Knut Brustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Brustad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1945 (78 år)
Frosta
Idrett friidrett

Knut Brustad (fødd 23. juli 1945) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Tautra i Nord-Trøndelag. Han vart noregsmeister på 800 meter åra 1967, 1968 og 1969. Brustad var medlem i Frosta Idrettslag til 1965 og representerte sidan IL i BUL.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Brustad presterte 1.50,2 og personbeste då han i 1967 vart norsk meister på 800 m. Sommaren 1968 var han i sitt livs form. Han sette livsbeste på 1500 meter då han ved eit internasjonalt stemne i svenske Västerås den 11. august vart fjerdemann på tida 3.43,1, vesttyske Bodo Tümmler vann løpet. Halvtredje veka seinare, den 29. august på Bislett stadion i Oslo, fekk han notert 1.48,7 då han vann 800-meteren i landskamp mot Spania. Tida var norsk årsbeste og hans livs beste løp. I 1969 var Brustad nest best i Noreg på begge mellomdistansane, like bak Helge Øystein Pharo på 800 m og langt bak Arne Kvalheim på 1500 m.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]