Khalid Boulami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khalid Boulami
Statsborgarskap Marokko
Fødd 7. august 1969 (54 år)
Safi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Khalid Boulami (fødd 7. august 1969) er ein marokkansk tidlegare langdistanseløpar som på 5 000 meter i 1995 og 1997 vann VM-sølv og i 1996 OL-bronse.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Boulami markerte seg fyrste gongen då han i 1994 vart andremann på 5 000 meter under Grand Prix-finalen i Paris. Året etter sikra han seg sølvmedaljen på distansen ved verdsmeisterskapen i Göteborg, etter eit rivande spurtoppgjer var det berre den regjerande verdsmeisteren, kenyanaren Ismael Kirui, som heldt unna for Boulami. Knapt tre veker seinare sette marokkanaren personbeste med 13.03,2 i eit stemne på Olympiastadion i Berlin.

Under OL 1996 i Atlanta vart det eit drabeleg spurtoppgjer om medaljane mellom fire løparar. Her tok Boulami bronsemedaljen, bak Vénuste Niyongabo frå Burundi og sølvvinnar Paul Bitok frå Kenya, tyske Dieter Baumann enda på fjerdeplassen. Halvtanna veke etter OL-finalen flytta Boulami den personleg rekorden til 12.55,7 i Zürich.

Ved sin siste meisterskapsstart vann Boulami i Aten VM-sølv nummer to, slått einast Daniel Komen frå Kenya som sprang åleine i tet dei siste 2 000 meterane. Berre fire dagar etter VM-finalen forbetra Boulami den personlege rekorden til 12.53,4, i Zürich som året før.

Boulami la opp i 1998. Den yngre broren Brahim Boulami hevda seg mellom verdseliten i 3000 meter hinder.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]