Slaget ved Leuthen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Leuthen
Del av Sjuårskrigen
Battle leuthen shift.gif
Styrkane til Fredrik marsjerer rundt åsane for å angripe den austerrikske flanken.
Dato 5. desember 1757
Stad Leuthen, Prøyssisk Sclesien i dagens Poland
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Preussen 1750-1802 Preussen Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Kommandantar
Fredrik den store Karl Aleksander av Lorraine
Styrkar
36 000
167 kanonar
80 000
210 kanonar
Tap
1 141 døde
5118 skadde
85 fanga
3000 døde
7000 skadde
12 000 fanga
51 flagg
116 kanonar

Slaget ved Leuthen vart utkjempa den 5. desember 1757 og Fredrik den store og den prøyssiske armeen hans nytta manøver og terreng for å slå den langt større austerrikske hæren under Karl Aleksander av Lorraine, og på den måten sikre prøyssisk kontroll over Schlesien i sjuårskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan Fredrik den store dreiv på i sentrale område av Tyskland og slo ein samla fransk-keisarleg hær i slaget ved Rossbach, hadde austerrikarane sakte klart å vinne tilbake Schlesien. Fredrik kom til området den 28. november og oppdaga at den viktigaste byen i Schlesien, Breslau (Wrocław) akkurat hadde falle til austerrikarane. Han kom til nær Leuthen (Lutynia) og oppdaga at fienden hadde ein dobbelt så stor hær som han. Han håpte på å vinne ein stor siger og ikkje gå på eit stortap. Kommandantane som leia den austerrikske hæren hadde tidlegare krangla om dei skulle marsjere til Breslau for å møte Fredrik der, og Karl Aleksander hadde vunne diskusjonen. Vêret var tåkete og heile området hadde ein gong vore ekserserplass for den prøyssiske hæren, så Fredrik den store kjende terrenget godt.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Fredrik marsjerte direkte mot den austerrikske hæren som var stasjonært rundt Leuthen, og fronten strekte seg heile 7-8 km. Den austerrikske hæren var strekt ut over ei så stor linje for å hindre at han vart angripe i flanken av Fredrik, sidan dette var taktikken Fredrik oftast nytta. Dette viste seg å skulle vere ein særs mislukka taktikk for austerrikarane. Fredrik let kavaleriet hans gå til åtak på Borna som ein skinmanøver, for så å vende seg mot den austerrikske høgreflanken, slik at det såg ut som dei gjekk i spissen for eit åtak på denne delen av den austerrikske hæren. Ved å skjerme hæren sin med kavaleriet flytta Fredrik det disiplinerte infanteriet sitt mot den austerrikske venstreflanken i kolonnar.

Manøver[endre | endre wikiteksten]

Infanteriet marsjerte sørover, utanfor synsvidde for austerrikarane, bak nokre låge åsar. Sjølv om Karl Aleksander av Lorraine sat i tårnet på kyrkja i Leuthen, kunne han ikkje sjå noko og svarte med å flytte reservane sine til høgreflanken, i staden for til venstreflanken, som no var i stor fare. Den prøyssiske hæren såg ut til å ha forsvunne i lause lufta og for austerrikarane virka det som ein retrett. Karl av Lorraine skal ha sagt «Dei gode karane forlet oss, la dei berre dra». Men då spissen av dei to særs godt innøvde kolonnane hadde passert forbi den austerrikske venstreflanken, snudde dei mot venstre ved Lobetinz og heile den prøyssiske hæren låg i frontlinja, nesten rettvinkla til den austerrikske linja. Prøyssarane hadde gjort ein manøver med heile hæren sin, liknande manøvrane spartanarane nytta for å angripe sine fiendar langs flanken. I tida då lineær krigføring var vanleg var ein slik flankemanøver særs effektiv. Dei svakaste soldatane i den austerrikske hæren vart plassert på venstreflaneken fordi dei var verna av åsane og fordi ein tvilte på stridseigenskapane deira.

Austerriksk kollaps[endre | endre wikiteksten]

Det prøyssiske infanteriet, i dei to vanlege kamplinjene, rykte så fram og valsa nedover den austerrikske flanken. Fredrik var særs heldig denne dagen, for ikkje berre hadde Karl flytta kavaleriet frå venstre- til høgreflanken, men infanteriet på venstresida bestod av protestantar frå Wurttemberg som hadde sympati med dei protestantiske prøyssarane. Etter å ha avfyrt eit par halvhjerta geværsalvar, brøyt dei rekkjene i fronten føre dei framrykkande prøyssarane. Dei andre austerrikske infanteristane, som vart angripe av 12-punds prøyssisk artilleri og kraftige salvar frå dei framrykkande prøyssarane, brøyt òg raskt rekkjene. Karl fekk raskt troppane frå høgre til venstre, og danna i all hast ei linje langs byen Leuthen (tidlegare det austerrikske senteret). Austerrikarane prøvde desperat å omorganisere linja si, men sidan frontlinja deira var så lang, tok det soldatane frå høgreflanken ein og ein halv time å kome på plass. Den lange prøyssiske frontlinja stoppa ikkje framrykkinga eitt einaste sekund og gjekk til åtak på Leuthen med artilleristøtte. I løpet av førti minuttar tok dei målbevisste prøyssarane landsbyen medan artilleria til begge hærane gøyv laus på kvarandre. Det austerrikske kavaleriet såg den eksponerte prøyssiske linja og skunda seg for å ta dei langs flanken å vinne slaget, men det prøyssiske kavaleriet kom mellom dei og gjekk hardt til åtak. Kavaleritrefninga dreiv raskt inn i den austerrikske linja bak Leuthen og skapte stor forvirring og blodbad. Den austerrikske linja braut frå kvarandre og slaget var over i løpet av tre timar. Etter å ha sett at armeen hans gjekk mot tap skal Karl av Lorraine ha sagt, «eg kan ikkje tru det!»

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Nøkkelen til sigeren i slaget var manøvrane før slaget tok til. Fredrik den store klarte å skjule kva han hadde tenkt å gjere og slo særs overraskande til mot fienden, der fienden var svakast, ein taktikk som kan minne om Bewegungskrieg, i dag som regel kjend som Blitzkrieg. Austerrikarane fall tilbake til Böhmen, og redda Schleisen for Preussen. Dette var Fredrik den store sin største siger noko gong og viste igjen den overlegne styrken til det prøyssiske infanteriet på denne tida. Like etter sa Maria Teresia av Austerrike opp Karl Aleksander, som var svigerbror hennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]