Frans I Stefan av Det tysk-romerske riket
| Frans I Stefan | |
| Tysk-romersk keisar, konge av romarane storhertug av Toscana hertug av Teschen og Lorrain |
|
| Regjeringstid | 1740-1765 |
|---|---|
| Fødd | 8. desember 1708 |
| Fødestad | Nancy |
| Død | 18. august 1765 (56 år gammal) |
| Dødsstad | Innsbruck |
| Gravlagd | Kapuzinarkrypta i Wien |
| Føregjengar | Karl VII |
| Etterfølgjar | Josef II |
| Kongehus | Huset Lorraine |
| Far | Leopold, hertug av Lorraine |
| Mor | Élisabeth Charlotte d'Orléans |
Frans I Stefan (tysk Franz I Stephan) (fødd 8. desember 1708 i Nancy, død 18. august 1765 i Innsbruck) var konge av dei habsburgske landområda (som i dag utgjer Austerrike, Slovenia, Slavonia, Tsjekkia, Slovakia og Ungern) frå 1740 og tysk-romersk keisar 1745-1765. Frans Stefan var son av hertug Leopold av Lorraine, som var etterkomar av Kristian II av Danmark si dotter Kristina av Oldenburg. Han tok over trona i Lorraine etter far sin i 1729, men som følgje av den polske arvefølgjekrigen vart han tvungen til å byte Lorraine mot storhertugdømet Toscana; som storhertug av Toscana vart han kalla Francesco II.
I 1736 gifta han seg med Maria Theresia. Under den austerrikske arvefølgjekrigen, som kom til då Maria Teresia var einaste arving til trona etter Karl VI, sikra kona hans at han vart vald til keisar av Det tysk-romerske riket den 13. september 1745, som etterfølgjar av Karl VII.
I ekteskapet med Maria Teresia fekk han heile 16 born, mellom anna Josef II, Leopold II og Marie Antoinette.
Frans I døydde av eit hjerneslag den 18. august 1765.
| Føregjengar Karl VII |
Konge av Tyskland og tysk-romersk keisar 1745–1765 |
Etterfylgjar Josef II |