Prøvingsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Prøvingsretten er retten til den dømande makta å prøva vedtak frå den lovgjevande makta opp mot [konstitusjon]]en og grunnlova. Det vore meir korrekt å tala om kompetansen og plikta til domstolane til å kontrollera at lova held seg innanfor dei grensene som grunnlova set. Denne kontrollen er ein del av vektene og motvektene mellom styremakter med maktfordeling seg imellom. Ein slik kontroll utvikla seg frå byrjinga av 1800-talet i USA (1803) og Noreg (1820-åra). I vår tid finst ulike versjonar av domstolskontroll i dei fleste demokratiske statar. Domstolskontrollen med lover kjem ikkje fram av noka vedteken lov i Noreg, men har vakse fram i rettspraksis sidan 1820-åra og er akseptert av dei andre statsmaktene. Han vart fyrste gong slegen offentleg fast av Høgsterett få år etter at domspremissane vart offentlege, i ein dom frå 1866.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.