Knocknarea

Koordinatar: 53°31′16″N 9°49′52″W / 53.52111°N 9.83111°W / 53.52111; -9.83111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knocknarea
fjell
Knocknarea med Carrowmore-grava i føregrunnen
Land  Irland
Fylke Sligo
Høgd 327 moh.
Primærfaktor 302 m
Koordinatar 53°31′16″N 9°49′52″W / 53.52111°N 9.83111°W / 53.52111; -9.83111
Kart
Knocknarea
54°15′32″N 8°34′29″W / 54.25891°N 8.57463°W / 54.25891; -8.57463
Wikimedia Commons: Knocknarea

Knocknarea (irsk Cnoc na Rí) er ein ås i County Sligo i Republikken Irland. Han dominerer landskapet vest for byen Sligo. Namnet Knocknarea vert ofte omsett til 'The Hill of the Kings' (‘Cnoc’ tyder ås og 'Rí ' tyder ‘konge’). Det er mange teoriar om kva namnet tyder, inkludert «Bøddelåsen» og «Månefjellet».

Det 327 meter høge fjellet av kalkstein stikk seg opp frå resten av landskapet på halvøya Cúil Irra mellom buktene Sligo Bay og Ballysadare. I tillegg ligg det ei stor steinrøys ‘Miosgán Medbha’ (Maeve sin smørklump) på fjelltoppen. Sjølv om røysa ikkje er graven ut, har ho form og struktur som ei ganggrav frå yngre steinalder.

Dronning Maeve si grav[endre | endre wikiteksten]

Maeve si steinrøys på toppen av Knocknarea

Dronning Maeve si steinrøys har ein diameter på 55 meter og er 10 meter høg, og ho er med det den største grava av denne typen på Irland utanfor Boynedalen. Det er estimert at det har gått med 40 000 tonn i stein i røysa. Arkeologen Stefan Bergh skriv i ei bok at det store søkket på vestsida av røysa kanskje kan ha vore steinbrotet som steinen i gravhaugen vart henta frå.

Medb eller Maeve var krigsdronninga av Connacht i keltisk mytologi. Soga om delar av regjeringstida hennar er skrive ned i ‘Táin Bó Cúailnge’ - ofte berre forkorta til ‘The Táin’ - på 1100-talet. Sjølve Táin-segna er derimot rekna for å vere mykje eldre, kanskje heilt tilbake til eit par hundreår f.Kr. På grunn av våpena og dyra i soga meiner enkelte at Dronning Maeve er frå jernalderen, men ingen veit sikkert om ho i røynda eksisterte eller ikkje. Maeve skal visstnok vere gravlagd ståande i Knocknarea-røysa, påkledd i krigsuniform og vendt mot nord og fiendane hennar i Ulster. Sjølv om ganggraver er datert til yngre steinalder har det vore tilfelle der slike graver er brukt om att i bronse- og jernalderen.

Monumentlandskapet[endre | endre wikiteksten]

Maeve si steinrøys er den største, men ikkje det einaste monumentet på toppen av Knocknarea. Det ligg òg fleire mindre graver i linje frå sør til nord. Mange av dei var ganggraver og vart kraftig øydelagd av utgravingar på 1800-talet.

Knocknarea ser ut til å ha vore ein viktig rituell stad og møteplass gjennom yngre steinalder. Ein har funne spor av hus på toppen og store mengder restar etter produksjon av steinreiskap er òg funne.

Ein har funne mange funn frå førhistorisk tid rundt heile Sligo Bay. Frå Knocknarea kan ein sjå andre slike stader som Croaghaun Mountain, den megalittiske gravplassen i Carrowkeel og Cairns Hill. Ganggrava Carrowmore ligg aust for foten av Knocknarea.

Bevaring[endre | endre wikiteksten]

Det har i aukande grad vorte snakka om vern av Knocknarea og steinrøysa på toppen, sidan fleire og fleire turistar i området har ført til øydelegging av røysa. Det er i dag ikkje lov å klatre på røysa eller ta bort steinar frå ho.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]