Kazanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kazanka
elv
Kazanka i Kazan
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 600 km²
Lengd 142 km
Middelvassføring 299 /s
Kjelde Bimeri i Tatarstan
Munning Kuybysjev-reservoaret i Volga
 - høgd 53 moh.
Kart
Kazanka
55°48′25″N 49°09′38″E / 55.806944444444°N 49.160555555556°E / 55.806944444444; 49.160555555556
Wikimedia Commons: Kazanka River

Kazanka eller Qazansu (russisk Казанка; tatarisk Казансу eller Qazansu) er ei elv i Tatarstan i Russland, og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Ho spring ut nær landsbyen Bimeri i Arsk rajon og munnar ut i Kuybysjev-reservoaret i Kazan, nær Kazan Kreml. Ein anna by ved Kazanka er Arsk og den historiske Iske Qazan.

Elva er 142 km lang. Dei største sideelvane hennar er Ija, Kismes, Sjimjakovka og Sölä. Historisek rann Bolaq-kanalen til Kazanka, før dei vart skild frå kvarandre av ei demning i 1957. Den største vassføringa hennar er 299 m³/s. Elva har status som eit «nasjonalmonument» i Tatarstan.

Under bygginga av Kuybyshev-reservoaret vart den nedre delen av Kazankadalen oversvømd. Delar av elveleiet vart skild frå reservoaret av demningar, og nye elvebreidder vart konstruert.

Kazanka deler Kazan i to like delar. Det er seks bruer over Kazanka i byen, den mest kjende av desse er Milleniumbrua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]