Klima i Brasil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klimaet i Brasil er lite dramatisk samanlikna med andre store land som USA og Kina. Brasil er det største landet som ligg om ekvator, og nettopp dei låge breiddegradene og mangelen på store fjellrekkjer er årsaka til det rolege klimaet.

Amazonas og Mato Grosso[endre | endre wikiteksten]

Mato Grosso-området i Brasil

Den nordvestlege tredjedelen av Brasil er dominert av det svære Amazonasbekkenet. Heile området får minst 1500 mm nedbør kvart år, stort sett i form av torevêr om ettermiddagen og stundom nattleg regnvêr. Regnmendene er størst i kvar ende av Amazonas, ved Atlanterhavskysten og ved kjeldene i vest. Dei sentrale områda langs dei vestlege område av delstaten Pará, får derimot litt mindre regn. Sjøbrisen på kysten utløyser ofte torebyer som driv vestover og når dei vestlege områda av Pará om natta, og av og til så lang vest som til Manaus i grålysninga. I høglandet Guiana lengst nord har ein mest regn frå april til september, medan områda langs og like sør for elva Amazonas får mest regn frå november til mai, men ein kan få kraftige regnbyer året rundt.

Temperaturane vert sjeldan lågare enn 23 °C eller høgare enn 31 °C i dette området. Luftfukta er høg, men vert litt lågare under den tørrare perioden. Mellom juni og september kan området derimot møte ein friagem, ein kaldfront som kjem nordover frå Argentina. Ein eller to gongar i året kan denne fronten gå så langt nord som dei øvre delane av Amazonas, og stundom så langt aust som til Manaus. Fronten kan då gje nokre dagar med overskya vêr og temperaturar som kan gå under 20 °C (eller enno lågare jo lenger sør ein kjem).

Det store låglandet og sumpområdet Mato Grosso har litt større klimatiske variasjonar gjennom året. Dette området strekkjer seg sørover frå Amazonas og vestover frå det sentrale platået. Her er ikkje regn- og torebyene like kraftige om sommaren, og i den tørre vintertida kan ein få fleire veker utan regn. Ein friagem kan derimot gje nokre dagar med skya vêr og yr, og temperaturane kan stupe i det fronten passerer. Sjølv nær 15 ºS kan ein få temperaturar ned mot 0 °C. Om våren vert det derimot varmt i Mato Grosso, og frå oktober kjem dei fleste dagane over 30 °C, men enkelte stader kan få opp mot 40 °C seint på våren og om sommaren.

Austkysten[endre | endre wikiteksten]

Ipanemastranda i Rio de Janeiro

Ein har berre svake overgangar mellom årstidene på Atlanterhavskysten av Brasil. Frå Vitória til Porto Alegre er sommarvêret som skapt for strandlivet. Rio de Janeiro og São Paolo har eit varmt og fuktig vêr med torebyer om lag kvar tredje eller fjerde dag. Lenger sør er det derimot litt sjeldnare torevêr og forholda er ikkje så lumre. Den sørlegaste kyststripa, rundt Porto Alegre, får vanlegvis nattetemperaturar under 20 °C sjølv på sommaren. Om vinteren kjem det ofte kaldfrontar opp langs kysten som gjev meir skya vêr, litt regn og lågare temperaturar. Lenger nord på kysten, ved Rio de Janeiro, fører frontane vanlegvis ikkje til meir enn litt fleire skyer, og temperaturane går som regel over 25 °C sjølv i juli.

I motsetnad til dei fleste tropiske områda, får det austlegaste området av Brasil, frå Salvador til Recife og Cabo de São Roque, mest regn på hausten og tidleg på vinteren, frå mars til august. Det er likevel ein god del sol på denne tida. Frå oktober til desember er det færre regnbyer, men det er lummert året rundt.

Platået[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale platået i Brasil har ikkje like høge temperaturar og luftfukt som på austkysten. Platået er ikkje veldig høgt, men høgt nok til at det utgjer ein skilnad. Brasilia ligg om lag 1000 m over havet og har temperaturar rundt 25 °C både om sommaren og vinteren, medan nattetemperaturen vanlegvis går under 15 °C frå mai til august. Frost er derimot sjeldan. Om vinteren har platået meir sol, mindre regn og lågare temperaturar enn kystområda. Dei vestlege delane av platået får ein del regn- og torebyer om sommaren, medan dei austlege områda får færre byer og meir sol. Dei sørlegaste områda av platået, som møter Atlanterhavet, får ein god del nedbør om vinteren, og på dei høgaste toppane kan det kome snø.

Nordeste[endre | endre wikiteksten]

Fjellformasjonar i Bahia i Brasil

Vest for Fortaleza har ein mest nedbør om sommaren og tidleg på hausten, vanlegvis frå januar til mai, medan det resten av året kjem lette regnbyer. Begge tidene på året vert våtare når ein kjem nærmare Belém. Områda innanfor, Nordeste, har det mest karakteristiske klimaet i Brasil. Frå nordlege delar av Bahia til Rio Grande do Norte kjem det lite nedbør, hovudsakleg mindre enn 1000 mm per år, og frå Petrolina og nordaustover mot kysten mindre enn 500 mm. I tillegg er nedbørsmengdene varierande frå år til år, og ein kan ha både ein god del mindre og ein god del meir enn dei gjennomsnittlege mengdene. Dei verste tørkeperiodane har ein som regel i El Niño-år