Kornél Pajor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kornél Pajor

Statsborgarskap Ungarn, Sverige
Fødd 1. juli 1923
Budapest
Død

12. mai 2016 (92 år)
Sverige

Yrke skøyteløpar, arkitekt
Medlem av Budapesti Korcsolyázó Egylet
Kornél Pajor på Commons

Kornél Pajor (1. juli 192318. mai 2016) var ein ungarsk-svensk skeiseløpar fødd i Budapest, død i Sverige. Han vart verdsmeister i 1949, og tok bronsemedaljen i to europameisterskap og eitt verdsmeisterskap. Pajor konkurrerte for Ungarn til 1949, sesongane 1950 og -51 var han ISU-løpar og frå 1952 representerte han Sverige, der han slo seg til som arkitekt.

Pajor vart ungarsk meister på skeiser i 1944, 1945, 1948 og 1949. Han deltok i Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ein fjerdeplass på 10 000 meter var han beste prestasjon. Året etter vart han tredjemann i europameisterskapen i Davos, før han vart verdsmeister på Bislett stadion i Oslo. Under EM i Davos sette han verdsrekord på 5 000 meter med 8.13,5. Dagen etter vart han den fyrste som gjekk ein 10 000 meter på under 17 minuttar. Tida på milløpet vart ikkje gjeldande rekord, ettersom Hjalmar Andersen i eit seinare par skreid vel sekundet fortare.

Pajor reiste ikkje tilbake til Ungarn då 1949-sesongen gjekk mot slutten. Han søkte flyktningstatus og fekk deretter svensk statsborgarskap. I 1951 sikra han seg bronsemedaljen i skeise-VM i Davos, året etter fekk han ein EM-medalje av same valør på si nye heimebane i Östersund. Han la opp etter 1954-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Kornél Pajor – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.