Yaya Touré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yaya Touré
Personleg informasjon
Namn Gnégnéri Yaya Touré
Fødselsdato 13. mai 1983
Fødestad Bouaké i Elfenbeinskysten
Høgd 191 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Manchester City
Draktnummer 24
Ungdomsklubb
1996-2001 Elfenbeinskysten ASEC Mimosas
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001-03
2003-05
2005-06
2006-07
2007-10
2010-
Belgia Beveren
UKraina Met. Donetsk
Hellas Olympiakos
Monaco Monaco
Spania Barcelona
Flag of England.svg Manchester City
70 (3)
33 (3)
19 (3)
27 (5)
74 (4)
0 (0)
Landslag**
2004- Elfenbeinskysten Elfenbeinskysten 45 (5)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 15. april 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 15. januar 2010.

Gnégnéri Yaya Touré (fødd 13. mai 1983 i Bouaké) er ein ivoriansk fotballspelar som spelar for Manchester City i engelsk Premier League, og for landslaget til Elfenbeinskysten.

Touré forlét Elfenbeinskysten som 18-åring i 2001 og drog til Europa, først Beveren i Belgia, så Metalurh Donetsk i Ukraina, Olympiakos i Hellas og Monaco. I 2007 vart han kjøpt av det spanske topplaget Barcelona for 9 millionar euro. Han debuterte for Barcelona 26. august 2007. I 2008/09-sesongen var han ei stund ute av førstelaget til fordel for Sergio Busquets, men han vann plassen sin tilbake på nyåret i 2009. I finalen i Meisterligaen i 2009 spelte han som midtstoppar, men til vanleg spelar han som defensiv midtbanespelar. Han har vunne serien i Elfenbeinskysten i 2001 med ASEC Mimosas, den greske ligaen og cupen med Olympiakos i 2006, den spanske ligaen og cupen i 2009 og den europeiske Meisterligaen i 2009.

Touré har spelt for Elfenbeinskysten sitt landslag sidan 2004. Storebroren hans, Kolo Touré er òg ivoriansk landslagsspelar i fotball.