Kjempeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjempeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
L., 1753

Kjempeslekta (Plantago) er ei slekt i kjempefamilien. Slekta omfattar 265 artar.

Medlemane har tette grågrøne aks med små tokjønna blomstrar. Dei har røyrforma krone med fire kvite eller lysbrune utbrette flikar.

Dei veks for det meste som urter med blada i rosett, og sjeldnare som buskar. Kjemper har små, lite prangande blomar som sit i tette aks eller hovud.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Stenglane av kjempe er blitt brukt til ein leik der ein kjemper om å slå akset av stengelen til den andre deltakaren. Leiken har gjeve opphav til plantenamnet.[1]

Groblad er blitt brukt i folkemedisin som omslag på sår. Planten er også blitt brukt mot bronkitt, luftvegskatarr og blærelidingar.[2]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Takson i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fire artar i kjempeslekta er opphavleg viltveksande i Noreg: groblad, dunkjempe, smalkjempe og strandkjempe. Det gjeld truleg òg flikkjempe, med ein funnstad ved Larvik, men han er òg komen inn med ballast. Nokre få andre artar er òg innførte med ballast eller som ugras, og er funne tilfeldig nokre få stader.[1][3][4]

Nokre artar har vore funne historisk eller med einskildfunn:[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kjempe». Store norske leksikon. 29. desember 2015. Henta 19. august 2018. 
  2. «Plantago» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 950–952. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre kjempeslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2023. 
  5. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 27. februar 2023. 
  7. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1169–1170. 
  • Svensk Wikipedia.