert i 1506, og i det same året vitja Lourenço d'Almeida Ceylon. I Det indiske havet vart Madagaskar oppdaga i 1507 av eitt av Pedro Álvares Cabral sine skip, og landet vart delvis utforska av Tristão da Cunha. Mauritius vart oppdaga i det same året. I 1509 vann portugisarane sjøslaget ved Diu mot ein koalisjon sett saman av Ottoman-sultanen Beyazid II, sultanen av Gujarat, mamelukksultanen av Kairo, raja Samoothiri av Kozhikode, Den venetianske republikken og Ragusan-republikken (Dubrovnik). Det andre slaget om Diu i 1538 gjorde ende på dei ottomanske framstøytane i India og stadfesta det portugisiske eineveldet i Det indiske havet.

Portugal grunnla handelsstasjonar på fjerne stader som Goa, Malakka, Molukkane, Macau og Nagasaki. Portugal heldt både europeiske og asiatiske konkurrentar unna, og dominerte ikkje berre handelen mellom Asia og Europa, men òg mykje av handelen mellom ulike regionar i Asia, slik som India, Indonesia, Kina og Japan. Jesuittmisjonærar som den spanske Francis Xavier følgde portugisarane for å spreie den romersk-katolske kristendommen til Asia med vekslande hell.

Medan portugisiske skip utforska Asia og Sør-Amerika, fekk João Fernandes Lavrador og Corte-Real-brørne løyve av kong Manuel I av Portugal til å utforske Nord-Atlanteren. Lavrador gjenoppdaga Grønland og utforska området Labrador, som vart oppkalla etter han. Miguel og Gaspar Corte-Real utforska Newfoundland og omkringliggjande område. TorskenNewfoundland banks vart utnytta og det vart innført skattar for å gi inntekter til kongedømmet. João Álvares Fagundes bad i 1521 om løyve til å byggje ein koloni i området, og fekk godkjenning av kongen. Kolonien vart forlaten i løpet av fem år, men årsaka til dette er ikkje kjend. Sidan dei afrikanske og asiatiske territoria var meir lukrative, dalte den portugisiske interessa for Nord-Amerika. I siste halvdel av 1500-talet hadde Portugal avgrensa aktiviteten i Newfoundland og Labrador til fiskeri.

I 1503 oppdaga ein portugisisk ekspedisjon under leiinga av Gonçalo Coelho at franskmennene gjorde landtog og plyndra området som tilsvarar dagens Brasil. I 1530 organiserte João III koloniseringa av Brasil rundt 15 capitanias hereditárias ('arvelege kapitani-område'), som vart tilbode alle dei som ville administrere og utforske dei. Det same året vart ein ny ekspedisjon sendt ut under leiing av Martim Afonso de Souza med ordre om å patruljere heile den brasilianske kysten, kaste ut franskmennene, og grunnleggje dei første kolonibyane; São Vicente på kysten, og São Paulo ved høgslettene. Berre to av dei 15 opphavlege kapitania, Pernambuco og São Vicente, opplevde vekst. Når busetjingane vart permanente vart sukkerrøyr-industrien innført, og den kravde svært mykje arbeidskraft. Først vart behovet dekt av indianarar, og seinare afrikanske slavar. Den første generalguvernøren over Brasil, Tomé de Sousa vart send ut i 1549. Han erklærte kapitani-systemet for ineffektivt, og grunnla hovudstaden Salvador ved Baía de Todos os Santos. Dei første jesuittane kom same året.

Den tredje guvernørgeneralen i Brasil, portugisaren Mem de Sá, lukkast i å øydeleggje den franske kolonien i i Guanabara-bukta, som hadde namnet France Antarctique, i åra mellom 1565 og 1567. Kolonien hadde då eksistert i 10 år. Mem de Sá grunnla då, saman med nevøen Estácio de Sá, byen Rio de Janeiro i mars 1567.

I 1578 kom portugisiske krossfararar inn mot Marokko, og vart møtt av Ahmed Mohammed av Fez ved Alcazarquivir. Det er svært truleg at Kong Sebastian av Portugal vart drepen i kampane eller at han vart avretta i etterkant. Slaget markerer slutten på Portugal sine ambisjonar om verdsherredøme.

Kongehuset Habsburg (1580-1640)[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1580 og 1640 var den portugisiske trona under dei spanske Habsburg-kongane, noko som utgjorde det største koloniimperiet nokosinne til då. I 1583 sende Filip I av Portugal, II av Spania den samanslåtte Iberiske flåten ut for å fjerne franske handelsmenn frå Asorane. Asorane var den siste delen av Portugal som stod imot Filip sitt herredøme.

Med to verdsomspennande imperium å styre over, og med konkurransen frå nederlendarane, engelskmennene og franskmennene, lét Habsburg-kongane vere å verne om fleire av dei portugisiske territoria rundt om i verda. I denne perioden mista Portugal fleire store område til dei andre kolonimaktene.

Den portugisiske ekspansjonen heldt fram i Amerika vest for meridianen som vart bestemt av Tordesillastraktaten. Portugal greidde å mobilisere ein militærekspedisjon som nedkjempa og kasta ut dei franske nybyggjarane i France Équinoxiale i 1615, mindre enn fire år etter at dei kom til landet. Den 30. april 1625 gjenerobra ein portugisisk flåte under leiing av Fadrique de Toledo byen Salvador da Bahia frå nederlendarane. Skvadronen var sett saman av 22 portugisiske skip, 34 spanske skip og 12 500 menn. Tre fjerdedelar var spanske og resten var portugisiske.

Kart over Habsburg-kongane sine territorium under unionen mellom Portugal (fiolett) og Spania (raudt/rosa/brunt) (1580-1640)

I 1627 fall den kastiljanske økonomien saman. Nederlendarane, som hadde prioritert å byggje opp flåten sin i løpet av tolvårs-våpenkvilen, knuste den spanske sjøfartshandelen etter at det på nytt hadde bryte ut krig. Spania hadde vore heilt avhengig av denne handelen etter krakket. Sjølv om Spania vann fleire sigrar, måtte dei bruke ressursane sine over heile Europa, i tillegg til at den livsviktige sjøfarten måtte vernast mot den nederlandske flåten, som hadde vorte kraftig utbetra. Spania sine fiendar, slik som Nederland og England, hika etter den spanske rikdomen på andre sida av havet, og ofte valde dei heller å gå til åtak på dei svake portugisiske utpostane enn dei spanske. Spanjolane klarte ikkje lenger å takle slaget om sjøen. Dermed oppstod den nederlandsk-portugisiske krigen.

Mellom 1638 og 1640 skaffa Nederland kontroll over Nordaust-Brasil, med hovudsete i Recife. Portugisarane vann ein viktig siger i det andre slaget om Guararapes i 1649. Innan 1654 hadde nederlendarane overgitt seg og gitt tilbake kontrollen av alle områda til portugisarane.

Sjølv om dei nederlandske koloniane i Brasil vart utsletta, greidde hollendarane å okkupere Ceylon, Kapp det gode håp og Austindia, og å ta over handelen med Japan i Nagasaki. Dei portugisiske territoria i Asia vart redusert til nokre basar i Macau, Aust-Timor og Portugisisk India.

Den brasilianske rikdomen (1640-1822)[endre | endre wikiteksten]

Tiradentes avretta.

Tapet av koloniar var ein av grunnane til at unionen med Spania tok slutt. I 1640 vart João IV erklært konge av Portugal og den portugisiske gjenopprettingskrigen starta. I 1668 anerkjende Spania slutten på den Iberiske unionen i bytte mot at Portugal gav Ceuta til den spanske krona.

I 1661 gav portugisarane Bombay og Tanger til England som del av ein handel, og i løpet av dei neste hundre åra utvikla britane seg til å bli den dominerande makta i India etter som Mogulimperiet gjekk i oppløysing. Andre aktørar var nesten totalt ekskludert frå å handle der, men Portugal greidde å halde på Goa og fleire mindre basar gjennom koloniperioden.

I 1755 vart Lisboa ramma av eit katastrofalt jordskjelv med ein påfølgjande tsunami som tok livet av meir enn 100.000 menneske av ei befolkning på 275.000. Dette hadde sterk innverknad på dei portugisiske koloniambisjonane på slutten av 1700-talet.

Sjølv om Brasil i starten ikkje hadde så stor betydning, kom området til å bli hovudsenteret for det portugisiske koloniprosjektet, og Portugal henta ut ressursar som gull, edelstein, sukkerrøyr, kaffi og andre avlingar. Friviljug utvandring til Brasil frå Europa og slavehandelen frå Afrika gjorde at befolkninga auka drastisk, og i dag er Brasil det største portugisisktalande landet i verda.

Til motsetjing frå spanjolane, delte ikkje portugisarane opp det koloniserte området sitt i Amerika. Kapitaniane som vart oppretta i starten måtte innordne seg under ein sentral administrasjon i Salvador som rapporterte direkte til kongehuset i Lisboa.

I 1789 oppstod det ei opprørsgruppe med namnet Inconfidência Mineira som ville frigjere Brasil frå Portugal. Dette vart slått ned på, og leiaren Tiradentes vart hengd.

I 1808 invaderte dei franske troppane Portugal under leiing av Napoleon, og kronprinsen Dom João beordra at kongehuset og hoffet skulle flyttast til Brasil. I 1815 vart Brasil oppgradert til kongedøme, og den portugisiske staten fekk det offisielle namnet Det sameinte kongedømet Portugal, Brasil og Algarve (Reino Unido de Portugal, Brasil e Algarve). I den konstitusjonelle rettsforsamlinga, Cortes Constitucionais Portuguesas vart det òg vald inn brasilianske representantar.

Dom João flytta regjeringshovudkvarteret til Brasil i 1808, i eit forsøk på å flykte frå Napoleon. Brasil vart då eit kongedøme under Dom João VI. Sjølv om kongefamilien returnerte til Portugal i 1821, var det skapt eit veksande ønske om fridom blant brasilianarane. I 1822 erklærte sonen til Dom João VI, då kronprins Dom Pedro I, sjølvstende frå Portugal, og vart krona til keisar.

Portugisisk Afrika og dei oversjøiske provinsane (1822-1961)[endre | endre wikiteksten]

Den mosambikiske kongen Gungunhana gjorde opprør og blei send i eksil. Her saman med konene sine, som også blei sende i eksil, i 1899.

Då den europeiske kolonialismen hadde si glanstid på 1800-talet, hadde Portugal mista territoriet sitt i Sør-Amerika og nesten alle i Asia. I denne perioden fokuserte den portugisiske kolonimakta å ekspandere utpostane i Afrika. Målet var å gjere dei om til større landeiningar slik at dei kunne stå imot dei andre europeiske kolonimaktene. Dei portugisiske territoria vart då det som i dag tilsvarar Kapp Verde, São Tomé og Príncipe, Angola og Mosambik.

Portugal utforska innlandsområda i Angola og Mosambik, og oppdagarar som Hermenegildo Capelo og Roberto Ivens var blant dei første europearane som kryssa Afrika frå vest til aust. På slutten av 1800-talet var målet til portugisarane å gjennomføre prosjektet med «Det rosa kartet», som skulle innebere å knyte dei to koloniane saman. Denne idéen var uakseptabel for britane, som på si side hadde eit prosjekt om å lage ei linje gjennom Afrika frå nord til sør, mellom Kairo og Cape Town. Det britiske ultimatum i 1890 vart godteken av kong Carlos I av Portugal, og «Det rosa kartet» vart skrinlagt. Republikanarane brukte kongen sin reaksjon mot ultimatumet som ledd i den anti-monarkistrørsla. I 1908 vart kong Carlos og prins Luís Filipe drepne i Lisboa. Broren til Luís Filipe, Manuel, vart krona til kong Manuel II av Portugal. To år seinare vart Portugal omgjort til republikk.

Under 1. verdskrigen vart Mosambik truga av tyske styrkar, og Portugal vart med i krigen for å verne om koloniane. Portugal var i dårleg forfatning på grunn av dei ineffektive og kortvarige republikanske regjeringane, og dette vart forsterka av krigen. I 1926 fekk Portugal eit fascistisk regime.

António de Oliveira Salazar tok makta i 1933, og utøvde eit diktatorisk regime. Han rekna dei portugisiske koloniane som oversjøiske provinsar tilhøyrande Portugal, og han motarbeida aktivt frigjeringa av koloniane til motsetjing frå andre kolonimakter, som England, Frankrike og Nederland. Portugal vart dermed det landet som heldt lengst på dei større koloniområda sine.

Den kalde krigen skapte endå meir ustabilitet, sidan USA og Sovjetunionen jobba for å utvide sine kontrollsfærar. I 1957 invaderte India Dadra og Nagar Haveli, og i 1961 vart Goa og Daman og Diu invadert. Dette betydde slutten for portugisiske kolonistyret i India.

I 1961 greidde ikkje lenger Portugal å stogge frigjeringsrørslene i Afrika, og Den portugisiske kolonikrigen braut ut.

Forfall og kollaps (1961-1999)[endre | endre wikiteksten]

Monumentet over dei portugisiske oppdagingane i Lisboa.

Den portugisiske kolonikrigen var hardast i Portugisisk Guinea (no Guinea-Bissau), Angola og Mosambik, og dei portugisiske styrkane var utsett for mange dødelege åtak. Den feilslåtte krigen mot dei ulike geriljarørslene fekk ein alt for høg pris for Salazar-regimet, og i 1974 kollapsa regimet under den såkalla Nellikrevolusjonen. Det nye, demokratiske regimet som kom etter Salazar, gjorde med ein gong slutt på krigane, og starta forhandlingane om tilbaketrekking frå dei afrikanske koloniane. I både Mosambik og Angola braut det omgåande ut borgarkrig mellom kommunistiske regjeringar danna av tidlegare opprørsgrupper mot kolonimakta, og støtta av Sovjetunionen og Cuba, mot rebellgrupper støtta av mellom anna Zaire, Sør-Afrika og USA.

Aust-Timor vart óg uavhengig, men vart omgåande invadert av nabolandet Indonesia, som okkuperte landet fram til 1999.

Det portugisiske oversjøiske imperiet tok endeleg slutt då Portugal gav Macau over til Kina i 1999. Avtalen var forhandla fram under liknande føresetnader som avtalen for overleveringa av Hong Kong frå Storbritannia. I 1999 vart Aust-Timor frigjort frå den indonesiske okkupasjonsmakta, og vart etablert som ein sjølvstendig stat etter ei folkeavstemning i 2002.

Dei sju tidlegare portugisiske koloniane som no er sjølvstendige land, har saman med Portugal danna Samveldet for portugisisktalande statar, CPLP.

Territoria til det portugisiske imperiet[endre | endre wikiteksten]

I Afrika[endre | endre wikiteksten]

  • Angola/Portugisisk Vest-Afrika - koloni (1575-1589); kronkoloni (1589-1951); oversjøisk provins (1951-1971); delstat (1971-1975). Uavhengig 1975.
  • Arguin/Arguim - (1455-1633)
  • Accra (1557-1578)
  • Cabinda - protektorat (1883-1887); Congo, distrikt (1887-1921); intendat under Maquela (1921-1922); underordna Zaire, distrikt (1922-1930); Intendat under Zaire og Cabinda (1930-1932); intendat under Angola (1932-1934); underordna Angola (1934-1945); gjenoppretta som distrikt (1946-1975). Kontrollert av Frente Nacional para a Libertação de Angola (Den nasjonale angolanske frigjeringsfronten) som del av det uavhengige Angola i 1975. Cabinda erklært som republikk i 1975, ikkje anerkjent av Portugal eller Angola.
  • Cabo Verde/Cape Verde - busetjingar (1462-1495); underlagt kronkoloniane (1495-1587); kronkoloni (1587-1951); oversjøisk provins (1951-1974); sjølvstendig republikk (1974-1975). Uavhengig i 1975.
  • Ceuta - erobra territorium (1415-1640). Blei spansk 1640.
  • Elmina - erobra territorium (1482-1637)
  • Fernando Póo og Annobón - koloniar (1474-1778). Gitt til Spania i 1778.
  • Den portugisiske gullkysten - (1482-1642), overgitt til Den nederlandske gullkysten i 1642
Det portugisiske flagget blir fira for siste gong i Guinea-Bissau i 1974
  • Guiné Portuguesa/Portugisisk guinea - koloni (1879-1951); oversjøisk provins (1951-1974). Unilateralt sjølvstende erklært i 1973, anerkjent av Portugal i 1974.
    • Cacheu - kapitani (1640-1879). Slått saman med Bissau i 1879.
    • Bissau - busetjing under Cacheu (1687-1696); kapitani (1696-1707); forlate (1707-1753); separat koloni under Kapp Verde (1753-1879). Slått saman med Cacehu i 1879.
  • Madagaskar - sørlege del (1496-1550)
  • Madeira - erobra territorium (1418-1420); koloni (1420-1580); kronkoloni (1580-1834); autonomt distrikt (1834-1976). Omgjort til autonom region i 1976.
  • Mascarene-øyane - festa utpost (1498-1540)
  • Malindi - okkupasjon (1500-1630)
  • Mombasa - okkupasjon (1593-1638); koloni under Goa (1638-1698; 1728-1729). Under Oman i 1729.
  • Marokko -enklaver
  • Mosambik/Portugisisk Aust-Afrika) - erobring (1498-1501); under Goa (1501-1569); generalkapitani (1569-1609); koloni under Goa (1609-1752); koloni (1752-1951); oversjøisk provins (1951-1971); delstat (1971-1974); lokal overgangsregjering (1974-1975). Uavhengig i 1975.
  • Quíloa (1505-1512)
  • Saint Laurent-øyane (Madagascar) - befesta utpost (1498-1540)
  • São João Baptista de Ajudá - fort under Brasil (1721-1730); under São Tomé og Príncipe (1865-1869). Annektert av Dahomey i 1961.
  • São Tomé e Príncipe - kronkoloni (1753-1951); oversjøisk provins (1951-1971); lokalt administrert (1971-1975). Uavhengig i 1975.
    • São Tomé - Erobring (1470-1485); koloni (1485-1522); kronkoloni (1522-1641); administrert under nederlandsk okkupasjon (1641-1648). Okkupert av Frankrike i 1648.
    • Príncipe - koloni (1500-1573). Slått saman med São Tomé i 1573.
  • Tanger - erobring (1471-1662). Gitt til England i 1662.
  • Zanzibar - erobring (1503-1698). Vart del av Oman i 1698.
  • Ziguinchor - erobring (1645-1888). Gitt til Frankrike i 1888.

I Nord-Amerika og Nord-Atlanteren[endre | endre wikiteksten]

I Sentral- og Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

  • Barbados - Erobring kjend som Os Barbados, oppdaga av Pedro Campos i 1536 som eit eksilområde for brasilianske jødar. Det einaste territoriet i Karibien som portugisarane hadde i 84 år før Portugal forlét øya til fordel for oppdagingsferder nærmare Brasil.
  • Brasil - Erobra territorium kjend som Ilha de Santa Cruz, seinare Terra de Vera Cruz (1500-1530); koloni (1530- 1714); visekongedøme (1714-1815); kongedøme under Det sameinte kongeriket Portugal (1815-1822), uavhengig i 1822.
  • Cisplatina (Uruguay) - erobring (1808-1822). Kapitani i 1817 (del av Det sameinte kongedømet Portugal, Brasil og Algarves). Innlemma i det nye brasilianske imperium i 1822. Uavhengig i 1827, endra namn til Uruguay.
  • Fransk Guyana - erobring (1809-1817). Tilbake til Frankrike i 1817.
  • Nova Colônia do Sacramento - Koloni i dagens Uruguay (1680; 1683-1705; 1715-1777). Gitt til Spania i 1777.

I Asia og Oseania[endre | endre wikiteksten]

  • Bandaøyane (1512-1621)
  • Bahrain - erobring (1521-1602)
  • Burma - busett av portugisiske handelsmenn på 1600-talet og styrt av Felipe de Britto (koloni kalla for Syriam, endra namn til Thanlyn).
  • Ceylon (Sri Lanka) - koloni (1597-1658). Nederlendarane tok kontroll i 1656, Jaffna blei tatt i 1658.
  • Flores i Indonesia - erobring (1500-1800-talet)
  • Gamru/Bandar Abbas - erobring (1506-1615)
  • Hormuz/Ormuz - erobring under Goa (1515-1622). Innlemma i Persarriket i 1622.
  • Lakkadivane (1498-1545)
  • Macau/Macao - busetjing (1553-1557), territorium under Goa (1557-1844); oversjøisk provins (1844-1883); kombinert oversjøisk provins med Aust-Timor under Goa (1883-1951); oversjøisk provins (1951-1976); Kinesisk territoium under portugisisk administrasjon (1976-1999). Tilbake til Kina som ein særskilt administrert region i 1999.
  • Makassar (1512-1665)
  • Malakka - busetjing (1511-1641); tapt til Nederland
  • Maldivane - erobring (1518-1521, 1558-1573)
  • Molukkane
  • Muskat - erobring (1515-1650)
  • Nagasaki (Deshima) (1571-1639)
  • Índia Portuguesa/Portugisisk India- oversjøisk provins (1946-1962). Overtatt av India i 1962 og anerkjend av Portugal i 1974.
  • Sokotra - erobring (1506-1511). Vart del av Mahri-sultanatet Qishn og Suqutra
  • Timor-Leste (Aust-Timor) - koloni under Portugisisk India (1642-1844); under Macau (1844-1896); eigen koloni (1896-1951); oversjøisk territorium (1951-1975); erklært republikk og erklært unilateralt uavhengig, annektert av Indonesia (1975-1999, anerkjend av FN som portugisisk territorium). Administrert av FN frå 1999 til det vart uavhengig i 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!