Torvtekking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torvtak i bygda BøurFærøyane.
Foto: Erik Christensen, 2005
Torvtak i Sleggveien på Røros.
Foto: Frode Inge Helland, 1973

Torvtekking er ein type taktekking der ein vasstett membran mot taktroet blir dekt med levande torv. Torvtekte tak blir oftast kalla torvtak. I Noreg i dag er torvtak vanlegast på eldre hus i indre fjord- og dalstrøk.

Historisk var torvtak mykje bruka i byane òg, men på grunn av den store faren for smittebrann i dei tettbygde byane gjekk dei så å seie heilt or bruk. Frå 1980-åra av, da torvtak fekk ein renessanse, har det òg komme enkelte byhus med torvtak att.

Tradisjonelle torvtak har eit undertak av bord (tro), eit lag med bjørkenever og gjerne to lag torv øvst. Mange stader vart det bruka myrtorv i det nedste laget. Myrtorva drenerte betre og gav betre isolasjon mot kulda. No blir det oftast bruka plastplater med knastar som tettesjikt i staden for bjørkenever. I det øvste laget eignar myrtorva seg dårlegare fordi ho krympar lettare og sprekk opp ved uttørking.

Tradisjonell tekking med torv på never[endre | endre wikiteksten]

Torvtak i Heidal i Gudbrandsdalen.
Foto: Roede
Torvtak i forfall på utløe i Hemsedal. Torvvolen er borte, men kroken han var festa med er der enno.
Foto: Roede

Det innarbeidde namnet «torvtak» kan gje inntrykk av at torva er hovudsaka. Men torva er berre den mest synlege delen av torvtaket, som like gjerne kunne heitt «nevertak». Bjørkenever var i eldre tid den viktigaste delen av torvtaket. Never var det aktive, vasstette laget i tekkinga.

For folk flest i dag er utsjånaden poenget ved eit torvtak. Denne måten å tenkje på har opna for ulike moderne erstatningsmaterialar under torva. For om eit torvtak berre er ein måte å sjå ut på, er det ikkje så viktig kva som ligg under, berre taket ikkje lek.På eldre torvtak var derimot bjørkenever ein helt nødvendig føresetnad.

Kor viktig nevra var ser vi i at ordet tak tyder ‘never’ på setesdalsmål, mens det som i andre dialektar blir kalla tak, heiter toke i Setesdalen. Eit tak med never og torv blir kalla taktoke eller rett tak i motsetning til andre tekkemåtar.

Never er varig, vasstett, motstandsdyktig og tilgjengeleg over alt i Noreg — eit mesta ideelt materiale til takbruk. Men etter at det er flekka av bjørkestamma vil eit neverflak snart krølle seg motsett veg. Det lyt tyngast ned for ikkje å krølle seg eller blåse bort. Både trevirke og stein har vore bruka til dette, men torv er særleg godt eigna. Torv finst over alt, krev ikkje noko pengeutlegg og isolerer relativt bra mot både kulde og varme. Men oppgåva til torv er først og fremst å halde nevra på plass, så ho kan oppfylle misjonen sin som den eigentlege taktekkinga.

Torvtakshistorie[endre | endre wikiteksten]

Tak kan ha vore tekte med never og jord i uminnelege tider. Langhusa frå forhistorisk tid vart truleg oftast tekte slik, i alle fall etter at klimaet vart kaldare i eldre jarnalder, kring 500 fvt. Men strå, lyng og andre vekstar kan òg ha vore bruka, samanbunta i tjukke lag. Da lafteteknikken vart importert austfrå i vikingtida og snart fortrengte stavverk som dominerande byggjemåte, førte det neppe til endringar i så måte. Gjennom mellomalderen fortsette dei fleste husa å vera tekte med torv. Tak som var for bratte, slik som på kyrkjer og naust, vart helst tekte med bord eller spon, medan skifer kunne bli bruka til fjells og bly på nokre få kyrkjetak. Men torvtak med never var regelen.

Kanadisk rekonstruksjon av hus frå vikingtida med torvtak.
Foto: Dylan Kereluk

I bygdene var torvtak mesta einerådande til langt inn på 1700-talet, og berre i sentrale flatbygder nær byene fekk tegltak ei viss utbreiing. Først kring 1900 følgde fjellbygdene og andre utkantstrøk etter. Men da var alternativa fleire, og ofte var det skifer, bølgjeblikk, flis eller papp som erstatta torvtekkinga. På 1600- og 1700-talet fann importert teglstein vegen til bytaka, mest på rike borgarhus og på offentlege bygningar. Berre i Christiania ser det ut til at tegltekking vart gjennomført allereie etter at byen vart flytta i 1624. Enno ei stund inn på 1800-talet var mange småhus i andre byar tekte med torv eller berre bord. Større utbreiing fekk tegltaka først da norske teglverk for ålvor kom i gang sist på 1700-talet.

Bygder som framleis bruka torvtak ved inngangen til 1900-talet gjekk etterkvart over til andre tekkematerialar, men overgangen tok tid. I Hornindal var det enno i 1933 torv på ¾ av alle tak. Etter kvart vart skifer, spon og flis eller stikker meir utbreidde, deretter bølgjeblikk og papp, og så følgde sementstein, bølgjeeternitt og nye platematerialar av metall eller plast.

Men akkurat da torvtekkinga som normal metode var i ferd med å forsvinne, fekk skikken eit brått oppsving: Nasjonalromantikken og den nye nasjonalismen kring 1900 opna to nisjar for overleving. Den eine var friluftsmusea og kulturminnevernet med dei freda husa; den andre var hyttene som byfolk med begeistring for natur og friluftsliv skaffa seg.

Kring 1950 var kontinuiteten i den eldgamle torvtekkingstradisjonen broten. Det vart knapt lagt nokon nye tak med torv på alminnelege bruksbygningar, sjølv om nokre av dei gamle taka vart haldne ved like. Men på hus verna som kulturminne vart torvtaka sett på som viktige, og det same syntest mange hytteeigarar. Mange av dei tidlegaste fjellhyttene var dessutan avlagte bygdestuer som byfolk kjøpte og flytta som ein lettvint måte å skaffe seg husvære i naturen. Frå særfalla kulturminne og hytter begynte torvtaka å finne vegen tilbake til den vanlege husbygginga att. I dei seinaste tiåra har dei vorte stadig vanlegare på nye bustader og bruksbygningar — inkludert i byane.

Lokale tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Hus med torvtak i bygda BøurFærøyane.
Foto: Erik Christensen, 2005

Takvinkel[endre | endre wikiteksten]

Torvtekking vart bruka både på sperretak, åstak og mønsåstak. I nyare tid har reine sperretak vore bruka hovudsakleg på Vestlandet og med relativt bratt takvinkel, gjerne omkring 33° eller brattare. Tømrarane bruka to ulike formlar for å få den rette takvinkelen. Sperrelengda frå mønet til utsida av veggen kunne utgjera 3/5 av husbreidda. Ofte vart det lagt til 1–3 tommar ekstra på sperrelengda. Eller dei gjorde sperrene så lange som ⅔ av husbreidda. I begge falla fekk dei omtrent den takvinkelen som i mange bygder vart kalla «triungsraust», der høgda i gavltrekanten er ⅓ av husbreidda. Slakare sperretak ville gje for stort sidetrykk på langveggene. Men med brattare tak enn triungsraustet på 34° var det fare for at torva ville sige.

Reine åstak var vanlege over mesteparten av Austlandet og Trøndelag, og her var takvinkelen ofte bunden til formelen «fjordungsraust», omkring 27°. Regelen var da at høgda i gavltrekanten utgjorde ¼ av husbreidda. Heilt faste reglar for takvinkelen er det vanskeleg å påvise. Arkitekturhistorikaren Erling Gjone oppgjev at det var skikken i Gudbrandsdalen å legge ei handsbreidd til mønehøgda på store hus og trekkje frå ei handsbreidd på småe. I Hallingdal, Valdres og Setesdal ser det ut til at folk føretrekte brattare tak enn i Gudbrandsdal og Østerdalen. I desse austlegaste dalføra finst det takvinklar heilt ned til 22° — såkalla «femtungsraust». Lokalklimaet og nedbørsmengda kan ha påverka byggjeskikken. Mønsåstaket, eventuelt med to sideåsar, som i nyare tid var svært utbreidd i fjelldalane på Austlandet, fekk ofte ein takvinkel på kring 30°.

Undertak[endre | endre wikiteksten]

Underlaget for never og torv var vanlegvis et relativt plant bordtak, taktroet.[1] Med telgja yte eller grov skurflate vart troet ujamt nok til at nevra fekk godt feste. I Setesdal og nokre andre stader sa dei tradisjonelt at borda skulle leggast litt glisse, slik at nokre neverflak kunne gripe fatt i bordkantane. På åstak vart det lagt reistro frå mønet til rafta, på sperretak langtro parallelt med mønet.

Med reistro blir store takutstikk for svake. Takutstikket, som er mest utsett for roteskade, kan vanskeleg utbetrast utan å skøyte borda på første åsen. Rein reistro fanst derfor mest på småe og enkle bygningar. På større og meir forseggjorte hus med åstak gjekk reistroet berre ned til langveggen. Troet utanføre veggen bestod av langsgåande bord eller trofortro, ringved eller bruntro — bore av korte raftsperrer (i Gudbrandsdalen berre kalla rafter) frå takkanten til første åsen. Raftsperrene var gjerne telgja slik at dei smalna av oppover. Dei var nagla til åsen, men låg laust i ei skore i raftlægjet, den øvste stokken i veggen. Om dei var festa her, kunne veggene bli pressa utover om åsane bøygde seg. [2]

Bordtjukkelsen kunne variere mellom 1" og 2" og var helst over 1½" (3,5 cm). I uthus eller på mørkloft vart det bruka ukanta bord i eldre tid, som regel med vankantane ned. Kantane vart berre grovtelgja for å få bort dei største sprekkene. I stuer og loft med opne rom oppunder taket vart borda meir nøyaktig tilpassa. I nyare tid er pløygde bord blitt bruka til taktro òg.

Bordtak var ikkje heilt einerådande i gamle dagar. Andre trotypar som kan gå tilbake til forhistorisk tid har overlevd lenge nokre stader, mest under enkle tilhøve og i uthus og utmarkshus. Undertak av kløyvd virke (skived, farved) eller staur (i Gudbrandsdal «rundhællingo») er nokre slike eksempel. Sjølve ordet tro kan i seg sjølv tyde ‘stenger’ eller ‘staurar’.[3] Dermed er det rimeleg å tru at undertak med staur eller skier var det vanlegaste i eldre tider. Truleg vart bordtro berre bruka på særleg fine hus den gongen kvart bord måtte telgjast med øks frå ein kløyvd stokk, før oppgangssager gjorde borda rimelegare. Til uthus vart det ofte valt mindre kostbare og arbeidskrevande trotypar. Det finst òg opplysningar om bruk av einekvistar eller samanbunta småkvist som undertak i eldre tid, truleg på ei form for lekter eller tilfar av staur eller skier.

Never[endre | endre wikiteksten]

Bjørk finst over alt i Skandinavia nordanføre Danmark, og nevra lèt seg lett flekke av til riktig årstid. Tida føre og kring jonsok vart rekna som den beste tida for dette mange stader, avhengig av lokalt klima og høgd over havet. I mange fjellbygder kan nevra flekkast heilt til midten av august. Nevra blir teken frå tre med diameter frå 8 til 30 cm, mest mogleg rettvaksne, glatte og frie for kvistar og sår. Med ein skarp kniv skjer ein eit loddrett snitt, men ikkje gjennom bastlaget og inn i veden. Flaket blir så breitt som snittlengda og så langt som omkretsen på stamma. Til tekking kan alle format brukast, frå mesta meterlange flak til småe lappar på størrelse med ei handflate. Men idealet er jamstore flak med breidd og lengd frå 30 til 50 cm.

Treet tek ikkje skade om bastlaget får vera i fred. Men treet får eit arr i form av nydanna svart bark som vernar sårflata. Etter 7–8 år kan denne nye nevra flekkjast av òg. Ho er tjukkare og stivare enn førstegangsproduktet. I Setesdal blir denne kartnevra bruka til dei mest utsette delane av taket, blant anna som berelag for den utstikkande neverkanten på gavlen.

Etter nokre få timar vil neverflaket begynna å krumme seg motsett av retninga på trestamma. Om ein ikkje legg det i press, vil det etter kvart rulle seg ihop til ein tett rull med «innsida» ut. Derfor blir den flekte nevra lagt i lad og tørka under press på eit plant underlag av bord — kvart lag med fiberretninga på tvers av det førre laget. Øvst blir det lagt ein lem som vert nedtyngd med stein.

Tekkjardugnad[endre | endre wikiteksten]

Taktekking var ofte dugnadsarbeid som heile bedarlaget vart invitert til å delta i. Da skulle torv og never vera henta av husbonden og gardsfolket. Det var gjerne nokre erfarne eldre karar som stod for sjølve legginga på kvar sin teig, mens dei yngre spadde torv og langa never. Takflata vart delt i teigar frå ufs til møne, med ein eller to erfarne karar på kvar teig — like mange som taket var langt i alen. På grunn av vêret skulle tekkinga helst gjerast unna på éin dag, og om det trongst laut dei ta natta til hjelp.[4]

Denne dugnaden gjekk under ulike namn. På Nordmøre tala ein helst om tekkjardóna.

Neverlegging[endre | endre wikiteksten]

Never vart alltid lagt med den gule, grøne eller etter kvart brune innsida opp og ut. Da vil kanten bøye seg nedover, slik at vatnet renn lettare av. Innsida er mest vassavvisande òg. Fargen vil snart bleikne til kvitt. Berre ved takkantane er det tradisjon nokre stader at ein legg det nedste neverlaget med utsida opp for å styrke og understøtte den utstikkande kanten.

Nevra vart lagt direkte på taktroet nedanfrå (frå ufsa) og oppover, i overlappande skikt eller flo med nokre tommar avstand. Fire til seks lag har vore det vanlege etter tradisjonen i mange bygder, men opptil 16 lag er nemnt som et ideal. Da skulle taket vara i 80 til 100 år. Det må vera eit slikt tak Rikard Berge (1975) refererer til når han skriv om Telemark: «Paa troi la dei daa næveri og det so tykt at den nemnde aarestoga fraa Hestehaga hadde ein halv aln tykt næverlag. Med det same eit slikt tak var lagt, tottest næveri stande paa ende, so tykt var laget».

Gammal never var ein verdifull ressurs som helst vart bruka om att. Gammal og ny never vart bruka saman, med flak av god, ny never mellom dei gamle. Små og dårlege neverflak vart bruka til utfylling. I følgje Hjelmeland (1993) skilte vestlendingane mellom ulike kvalitetar til ulike formål, som møningsnever, yfsinganever eller korpenever (til nedre kant av taket), lågnever eller slettnever (til generell bruk) og røytenever (gammal never til utfylling).

Nevra vart aldri stifta til undertaket. Friksjonen mot taktroet og tyngda av torva var nok til å halde ho på plass. Derfor kunne det berre arbeidast med små felt i gongen før torva vart pålagt. Øvst laut neverflaka vera så lange at dei kunne brettast over mønet.

Nedst med rafta (ufsen) vart det første laget lagt med god overlapp sidevegs og med eit utstikk på 2–3" utanføre bordkanten. Nevra skulle krølle seg fint kring bordkanten så det danna ein dryppnase. Dei neste laga stakk òg utanfor kanten for å gjera han mest mogleg solid og kompakt. Denne «rullen» som avsluttar taket er det tydelegaste visuelle uttrykket for eit tradisjonelt torvtak.

Torvvolen som heldt torven på plass nedst langsmed takkanten vart som regel kledd med never på øversida og inn mot torva. Under tre- eller jarnkrokane som heldt torvvolen vart det òg lagt neverflak, medan den eigentlege nevertekkinga vart lagt oppå krokane.

På gavlane var mange ulike løysingar i bruk, alt etter tid og stad. Dei eldste taka hadde neppe vindskier — eventuelt berre «krossflak» over mønet. Seinare vart det vanleg i nokre bygder å feste vindskier under eller inntil taktroet på åstak. Dei stakk sjeldan høgare opp enn bordtaket, og da kunne nevra leggast som på tak utan vindskier. Mange stader vart nevra langs kanten lagt som elles på taket, men med eit par tommar utstikk. Andre stader vart den ytste rada med never lagt på tvers så ho krølla seg kring takkanten. Kanten kunne òg gjerast sterkare ved at dei først la ei rad never på tvers og opp-ned for å motverke nedbøying. Med tida vart det vanleg med oppstikkande vindskier, kanskje påverka av tegltak, og ofte òg når det vart lagt «åved» eller bordtak oppå torva. Da laut dei brette opp nevra mot vindskiene, og eit dekkbord vart lagt oppå.

Torvvol[endre | endre wikiteksten]

Snitt av tradisjonelt torvtak med torvvol festa med sjølvgrodde trekrokar og med røytestokk innanføre.
Tegning: Roede
Snitt av torvtak i Gudbrandsdal med torvvol festa med kolvar nagla til raftene.
Tegning: Roede

Torva vart halden på plass på den skråe takflata av ein kraftig stokk eller planke langs takkanten (rafta, ufsa). Det finst mange ulike namn på denne stokken, slik som torvvol (Gudbrandsdal), torvhald (kanskje ei litterær form av torvvol), moldvar eller ringved (Nord-Østerdalen). Det norrøne namnet var torfvǫlr. Det fanst svært mange lokale former og festemåtar for torvvolen.

Den enklaste utgåva er ein rund stokk av furu med diameter frå 10 til 20 cm. Rundstokkar har vore i bruk til alle tider når det vart stilt småe krav til kvalitet, slik som på uthus.

Meir forseggjorte hus fekk torvvolar av firhogne bjelkar eller plankar, nokre gonger med eit særskilt utforma tverrsnitt. Hogde torvvolar hadde ofte tettstilte V-forma hakk i underkanten til drenering av torva. Dei vart oftast kledde med never på tre sider, men ikkje på den synlege utsida. Nevra laut vera lang nok til å gripe fatt i og krølle seg kring forkanten, slik at ho danna ein samanhengande dryppkant. For å gje den utsette torvvolen lengre liv vart det stundom lagt ein ekstra stokk eller planke innanfor mot torva, som eit «offerskikt». Kjente namn på denne ekstrastokken er torvemat og røytestokk.

Til å feste torvvolen fanst det mange ulike løysingar:

  • Sjølvvaksne krokar, helst av eine, vart festa med trenaglar gjennom taktroet og ned i sperrer eller rafter der slike fanst. I nyare tid har spikar vore bruka. Løysinga var vanleg på enkle hus over alt i landet. Krokar danna av rotgreiner på gran eller furu kunne bli bruka i staden for eine.
  • Krokar av naturleg rotgrein eller sidegrein på «trøer» eller kløyvningar i sjølve troet. Metoden gjorde det vanskeleg å reparere skadar ved takkanten utan full omlegging.
  • Sperrer med naturleg krok av rotgrein. Her òg vart vedlikehaldet vanskeleg.
  • Trenaglar gjennom framspringande sperreendar som vil rotne med tida.
  • Grankvistar (eller einekvister?) tredde gjennom hol i torvvolen. Kvisten hadde eit «hovud» i den tjukke enden, der kvisten voks ut av trestamma. Den tynne enden vart nagla eller spikra til bordtaket.
  • Kolvar av furu eller anna virke som vart telgja til ei spesiell form og tredde gjennom torvvolen. På utsida hadde kolven eit «hovud» som heldt torvvolen fast. Resten bestod av eit alenlangt skaft som var nagla til taktroet, og helst ned i sperre eller raft òg. Kolvhovuda kunne gjerast til dekorative element langs takkanten. Dei kunne vera verna av ei remse never som følgte med gjennom holet i torvvolen. Kolven hadde rett skaft om torvvolen hang utanføre takkanten, og svinga skaft om han kvilte oppå troet. Tradisjonen for bruk av kolvar har vore særleg sterk i Gudbrandsdalen.
  • Jarnkrokar av flatjarn, eventuelt med krokenden dekorativt utsmidd og med det lengste vinkelbeinet spikra til bordtaket. Jarnkrokar fekk gjennomslag særleg på 1900-talet, men eldre eksempel finst òg. Krokane kunne òg bøyast til av gamle hesteskor.

Gavl-løysingar[endre | endre wikiteksten]

Torvvolen var heilt nødvendig ved takfoten for å halde torva på plass. Ein tilsvarande kant var ikkje like viktig på gavlane, men i mange strøk vart det lagt til eit vern ved kanten av torvlaget mot uttørking og erosjon frå vind og vatn.

Mest utbreidd var skikken å kante torva med ei steinrad. Mange slags stein har vore bruka til yfsingstein. Rundslipt morenestein eignar seg dårleg fordi telen kan skyve han ut av stilling og utfor kanten. Steinane lyt vera så tunge at dei ligg fast og støtt. Helst bør dei vera rektangulære, og i alle fall lyt dei ha éi flat side å liggja på.

Ein annan gammal skikk er kanting med rundtømmer eller tilhogde stokkar. I Numedal og nokre andre stader blir torva kanta mot gavlen med ein halvkløyvning der eit stykke av veden er telgja bort for å danne ein overgang til sjølve troet. Dermed får undertaket ein naturleg oppkant å avslutte torva mot. I Hallingdal og andre bygder var det vanleg å avslutte gavlkanten med firhogde stokkar, krossflak, som vart samanblada i kryss over mønet. Slike kantstokkar på gavlane kunne òg bli kalla svillar eller ringved, og i Etne vart dei kalla vêrlæsingar (av lås) fordi dei stengte for vêr og vind.[5] I nokre vestlandsstrøk, og kanskje fleire stader i eldre tider, vart dei oppstikkande endane skorne ut som horn — truleg ein skikk med utspring i magiske førestillingar. Slike løysingar kan ha vore forløparar for eigentlege vindskier i form av tynnare bord, som vart vanlege i nyare tid.

Vindskier av eit eller fleire bord festa til åsendar, gavlsperrer eller krossflak er truleg eit ganske nytt fenomen. Oftast har dei mest ein estetisk funksjon, som i Gudbrandsdal og Setesdal, der breie vindskier vart festa med overkanten i same nivå som taktroet. Vindskier omtala i kjelder frå mellomalderen var truleg plankar som hang på kolvar utanfor kanten av bordtaket, omtrent som torvvolar. Etter at sagskorne bord vart tilgjengelege, vart det vanlegare å trekkje vindskiene opp framom torvskiktet, ofte med fleire bord i høgda, det eine utanpå det førre. Overgangen frå kantsteinar til vindskier skjedde nokså seint i Hornindal, i følgje Melheim (1933): “I seinare tid har det istaden for steinar vorte spikra på bord-listor på sidekantane av taket slik at dei laga ei slir kring torv- og never-kanten, vindskeid eller vindskide.”

I Gudbrandsdal kunne torvtekkinga stå heilt utan vern langs gavlkantane, men da vart det ytste partiet med torv særleg omhyggjeleg lagt. Torvstykka kunne bli stabla på høgkant for å gjera kanten sterkare.

Torv[endre | endre wikiteksten]

Torvlaget var gjerne frå 12 til 20 cm tjukt, med 15 cm som eit gjennomsnitt. Idealet skal etter den allment kjente tradisjonen ha vore to lag torv, nedst med graset ned og øvst med graset opp. Svært ofte vart oppskrifta forenkla til eitt tjukt lag “med grassvorden ned mot nevra og molda upp”, som så vart utjamna og utfylt med laus jord.(Melheim 1933) Ved omlegging av gamle tak vart den gamle torva mellomlagra i haugar på taket. Ho vart lagt ut att som ei blanding av torvklumpar og laus jord.

Det var best å bruke godt grasbunden torv for å hindre uttørking, siging og erosjon. Men elles sprikar tradisjonsstoffet og litteraturen med omsyn til kva slags torv som vart føretrekt. Myrtorv har vore tilrådd som mindre aggressiv mot nevra, medan annan torv, særleg i fjellstrøk, blir sagt å tære bort nevra raskt. Men myrtorv vil krympe ved tørking og danne sprekker som lyt etterfyllast. Mange rekna sandrik morenejord som den beste taktorva. Det vanlege har nok vore å stikke torv på nærmaste eng eller voll, utan å ta spesielt omsyn til jordarten. Uppstad (1990) fortel at torva vart teken på sjølve tufta når eit nytt hus vart oppsett, og at ein elles henta torva «her og der», gjerne i form av god matjord. Melheim (1933) fortel frå Hornindal at torv “ikkje [vart] teke på serleg turre plassar, men heller ikkje på våte myrer.” Frå Nordfjord refererer elles Hjelmeland (1993) at «torven ble tatt på tørrmark, helst var det lyngtorv; myrtorv dudde ikke.»

Torvene vart stukne i omtrent kvadratiske stykke, opp til 30–40 cm på kvar kant. Dei måtte ikkje vera tyngre enn eit rimeleg løft, og størrelsen laut avpassast etter fastheita, slik at dei ikkje smuldra opp under transport og handtering. Tjukkelsen kom an på jordarten og graslaget og avgjorde dermed om det trongst eitt eller to lag. 7–10 cm var ideell tjukkelse, fortel Melheim (1933). Legginga av torva laut gå føre seg i takt med nevertekkinga, nedanfrå og oppover. Første laget med torv laut raskt på plass føre nevra kom i ulage. Stykka vart lagde kant i kant, og sprekker vart fylte med jordklumpar og lausjord. Anten det var eit ordna torvlag øvst eller mest lausjord med torvklumpar, var det tilstrekkjeleg med røter og frø til at stadeigen vegetasjon raskt etablerte seg og danna fast torv.

Når han var planta i det heile på 15 våningshus og berre 2 andre hus, so syner det kva hus som var mest vyrde. Eg spurte alltid etter kvifor dei hadde planta 'Systergras' (som planten ålment vert kalla i Hornindal) på taket; men det var ingen som vilde vera ved nokon grunn. Sume sa det var fordi planten var so vakker, sume fordi gamle-bestefar hadde ynskt det, sume ogso fordi grannen hadde det slik. Mange trudde dei synte meg noko reint uvanleg; ‘for den har eg henta nord i fjella’.

Stadeigne engvekstar følgde med og overlevde på taket. Men langvarig tørke kunne svekke vegetasjonen slik at jorda tørka og smuldra opp, for så å bli erodert av vind og regn. Til sikring mot tørke og erosjon har det nokre stader vore innplanta særleg seigliva vekstar som fjellkaur eller rosenrot (Sedum roseum), smørbukk (Sedum maximum), svenskeløk (Allium fistolosum) eller takløk (Sempervivum tectorum). Den praktiske tydinga var kanskje mindre viktig enn dei magiske førestillingane som knyta seg til dei spesielle takplantane, for eksempel at dei kunne forhindre brann og lynnedslag (Høeg 1985:223, 261) (Nordhagen 1934:101-127). Melheim (1933) undersøkte takfloraen i Hornindal og fann berre Sedum roseum utplanta på taka, men til gjengjeld alltid planta, og på svært mange tak.

Torvtak utan never[endre | endre wikiteksten]

Isolert og lufta torvtak på moderne bindingsverkshus. Her blir isdanning ved raftet unngått; mineraullisolasjonen gjev betre gjennomlufting på kalde dagar og gjev vern mot gjennombrenning.
Teikning: Frode Inge Helland

Torvtak gjekk ut av den vanlege byggjeskikken tidleg på 1900-talet, men kulturminnevernet, friluftsmusea og hyttefolket ville halde på torvtaka. Grunnen til dette var i all hovudsak estetikken: Utsjånaden var det viktigaste, og «djupstrukturen» med nevra som viktigaste delen vart lagt til sides. Nevra var dyr og vanskeleg å skaffe og nevertekkinga arbeidskrevande. Ho var sett på som eit upraktisk og umoderne element som det galdt å erstatte med noko meir praktisk. Derfor leita dei etter materialar som kunne gje eit tett underlag for torva til rimelegare pris. Musea og kulturminnevernet gjekk over til å vedlikehalde torvtak med erstatningsmaterialar òg.

Undertekking med tjørepapp vart tidleg teke i bruk, men viste seg mindre haldbar enn den tradisjonelle nevra. Asfaltpappen som avløyste tjørepappen på 1900-talet var enda dårlegare eigna, ettersom den sure torva fort braut ned asfalten. Mange nye og «vedlikehaldsfrie» materialar vart prøvde med vekslande hell. Bølgjeplater av «Eternit» vart vanlege i etterkrigstida. Dei var i utgangspunktet vasstette nok, men dei var utsette for frostsprenging og siging. De norske eternittproduksjonen vart stoppa i 1978 på grunn av det helsefarlege asbestinnhaldet. Tynne plastfoliar vart prøvd og forkasta. Det mest brukande syntetiske alternativet har vist seg å vera grunnmurplast. Frå 1970-åra har grunnmursplasten vorte mesta einerådande, inkludert på freda hus og museumshus. Fagfolka har likevel vore litt meir påpasselege enn hytteeigarar flest med å legge never langs kantane for å gje ein tradisjonell utsjånad.

Mot slutten av 1980-åra vart museumsfolk og antikvarar klare over at det ikkje var nok å ta vare på utsjånaden, men at kunnskapen om korleis ting vart gjort, handlingsboren kunnskap, laut takast vare på òg. Sidan 1990 har riksantikvaren gjennomført eit program for vern og istandsetting av mellomalderhus, der torvtaka systematisk er reparerte med never. I løpet av 1990-åra har dei leiande friluftsmusea òg teke opp att tradisjonen med nevertak for å halde kunnskapen ved like og formidle autentiske torvtak.

Torvtak med mineralullisolasjon[endre | endre wikiteksten]

Gammal barfrøstue frå Folldal med sjeldan laftekonstruksjon og torvtak.
Foto: Frode Inge Helland
Torvtak bind bygningane visuelt saman med terrenget. Ål i Hallingdal.
Foto: Frode Inge Helland

Frå først i 1980-åra vart isolert torvtak på lufta taktro vanleg mange stader i Noreg. Torva vart bruka på same måten som andre tekkingstypar og oppbygd av ein vasstett membran nedst mot taktroa, deretter eit lag med 5 cm fast mineralullisolasjon, og til slutt eit lag med torv.

Fordeler med det lette torvtaket er:

  • Betre isolasjon — som medfører:
    • betre gjennomlufting under taktroa jo kaldare det er i vêret; og
    • betre vern mot smittebrann på grunn av sjiktet med mineralullisolasjon som gjev betre vern mot gjennombrenning.
  • Mindre fare for sig i torva fordi ho grør fast i mineralullplatene som kviler på nedste torvhaldsstokken nedmed raftet. Dette gjer i sin tur at
    • ein kan laga torvtak med brattare helling — opp til 35 grader, medan tradisjonelle torvtak med never kan vera vanskeleg å få til ved takvinklar over 27 grader;
  • faren for takras blir lågare; og
  • taket toler større snømengder (sjå «Torvtak og snølast» nedanfor).

Bakdelar med det mineralullisolerte torvtaket er:

  • Kraftigere drenering fordi mineralullplatene er vassavvisande — noko som medfører
    • raskare uttørking av torva

Fordelar som gjeld vanlege torvtak òg:

  • Det bind bygningane betre til terrenget og skaper visuell samanheng med naturomgjevnader.
  • Større masse fører til betre temperaturutjamning innandørs mellom dag og natt
  • Levetida på taket aukar ved at torva vernar membranen (tettesjiktet) mot mekaniske og klimatiske påkjenningar.

Ulemper som gjeld vanlege torvtak òg:

  • Isdanning i rafta i periodar med kuldegradar;
  • fare for at gneistar frå pipa kan fatte i tørt gras på taket; sjølve torva kan òg brenne når ho er tørr; og
  • torv kan vera svært dyrt om ein ikkje har tilgang frå eiga mark.

Torvtak og snølast[endre | endre wikiteksten]

Torvtak i by: Røros.
Foto: Frode Inge Helland, 1973

Torv (tung tekking) utgjer størstedelen av den totale konstruksjonsvekta. Ein kunne tru at torvtak var meir utsette for snølast sidan snøen ikkje sig av, men blir liggande snøperiodane igjennom. Men faktisk er det akkurat motsett: Under dimensjoneringa av den berande delen av konstruksjonen lyt ein ta omsyn til dette. Konstruksjonen skal bera seg sjølv + tekkinga + venta snølast. I tillegg til dette skal det leggast inn ein sikkerheitsreserve. Denne er sett til 100 %. Erfaringsmessig varierer snømengdene sterkt i dei ulike delane av landet, og derfor varierer krava til konstruksjonsstyrke tilsvarande. Tak med lett tekking og tak med tung tekking skal i prinsippet tola same snølast. Men på grunn av måten krava til sikkerheitsreserve i byggjeforskriftene er sett opp, vil eit torvtak i praksis tole større snølast.

Dette ser vi om vi samanliknar ein lett konstruksjon som papptekke og ein tung konstruksjon som torvtekke:

  • Lett konstruksjon (papptekke): eigenvekt av berekonstruksjon 60kg/m² + snølast 200 kg/m². Om vi reknar ein sikkerheitsreserve på 100 % gjev det 260 kg + reserve 260 kg, lik summen av dei føregåande tala) som gjev ei brotgrense på totalt 520 kg/m². Det lette taket vil tola ei snølast på 520kg-60kg, det vil seie 460kg/m² før det blir venta at det bryt saman.
  • Tung konstruksjon (torvtak): Berekonstruksjon 80kg/m² + tekking med 220 kg + snølast 200 kg/m2 + sikkerheitsreserve (100%, lik summen av dei føregåande tala), som tilsvarande gjev ei brotgrense på totalt 1000 kg/m². Fråtrekt den totale eigenvekta gjer dette at torvtaket toler ei snølast på 700 kg/m² før det bryt saman, mot 460 kg/m² for det lette taket, det vil seie ein forskjell på 240kg/m², eller over 50 %.

(Utrekningsreglane i Byggjeforskrifta brukar kN (kilo-Newton) i staden for kilo. 1 kN svarar til kring 100 kg.)

Vegetasjonen på torvtak[endre | endre wikiteksten]

Hus isolert med grasvaksen torv i Glaumbær på Island.
Foto: Christian Wirth
Hus i Hemsedal med torvtak som treng tømmerhogst.
Foto: Lars Roede

Torvlaget bør vera 15 cm tjukt. Som torv kan ein bruke vanleg stukken grastorv med tett rotsystem. Mange gartneri og gardbrukarar har no spesialisert seg på å levere torv til tak. Torva blir nokre gonger levert på rullar som blir heisa opp på taket og utrulla. Ein annan leveringsmåte er nettingsekkar med veksttorv tilsett grasfrø; ein legg berre sekkene utover taket og vatnar dei. Eit tredje alternativ i vår tid er å fylle plastkassettar med veksttorv. Ein sår så grasfrø i dei og let dei gro på bakken før dei blir plasserte på taket. Ein kan bruke slike kassettar i hellingar opp til 35°.

Når torva blir flytta frå marka til taket, får ho heilt andre vekstvilkår, og taket som biotop gjennomgår ei endring. Jordsmonnet blir mykje grunnare og meir utsett for uttørking. I mange fall vil takhellinga gjera plantane meir utsette for solstråling enn på den flate marka. Torvtaket vil derfor gjennomgå ei endring og tilpasse seg dei nye forholda. Planteartar forsvinn og blir erstatta av andre. I overgangstida kan det vera nyttig med litt vatning for å gje tid til denne endringa. Det kan da løne seg å hente hardføre grasortar som for eksempel svingel som toler grunt jordsmonn og uttørking betre enn dei fleste andre grasortane. En kan òg sette ut ville stemorsblomster (Viola tricolor); dei trivst godt på torvtak. Det løner seg å sette ut plantane på den delen av taket som vender mot hovudvindretninga, slik at plantane frør seg med vinden.

Ei utvikling tidleg i levetida åt taket mot skrinnare tak med dominerande innslag av mose er heilt normalt. Vi ser dette i alle dalføra der torvtak framleis er vanlege.

Torvtak og brannfare[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell torvtakkonstruksjon, lett modifisert med moderne tettesjikt i staden for nevertekking. Isdanning ved rafta kan skje i periodar under null gradar fordi vasssiget i torva ikkje får varme innanfrå når det passerer ytterveggen lenger.
Teikning: Frode Inge Helland

Tørt gras på torvtak med røykpipe gjer taket litt meir brannfarleg enn ved andre taktypar. Etter byggjeforskrifta skal taktekking på brennbart underlag vera utført i klasse Ta. Torvtak tilfredsstiller ikkje dette kravet. Torvtak blir likevel tillate når faren for smittebrann er liten, som i område med minst 8 m mellom husa.

Tradisjonelt var det vanleg å sette ut plantar med saftfulle blad nærme skorsteinen for å unngå at gnistar skulle fatne i graset på taket. Vanlege plantar som vart bruka var rosenrot (Rhodiola rosea) og taklauk (Sempervivum tectorum). Etter folketradisjonen vart det etter kvart trudd at dei verna huset mot lynnedslag òg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Godal og Moldal 1994 har registrert nøytrumsforma av tro om undertaket som heilheit, medan hokjønnsforma troa blir bruka for kvart enkelt bord på undertaket
  2. Paulsrud 1984, s. 112
  3. «Tro» i Nynorskordboka
  4. Hjelmeland 1993, s. 159.
  5. Nicolaysen 1882

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Berg, Arne: Norske tømmerhus frå mellomalderen. Landbruksforlaget, Oslo 1989, Band I, s. 70-73. ISBN 82-529-1300-8
  • Byggforskserien, Byggdetaljer 544.803. Norges byggforskningsinstitutt, Oslo 1996.
  • Drange, Tore; Hans Olaf Aanensen og Jon Brænne: Gamle Trehus - Historikk, reparasjon og vedlikehold. Universitetsforlaget, Oslo 1992, s. 93-99. ISBN 82-00-21389-7
  • Hjelmeland, Britt-Alise: Husbygging langs kyst og fjord 1850-1950. Magistergradsavhandling i etnologi, UiO, Oslo 1993, s. 100-113, 159.
  • Melheim, Anders: Um floraen på hustak i Hornindal. Hovedoppgåve i botanikk, UiO, Oslo 1933.
  • Meyer, Johan: Fortids kunst i norske bygder. Kunstindustrimuseet i Oslo, Forum forlag 1987.
  • Nicolaysen, Nicolay: Kunst og Haandverk fra Norges Fortid, Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring. Kristiania 1881-1890. 1. Række.
  • Nordhagen, Rolf: «Taklauk og fjellkaur». I: Olsen, Magnus (red.) Maal og minne - norske studier. Bymaals-lagets forlag, Oslo 1934, s. 101-127.
  • Paulsrud, Geir: Fjos i Fron frå omkring 1750 og fram til 1980-åra. Magistergradsavhandling i etnologi, UiO, Oslo 1984, s. 112.
  • Uppstad, Torjus: Taktekkjing med never og torv. Valle Laftebygg, Valle i Setesdal 1990.
  • Vreim, Halvor: Laftehus - tømring og torvtekking. Noregs Boklag, Oslo 1966, s.64-75.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]