Kongens gate 26 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongens gate 26 i Moss

Kart
Kongens gate 26 (Moss)
59°26′10″N 10°40′05″E / 59.4361046°N 10.6679396°E / 59.4361046; 10.6679396

Kongens gate 26 er ein eldre bygard i Kongens gate i Moss sentrum. Garden er eit forretningsbygg som har romma fleire ulike butikkar sidan bygginga i 1883.[1]

Namnet til gata var opphavleg «Konggaden», som vart bestemt før 1841.[2] I 1907 vart derimot namnet omgjort til «Kongens gate». Gata var ein del av den gamle kongevegen mellom København og Christiania. Bygget er eit kulturminne og er verna etter plan- og bygningslova sidan 2018-01-04.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bybrannen[endre | endre wikiteksten]

Garden var eit av 39 hus som brann ned under bybrannen som byrja den 6. juli 1881. Brannen starta i Kongens gate og spreidde seg opp til Klostergata. Denne brannen vart på den andre sida ikkje berre negativ, men ein utnytta situasjonen og etter brannen vart, mellom anna, gatene utvida. Dette var ein av dei siste store brannane i Moss, sidan det seinare i 1890 vart etablert murtvang på bygningar i Moss sentrum.[3]

Historia[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege garden skifta eigarar fleire gonger gjennom 1800-talet. I 1880 selde kjøpmannen Ludvig Hammer bygget vidare til Anthon Henrichsen. Henrichsen var kjøpmann frå Fredrikshald. Det var Anthon Henrichsen som stod for å bygge opp garden i 1883, etter bybrannen. Dette var inga billeg oppgåve, og det er nok takka vera Henrichsens investering at bygningen står i dag. Henrichsen dreiv butikk og kontor i første etasje av garden og hadde bustad i andre etasje. Han budde saman med kona si, Thora Henrichsen, og dei seks barna deira.[4] Anthon Henrichsen eigde bygarden fram til 1910. Då selde han eigedommen vidare til kjøpmann Martin Emil Grennes.

Grennes kom frå Drammen til Moss i 1901. M.E. Grennes hadde allereie starta opp «Moss Stentøimagasin» i Kongens gate 22, men flytta etterkvart forretninga over til sin eigen gard. Sonen hans, Ivar Grennes, dreiv forretninga vidare. På 1980-talet skifta bygget endå ein gong eigarar. I dag held Domino's Pizza til i Kongens gate 26.

Eigarane[endre | endre wikiteksten]

1861-1880[endre | endre wikiteksten]

Ny eigar i 1861 var Ludvig Hammer. Han opna sin manufakturforretning som han dreiv fram til 1880, då han flytta til Bellevue.

1880-1910[endre | endre wikiteksten]

I 1880 tok kjøpmannen Anthon Henrichsen over garden og etablerte sin forretning. Henrichsen hadde bustad i andre etasje og butikk i første. Då bybrannen i Moss herja i 1881 brann bygget ned. Henrichsen bygde opp ein ny gard i mur i 1883. Han budde saman med kona si, Thora Henrichsen, og dei seks barna deira, og dessutan nokre tenestefolk. Familien Henrichsen var tydeleg meir velståande enn dei fleste andre menneske i arbeidarbyen Moss på denne tida. Anthon Henrichsen dreiv forretninga fram til 1910, då selde han garden vidare til Martin Emil Grennes.

1910-1980[endre | endre wikiteksten]

Kjøpmann Martin Emil Grennes tok over bygarden i 1910. Han kom frå Drammen til Moss i 1901 og etablerte «Moss Stentøimagasin» i Kongens gate 22[5]. Med kjøpet av Kongens gate 26 flytta han heller bedrifta over til sin eigen gard. Sonen hans, Ivar Grennes, tok sidan over og førte bedrifta vidare. På 1980-talet skifta bygarden eigarar igjen.

Byggestil[endre | endre wikiteksten]

Kongens gate 26 vart bygd i 1883, etter bybrannen som herja i Moss sentrum i 1881.[3][1] Bygningen er bygd i mur, og det er bruk av både puss og stukkatur. Bygget er typisk for historismen, som blir kjenneteikna av inspirasjonen sin frå historisk arkitektur saman med nye framstillingsmåtar. Garden har ulike stilar på fasaden i første og andre etasje. Fasaden i første etasje viser grå mursteinar plassert slik at dei dannar mønster, derimot i andre etasje er det meir bruk av murpuss og stukkatur.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 22. september 2020 
  2. «Kongens gate – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 22. september 2020 
  3. 3,0 3,1 «Bybranner – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 22. september 2020 
  4. «003 Anthon Henrichsen - 0389 Kongensgade 26 - 000 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1885 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020 
  5. «006 Martin Emil Grennes - 0055 !! - 001 Nedre Bragernes - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1885 for 0602 Drammen kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020