Klinkbygging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klinkbygging er ein byggemåte for trebåtar der båtborda vert festa i den forma båten skal ha før innveden vert innsett. Når innveden, band og betar, er festa, bind han båten saman på tvers og hindrar at borda rivnar. Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Ein mjuk båt vrir seg i sjøen i staden for berre å presse seg fram. Det har vorte sett på som ein fordel.

Klinkbygd båt.
Samanlikning mellom klinkbygde (engelsk: Clinker-built) og kravellbygde (Carvel-built) båtsider.

Oppbygging av båten[endre | endre wikiteksten]

Bordgangane vert klinka saman med båtsaum. Det nedste omfaret vert festa til kjølen, ofte med kjølspikar. Det neste bordet vert lagt litt nedover det første på utsida,og tilpassa. Når det er på plass, vert det bora hol for båtsaumen. Avstanden mellom saumane er gjerne ei langspann i tradisjonelle norske bruksbåtar. Saumen vert sett i hòla frå utsida. Innvendig vert det tredd ei ro, ei tynn metallskive, inn på saumen. Ho vert gjerne pressa på plass med klinkejarnet. Tynnenden av saumen vert så avklipt (eller nykt). Til slutt vert han så klinka mot roa for å feste han skikkeleg. Når alle borda i omfaret er på plass, kan dei formast ferdig i overkant og gjere klar til nytt bordomfar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]