Karl Dönitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Dönitz

Karl Dönitz (16. september 189124. desember 1980) var ein tysk marineoffiser og rikspresident i Tyskland.

Dönitz var fødd i Grünau nær Berlin. Han gjekk inn i den tyske marinen i 1910, og deltok i den første verdskrigen, til han blei teken som krigsfange av britane. Under den andre verdskrigen var han først leiar for det tyske ubåtvesenet og seinare storadmiral, leiar av den tyske marinen, utan nokon gong å melda seg inn i nazistpartiet. Dönitz stod mellom anna for den tyske U-båtkrigen mot alle allierte skip i Atlanterhavet. Han kom sjølv til å mista begge sønene sine, Klaus og Peter, då tyske krigsskip blei torpederte av dei allierte.

Etter at Adolf Hitler tok livet sitt den 30. april 1945 blei Dönitz tysk president i følgje til testamentet hans. Den 7. mai gav han general Alfred Jodl løyve til å kapitulera utan vilkår til dei allierte. Regjeringa til Dönitz blei ikkje godkjend av dei allierte, og alle medlemmene blei arresterte av britiske troppar den 23. mai i Flensburg.

Ved krigsdomstolen i Nürnberg blei Dönitz tiltalt for aggressiv krigføring og brot mot krigslovane, men ikkje for brot mot menneskja, slik mange andre tidlegare tyske leiarar blei. Sjølv om Dönitz hevda at amerikanske styrkar hadde gjort alt det same hans folk hadde, blei han funnen skuldig, og dømt til elleve og eit halvt år i fengsel. Fleire allierte offiserar var imot dommen, og sende støtteerklæringar til Dönitz.

Dönitz sona ti år i Spandaufengselet i Berlin før han blei sluppen fri den 1. oktober 1956. Han flytta til landsbyen Aumühle i Schleswig-Holstein, nær Hamburg. Der skreiv han memoarane sine. Zehn Jahre, Zwanzig Tage kom ut i 1958 og skildra krigserfaringane hans. Mein wechselvolles Leben frå 1968 dreidde seg om livet til Dönitz før 1934, og fekk mindre merksemd. Dei to titlane blei seinare slått saman til eitt verk.

Dönitz døydde julaftan 1980 i Aumühle, og blei gravlagd den 6. januar året etter. Under gravferda blei han heidra av utanlandske marineoffiserar og tidlegare fiendar.