Kolva i Perm kraj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva Kolva i den russiske republikekn Komi, sjå Kolva ved Usa.
| Kolva | ||
| Munning | Visjera | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 460 km | |
| Middelvassføring | 95 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 13 500 km² | |
Kolva (russisk Ко́лва) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Visjera frå høgre. Elva er 460 km lang og har eit nedslagsfelt på 13 500 km².
Kolva frys til først i november og er islagt til månadsskiftet april/mai. Elva er farbar dei nedste 200-250 km under vårflaumen. Dei største sideelvane hennar er Berjozovaja og Visjerka. Byen Tsjerdyn ligg ved Kolva.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kolva (Perm kraj)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.