Karl Aleksander av Lorraine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyrst Karl Aleksander av Lorraine
Karl Aleksander av Lorraine sitt palass i Brussel. Om lag 1760.

Fyrst Karl Aleksander av Lorraine (12. desember 17124. juli 1780) var son av Leopold Josef, hertug av Lorraine og Élisabeth Charlotte d'Orléans.

Då den eldste bror hans Frans Stefan, hertug av Lorraine, gifta seg med erkehertuginne Maria Teresia, dotter til keisar Karl VI, gjekk Karl Aleksander inn i keisaren si teneste i 1737.

Under den austerrikske arvefølgjekrigen var han ein av dei øvste austerrikske kommandørane, og var mest kjend for nederlaget hans for Fredrik den store i slaget ved Chotusitzi 1742, og slaget i Hohenfriedberg i 1745. Han vart òg slått av Moritz av Sachsen i slaget ved Rocoux i 1746.

7. januar 1744 gifta han seg med den einaste systera til Maria Teresia, erkehertuginne Maria Anna av Austerrike. Paret vart guvernørar av Dei austerrikske Nederlanda. Sjølv om Maria Anna døydde seinare same året, heldt Karl fram som guvernør fram til han døydde i 1780. Han vart særs populær og vart òg stormeister av Den tyske riddarordenen i 1761.

Under sjuårskrigen kommanderte han den austerrikske hæren i slaget ved Praha, der han igjen vart slått. Han slo seinare ein mindre prøyssisk hær i 1757 i slaget ved Breslau, før han igjen leid nederlag for Fredrik II av Preussen i slaget ved Leuthen.

Etter det siste nederlaget vart Karl erstatta av Leopold Josef av Daun og trekte seg frå militærtenesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]