Kofi Annan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kofi Annan
Foto: Harry Wad

Kofi Atta Annan (fødd 8. april 1938) er ein diplomat frå Kumasi, i Ghana og den sjuande generalsekretæren for dei sameinte nasjonane, han hadde denne jobben frå 1. januar 1997 til 1. januar 2007. Saman med SN fekk han Nobels Fredspris i 2001.

Annan kom frå ein styrande familie; begge bestefedaene og ein onkel var stammehøvdingar. Faren hans var halvt ashanti og halvt fante medan mor hans var fante. I følgje tradisjonell ghanesisk namngjeving fortel namnet noko om fødselen til Annan. Kofi tyder at han var fødd på ein fredag, Annan at han var den fjerde ungen i familien, og Atta fortalde at han var fødd som tvilling, noko som blir sett på som svært spesielt i Ghana. Tvillingsystera Efua Atta døydde i 1991.

Kofi Annan byrja karrieren sin i SN-systemet i 1962, då han blei tilsett ved Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Kofi Annan er gift med den svenske advokaten og artisten Nane Maria Annan. Dei har tre barn, to av dei, Kojo Annan og Ama Annan, kjem frå eit tidlegare ekteskap Kofi Annan hadde, mens den tredje, Nina Cronstedt de Groot er frå Nane Maria Annan sitt tidlegare ekteskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kofi Annan
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.