Konrad Adenauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konrad Adenauer

Konrad Adenauer (5. januar 187619. april 1967) var tysk kanslar i perioden 1949-1963.

Konrad Adenauer var ein djupt truande katolikk, noko som vart ein stor fordel i den politikken som skulle gjere samarbeidet, og oppmjuking i tilhøvet til Frankrike lettare, ettersom Charles de Gaulle også var katolikk.

Adenauer var jurist av yrke. Han vart politisk aktiv, og vart mellom anna borgarmestar i Köln og president for det prøyssiske statsrådet, men sidan han arbeidde mot nazistane vart han sett i fengsel under den andre verdskrigen.

Adenauer dreiv eit stort sjansespel i tida like etter andre verdskrigen. Han begynte å bli gammal, og satsa alt på samarbeid med dei allierte, altså okkupantane i Tyskland. Dette var risikabelt, då han var konfrontert med at han var ein landsforrædar. Trass i dette fekk Adenauer den største draumen sin oppfylt, eit fritt og etterkvart uavhengig Tyskland som var integrert og samarbeidde med dei andre nasjonane i Europa.