Kristi Krybbe kapell
Kristi Krybbe kapell | |||
kyrkje | |||
Type | oktogon | ||
---|---|---|---|
Arkitekt | Peter Helland Hansen | ||
Teknikk | tømring | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 9. august 1959 | ||
Sitjeplassar | 50 | ||
Diverse | Kyrkja er i privat eige | ||
Kristi Krybbe kapell 65°02′44″N 13°46′15″E / 65.04555556°N 13.77083333°E |
Kristi krybbe kapell er eit åttekanta kapell frå 1959 i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Kapellet ligg i hyttegrenda Reiret, ved nørste enden av Namsvatnet, like ved Børgefjell nasjonalpark. Arkitektonisk er bygget inspirert av sørsamiske torvgammer, og har torvtak og brune tømmerveggar. Kapellet vart sett opp på dugnad og er i privat eige. Det er ope gudsteneste i kyrkja kvar sundag kl. 12 sommarstid.
Byggverket er i tømmer og har 50 plassar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kirker i Røyrvik»[daud lenkje]
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). Våre kirker: norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo. s. 216. ISBN 8275270227.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Facebook-side om kapellet
- Om Røyrvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkjaDenne kyrkjeartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.