Konstitusjonell sedvanerett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konstitusjonell sedvanerett er rettsreglar basert på sedvane som regulerer tilhøva mellom dei øvste statsmaktenelovgjevande, utøvande og dømmande makt. Det britiske politiske systemet er det best kjende eksempelet på ein statsrettspraksis som i hovudsak baserer seg på konstitusjonell sedvanerett, men også Israel og New Zealand har vore utan skriftleg grunnlov. Mange av dei viktigaste endringane i det norske statsrettslege systemet har blitt til gjennom konstitusjonell sedvanerett, mellom anna innføringa av parlamentarisme.

Konstitusjonell sedvanerett kan vere i strid med reglar i eit land si skrivne grunnlov (konstitusjon), eller utfylle den på eit punkt der konstitusjonen sjølv ikkje gir noko eintydig svar. Konstitusjonelle sedvanerettsreglar blir rekna å ha lik trinnhøgde som konstitusjonen sjølv, noko som gjer at vanleg lov ikkje er nok for å setje den til side. Det krevst at sjølve den skrivne konstitusjonen blir endra, noko som i dei fleste land krev ei form for kvalifisert fleirtal (vanlegvis to tredelar). Læra om konstitusjonell sedvanerett har blitt utvikla av norske rettsteoretikarar etter kvart som det på fleire punkt har blitt lite samsvar mellom korleis den norske statsretten er de jure og korleis den er de facto. Dette kan mellom anna forklarast med grunnlovskonservatisme, der det å behalde dei opphavlege grunnlovsreglane av mange blir sett på som å ha ein eigen verdi. I mange land, for eksempel Frankrike, er det tradisjon for å nyskrive konstitusjonen ved større endringar i styresettet.

Eksempel på konstitusjonell sedvanerett i Noreg, er at Grunnlova av 1814 føreset ei personleg kongemakt. I alle fall etter 1905 er dette ikkje lenger tilfelle. Parlamentarismen vart innført i strid med reglane i Grunnlova av 1814, som sa at Kongen sjølv valde sitt råd (regjeringa) - og det står i § 12 enda. Parlamentarismen fekk sitt gjennombrot i 1884, men kom inn i grunnlova § 15 først i 2007, med ein regel om at statsrådar pliktar å gå etter mistillitsforslag. Andre eksempel på konstitusjonell sedvanerett er domstolane sin prøvingsrett av forvaltningsvedtak, og domstolane sin prøvingsrett av om lover er i strid med Grunnlova. Legalitetsprinsippet blir også rekna å vere konstitusjonell sedvanerett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]