Arsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arsk
Арск
Byvåpenet til Arsk
Byvåpenet til Arsk


Plassering
Arsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tatarstan
Grunnlagd
Bystatus
1200-talet
2008
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

17 754
Koordinatar 56°5′26″N 49°52′35″EKoordinatar: 56°5′26″N 49°52′35″E
Høgd over havet 97 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 422000
Retningsnummer (tlf) +7 84366
Bilnummer 16,116

Arsk eller Artsja (russisk Арск, tatarisk Арск - Arça) er ein by i Tatarstan i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av elva Kazanka, 65 km frå Kazan, hovudstaden i republikken. Arsk er òg ein stasjon på jernbanelinja Kazan-Agryz. Han vart grunnlagd på 1200-talet av volga-bulgararar.

Byen var ein hovudstad i Arsk Darugha (Arça daruğası) under Kazan-khanatet. Arsk var ein av dei sterkare festningane i khanatet. Han var erobra av den russiske armeen under fyrst Vorotynskij i 1552. I 1606 vart han ombygd til ei russisk festning. I 1708–1796 var han senter for Arskij Ujezd, og frå 1781 til 1926 hadde han bystatus. I 1918 vart han erobra av antibolsjevikske bønder. Frå 1920 til 1930 var han senter i Arskij kanton. Han vart ein urbanliknande busetnad i 1938 og fekk bystatus 27. juni 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]