Kolo Touré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolo Touré

Kolo Abib Touré (fødd 19. mars 1981 i Sokoura Bouake i Elfenbeinskysten) er ein fotballspelar som for tida speler for den britiske klubben Manchester City. Posisjon på banen er stoppar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Klubbfotball[endre | endre wikiteksten]

Touré vart oppdaga på fotballskulen i Abidjan og vart fort ein av dei største spelarane for den afrikanske klubben ASEC Mimosas. I 2000 fekk han fekk også sin første kamp for Elfenbeinskystens landslag berre 19 år gammal. Deretter fann han vegen til Europa og Arsenal i februar 2002 for £150,000. Touré fekk likevel ikkje sin debut for Arsenal før neste sesong mot Liverpool i FA Community Shield august 2002. I byrjinga spela Touré både som midtbanespelar og forsvarar. Men ettersom Martin Keown aldri vart erstatta gav Arsène Wenger han midtstopparrolla saman med Sol Campbell. Ettersom åra gjekk vart Touré kjent som ein av dei beste stopparane i Premier League og vart ein publikumsfavoritt blant Arsenal-supporterane. Han var også ein nøkkelspelar i sesongen 05-06 då Arsenal fullførte Premiership utan tap. I august 2006 signerte Touré ein ny fire-års kontrakt med Arsenal som gav han rundt £70,000 i veka. «I can see myself staying here at Arsenal for the rest of my career,» sa han. «Why would I want to leave? I love my football here, my family is settled here and the club is ambitious. It is fantastic.»

Den 28. juli 2009 vart det bekrefta at Touré hadde gått til Manchester City for 16 millionar pund.

Internasjonal fotball[endre | endre wikiteksten]

Han har spela for Elfenbeinskysten sidan 2000. Debuten hans var i april 2000 mot Rwanda. Han er eit klart førsteval i laget der bror hans Yaya Touré også er med. Han spelte alle dei 5 kampane for Elfenbeinskysten då dei i 2006 vart nummer 2 i African Cup of Nations i Egypt.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Touré har to brør som også speler fotball på internasjonalt nivå, Yaya Touré, Ibrahim Touré. Som ein praktiserande muslim bur han i lag med kona si Awo, dottera Sania og sonen Yiassin.

Karrierestatistikk[endre | endre wikiteksten]

(frå 20. august, 2006)
Klubb Sesong Liga Cup* Europa Totalt
Kampar Mål Målgivande Kampar Mål Kampar Mål Kampar Mål
Arsenal 2002-03 26 2 1 6 - 7 - 39 2
2003-04 37 1 1 8 2 10 - 55 3
2004-05 35 - - 7 - 8 1 50 1
2005-06 33 - - 1 - 12 1 46 1
2006-07 20 2 1 - - 8 - 27 1
Totalt 217 8

(* FA Cup, League Cup and FA Community Shield)

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Internasjonalt

African Cup of Nations: 2 2006

Arsenal

FA Cup vinner: 2003, 2005

FA Premiership vinner: 2003-04

Champions League finalist: 2006