Fuerteventura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fuerteventura
Flagget til Fuerteventura
Flagget til Fuerteventura
Geografi
FU Canarias.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°20′N 14°1′WKoordinatar: 28°20′N 14°1′W
Øygruppe Kanariøyane
Areal 1660 km²
Lengd 100 km
Breidd 31 km
Høgaste punkt Pico de Jandía (807 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Las Palmas
Største busetnad Puerto del Rosario (28 357 innb.)
Demografi
Folketal 74 983 (2003)
Folketettleik 45 /km²
Morro Jable

Fuerteventura er ei spansk øy og ei av Kanariøyane i Atlanterhavet utanfor kysten av Afrika. Øya har eit areal på 1660 km² og er den nest største i øygruppa etter Tenerife.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at dei første busetjarane på øya kom her frå Nord-Afrika. Ordet Mahorero (Majorero) eller Maho vert framleis nytta i dag for å skildra folket på Fuerteventura og kjem frå det antikke ordet 'mahos' som tyder ein geiteskinnssko som dei opphavlege innbyggjarane gjekk med. Dei budde i grotter og delvis underjordiske bustader. Eit par av desse er grave ut i lag med tidlege verktøy og keramikk. I antikken vart øya mellom anna kalla Planaria, som viste til det flate landskapet.

På 1000-talet f.Kr. kom fønikiske nybyggjarar til Fuerteventura og Lanzarote. I 850 f.Kr. vart øya nemnd av Homer i Odysseen.

Fleire spanske og portugisiske ekspedisjonar kom til øya rundt 1340. Ho vart busett av maurarar og vart plaga av europeiske slavehaldarar.

I 1405 tok den franske erobraren Jean de Bethencourt øya og gav namnet sitt til den tidlegare hovudstaden, Betancuria, på vestkysten. Puerto Rosario tok over som hovudstad på øya i 1835. Namnet på øya trur ein kjem frå Bethencourt som sa «Que forte aventure!» («For eit flott eventyr!»). Namnet Fuerteventura tyder direkte omsett «stor lykke» frå spansk til norsk.

I 1852 vart frihandelssonen strekt av Isabella II til Kanariøyane. Militærstyret på øyane starta frå 1708 og vart oppløyst i 1859, og Puerto de Cabras (i dag Puerto del Rosario) vart den nye hovudstaden.

Kanariøyane fekk retten til sjølvstyre i 1912.

I 1927 vart Fuerteventura og Lanzarote ein del av provinsen Gran Canaria.

I 1940-åra fekk øya flyplass, like vest for Puerto del Rosario. Turismen kom til øya på midten av 1960-talet då den nye flyplassen ved El Mattoral og dei første turisthotella vart bygde.

Setet for øyrådet (cabildo insular) ligg i Puerto del Rosario. Det bur litt over 70 000 innbyggjarar på øya.

Sidan øya ligg nær Afrika, prøver mange ulovlege afrikanske innvandrarar å kome seg til EU via øya. Det er ei farleg båtreise frå Marokko.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei lange øya har eit areal på 1660 km². Øya er 100 km lang og 31 km brei.

Øya er ein del av provinsen Las Palmas og er delt inn i seks kommunar:

100 busetnader ligg spreidd i desse kommunane. Den nærliggande øya Islote de Lobos er ein del av kommunen La Oliva.

Øya ligg berre om lag 100 km frå kysten av Nord-Afrika og er den nest største av Kanariøyane etter Tenerife. Ho har dei lengste strendene i øygruppa og er eit paradis for turistar som ynskjer sol, strender og vassport.

Øya ligg på same breiddegrad som Florida og Mexico og temperaturane her går sjeldan under 18 °C eller over 24 °C. Det finst 152 strender langs kysten, 50 km av dei med fin, kvit sand, og 25 km med svart vulkansk grus.

Det høgaste punktet på Fuerteventura er Jandía (807 moh) sørvest på øya. Øya er delt inn i to delar, den nordlege delen Maxorata og den sørvestlege delen som ein kallar Jandíahalvøya. Øya har færrast innbyggjarar av dei store Kanariøyane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fuerteventura er den eldste av Kanariøyane og oppstod under eit vulkanutbrot for 20 millionar år sidan. Det meste av øya vart skapt for om lag 5 millionar år sidan og har sidan vorte erodert av vind og vêr. På havbotn vest for øya ligg ein 22 km lang og 11 km steinblokk som ser ut til å ha glidd av øya ein gong i førhistoria. Noko liknande ventar ein vil skje med Cumbre Vieja, ei geologisk forkasting på naboøya La Palma. Den siste vulkanske aktiviteten på Fuerteventura gav seg for 4000 til 5000 år sidan.

Klima[endre | endre wikiteksten]

El Cotillo-stranda, nordvest på øya.

Klimaet på øya er behageleg året rundt. Havet rundt fører til at den varme vinden frå Sahara vert avkjølt. Om vinteren varierer temperaturane frå 22 °C om dagen til 15 °C om natta, medan ein om sommaren kan få temperaturar mellom 35 °C og 20 °C grader. Øya har ein nedbørsnormal på om lag 147 mm i året, og det meste av dette kjem om vinteren. Øya vert stundom råka av sandstormar frå Sahara (liknande sjirokko), som gjev periodar med høge temperaturar, dårleg sikt og tørr luft. Temperaturane under dette fenomenet kan stige med 10 °C. Vinden fører med seg fin, kvit sand, og sikta kan falle til 100-200 meter eller mindre. Stundom fører vinden òg med seg afrikanske grashopper. Dei lokale innbyggjarane kallar fenomenet «calima».

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Fuerteventura

Hovudnæringa på Fuerteventura er basert på turisme. Andre næringar er fiske, jordbruk (korn og grønsaker) og føretaksverksemd. Dei største turistområda er byane Corralejo i nord og Morro Jable i Jandia, samt reine turistsenter som Caleta de Fuste / Costa Caleta sør for Puerto del Rosario.

Majorero-ost er ein lokal ost laga frå mjølk av dei lokale majorera-geitene.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Dei første turisthotella vart bygd i 1965 i samband med Fuerteventura lufthamn ved El Mattoral. Furteventura har over 3000 soltimar i året og er ein av dei store turistdestinasjonane i Europa.

Passatvinden om sommaren og dønningane frå Atlanterhavet om vinteren gjer at øya er eit surfeparadis året rundt. Seglarar, dykkarar og sportsfiskarar kjem alle til det krystallblåe vatnet der ein kan sjå både kval, delfinar, sverdfisk og skjelpadder.

Fjelltoppen Cardón (619 m), utsyn frå vest

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fuerteventura

Kjelder[endre | endre wikiteksten]