Kazbek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kazbek
Høgd over havet 5 047 moh
Ligg i/på Georgia Georgia, Flag of Russia.svg Russland
Fjellkjede Store Kaukasus
Koordinatar 42°42′N 44°31′EKoordinatar: 42°42′N 44°31′E
Fjelltype Stratovulkan (sovande)
Siste utbrot om lag 750 fvt.
Førsteklatring 1868 - Freshfield, Moore, Tucker
Lettaste rute Klatring på is og snø

Kazbek (georgisk:მყინვარწვერი ; transkribert som Mqinvartsveri) er ein vulkan og eit av dei største fjella i Kaukasus. Det ligg på grensa mellom Georgia og Russland, og ruver over byen Kazbegi nær grensa til Nord-Ossetia. Det er det tredje høgaste fjellet i Georgia (etter Sjkhara og Janga) og det sjuande høgaste i Kaukausfjella, med ei høgd på 5 047 meter over havet. Georgiarar kallar fjellet Mqinvari som tyder «isbre» eller «Isfjell».

Kazbek ligg i fjellkjeda Khokh, ei fjellkjede som går nord for Store Kaukasus med mange gjel frå elvene Ardon og Terek. Sjølve fjellet ligg i forkastinga Borjomi-Kazbegi (som er den nordlege delen av Anatolia-forkastinga). Området har ein aktiv platetektonikk med regelmessige små jordskjelv. Eit aktivt system med varmekjelder ligg òg omkring fjellet. Kazbek er ein sovande vulkan, bygd opp av trakytt og kledd med lava. Han har form som ei dobbel kjegle der foten ligg i ei høgd på 1 770 meter. Kazbek er det høgaste av dei vulkanske kjeglene i vulkangruppa rundt Kazbegi, som òg inkluderer Khabarjina (3 142 meter).

Postkort frå 1800-talet av ein veg nær Kazbek

På grunn av dei bratte sidene på Kazbek, er ikkje isbreane her særleg store. Det totale arealet til alle isbreane på Kazbek er 135 km². I 2002 kollapsa Kolkabreen på grunn av vulkansk svovelaktivitet på nordsida av fjellet. Det var derimot ingen utbrot. Den mest kjende isbreen er Djevdorak, som kryp ned på nordaustsida og inn i eit gjel med same namn, og når ned til ei høgd på 2 295 meter. På austsida går den georgiske militærvegen gjennom Darialgjelet i ei høgd på 2 378 meter.

Toppen vart først klatra i 1868 av D. W. Freshfield, A. W. Moore og C. Tucker i lag med ein sveitsisk guide.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]