Karl Seglem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Seglem

Karl Seglem, Sigurd Hole og Gisle Torvik under Vossajazz 2014
Fødd8. juli 1961 (62 år)
FødestadÅrdalstangen
OpphavNoreg
Sjangerjazz, folkemusikk
Instrumentsaksofon, bukkehorn
PlateselskapNORCD
Verka somjazzmusikar, komponist, saksofonist
PrisarBuddyprisen, Egil Storbekkens musikkpris, Kardemommestipendiet

Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.

Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.

Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Waves (2015)
  • Live in Germany (2015)
  • WorldJazz (2015)
  • Lærad (The tree) (2015)
  • Som spor (2014)
  • NyeSongar.no (2013)
  • Ossicles (2010)
  • NORSKjazz.no (2009)
  • Skoddeheimen (2009)
  • Draumkvedet (2009) (med Berit Opheim Versto)
  • Urbs (2007)
  • Dikt (2006) (med Jon Fosse)
  • Reik (2005)
  • Femstein (2004)
  • New north (2004)
  • Nye nord (2002)
  • Spir (1998)
  • Struggle for life (1998) (filmmusikk Norsk Villakssenter)
  • Tya (1997) (med Reidar Skår)
  • Prosa (1996) (med Jon Fosse)
  • Rit (1994)
  • Sogn-a-Song (1991)
  • Poems for trio (1988)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 – Pao sågnamaol : frå skrivetevlingane skipa til av Sogn Mållag (Naustdal: Sogn og Fjordane Magasin)  [Av innhaldet: Sågna-elegi (frao ain gamadl kadl) / Karl Seglem]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Syng ein song / Karl Seglem]
  • 2009 – Eventyrboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Første fabel om Opus / Karl Seglem]
  • 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Ologningane på det blå fjellet / Karl Seglem]
  • 2013 – Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Gnaolaradn og Ævrakliv / Karl Seglem]
  • 2016 – Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-239-6  [Av innhaldet: Opus og dei fargerike bålleskvattane / Karl Seglem]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Prisar, utmerkingar og stipend (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]