Knut Bjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Bjørnsen (26. juli 193214. november 2008) var ein norsk sportsjournalist, forfattar og programleiar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bjørnsen var fødd i Oslo, der han voks opp på Grünerløkka i ein idrettsinteressert familie. Som ung var Bjørnsen ein lovande skøyteløpar som mellom anna vann junior-NM i 1951.[1]

Han byrja sin journalistiske karriere som sekstenåring i bladet Sportsmannen, der han blei kjend med redaktøren Per Jorsett som han skulle ha eit omfattande samarbeid med.[2] I 1953 blei han tilsett Verdens Gang, og var der fram til han i 1961 blei tilsett i NRK. Knutsen blei verande i statskanalen i 30 år, som sportskommentator og programleiar. Knutsen kommenterte særleg meisterskap på skøyter og friidrett for radio og fjernsyn, ofte saman med Per Jorsett. For dette fekk dei to Idrettsgallaens hederspris i 2004. Bjørnsen fekk òg Norsk Lytterforenings ærespris i 1982. Som programleiar leidde Knut Bjørnsen spørjeprogrammet Kvitt eller dobbelt frå 1966 til og med 1994. I 1970 leidde han også spørjeprogrammet Avspark. Han var seinare programleiar for Lykkehjulet og ØnskebrønnenTV3. Bjørnsen presenterte òg ulike produkt i fjernsynsreklame, som på TV-shop. Bjørnsen spelte seg sjølv i to episodar av Karl & CoTV 2. Han var dommar i Isdans på TV 2 i 2007.

Gjennom karriera si gav Bjørnsen også ut fleire bøker innan ulike sjangrar, særleg om idrett. Han var redaktør for den offisielle boka etter OL på Lillehammer i 1994.

Bjørnsnen var gift to gonger, frå 1957 med Bjørg Agnete Johansen som døydde i 1983, og frå 1986 med Karin Löfblad. Han hadde to born frå det første ekteskapet. Dei siste åra av livet sitt var han busett i Svelvik.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 13 år med Kuppern & Co, 1963
  • Skøytesportens tall 1964 (med Per Jorsett), 1964
  • Små stopp i stor verden, 1966
  • Fred A. Maier forteller til Knut Bjørnsen, 1968
  • Helst mot urolig vær, 1969
  • Skøytesportens stjerner (med Per Jorsett), 1971
  • Kvitt eller trøbbel. 1000 spørsmål og svar, 1988
  • Dans! Dans! Eventyret om norske sportsdansere, 1990
  • 100 år på glattisen. 30 år bak mikrofonen, 1992
  • 70 år med vinter-OL, 1993
  • Den offisielle boken fra de XVII Olympiske vinterleker, Lillehammer 1994, 1994
  • Store norske sportsbragder i 1000 år (med Per Jorsett), 1995
  • Jakten på "Najaden" : norsk-engelsk drama på Lyngør havn, 2002
  • Gylne øyeblikk, 1999
  • Idrettshelter fra Buskerud (red. med Per Jorsett), 2005
  • Bislet blues (med Kjell Kristian Rike), 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]