Sjkhara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjkhara
Schchara.jpg
Høgd over havet 5 200 moh[1][2]
Ligg i/på Svaneti i Georgia, Kabardino-Balkaria i Russland[3]
Fjellkjede Store Kaukasus
Koordinatar 42°59′58″N 43°06′42″EKoordinatar: 42°59′58″N 43°06′42″E
Førsteklatring 1888 - U. Almer, J. Cockin og C. Roth[4]
Lettaste rute Nordaustryggen, klatring på snø og is[4][3]

Sjkhara er det høgaste fjellet i Georgia. Det ligg i regionen Svaneti langs grensa til Russland. Sjkhara ligg 88 km nord for byen Kutaisi, den nest største byen i Georgia. Toppen ligg i sentrale delar av Store Kaukasus, søraust for Elbrus, det høgaste fjellet i Europa. Sjkhara er det tredje høgaste fjellet i Kaukasus, like bak Dykh-Tau.

Sjkhara er det høgaste punktet og den austlegaste delen av eit massiv kalla Bezingiveggen (eller Bezengi), ein 12 km lang rygg. Fjellet er ein stor og bratt topp dekt av isbrear. Nordveggen (på russisk side) er 1 500 meter høg og inneheld fleire vanskelege klatreruter. Den mindre toppen Sjkhara Vest, med ei høgd på 5 068 meter, er eit eige mål for fjellklatrarar, og å gå Bezingiveggen på tvers vert rekna som «den lengste, mest krevjande og mest forpliktande klatreekspedisjonen i Europa» [4]

Toppen vart først klatra i 1888 via nordaustryggen av eit britisk og sveitsisk lag av U. Almer, J. Cockin og C. Roth. Ruta er framleis ein av dei lettare og meir populære rutene på fjellet. Den første totale kryssinga av Bezingiveggen var i 1931 av austerrikarane K. Poppinger, K. Moldan og S. Schintlmeister.

Sjkhara vert berre klatra av «ei handfull mengd mennske» [4] kvart år på grunn av dei vanskelege rutene, høgda og den avsides plasseringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Denne høgda er teke frå World Mountaineering, Audrey Selkeld, Editor, Bulfinch Press, ISBN 0-8212-2502-2, s.68, og er støtta (innanfor 5 meter) av Peakbagger.com og andre kjelder. Nokre kjelder, som Store sovjetiske leksikon, oppgjer høgda som berre 5 068 meter, men dette er den riktige høda for den lågare vestlege toppen. Kart over området frå sovjettida gjev ei høgd på 5 158 meter på den austlege toppen, og dette kan verifiserast med å nytte eit panoramabilete teke frå Elbrus.
  2. Sjkhara på Summitpost diskuterar òg høgda på toppen.
  3. 3,0 3,1 Sjkhara på Summitpost
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 World Mountaineering, Audrey Selkeld, Editor, Bulfinch Press, ISBN 0-8212-2502-2, s.70.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]