Kozjevnikovbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som syner plasseringa til Kozjevnikovbukta. Hara-Tumus-halvøya ligg heilt aust.

Kozjevnikovbukta (russisk Бухта Кожевникова - Bukhta Kozjevnikova) er ei bukt sør i Khatangabukta i Laptevhavet i Russland. Ho ligg vest for Hara-Tumus-halvøya og det er ingen busetnader langs kysten. Det er ingen vegetasjon bortsett frå tundra.

I 1930-åra oppstod det eit par busetnader her då dei første isbrytarkonvoiane gjekk i fart langs Nordaustpassasjen. Det var ein liten by kalla Kozjevnikovo og ein busetnad kalla Ugol'nyy ved kysten av bukta.

Kozjevnikovbukta er 23 km brei og 48 km lang og er omkransa av lågland. Sidan klimaet i området er særs hardt, med lange arktiske vintrar, er bukta islagd det meste av året.

Kozjevnikovbukta og det omliggande området høyrer til Krasnojarsk kraj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]