Kristian Prestrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian Prestrud
Fødd 22. oktober 1881, Grue
Død 1927, Kristiansand
Yrke Polfarar
Prestrud vart tildelt Sydpolsmedaljen.

Kristian Prestrud (22. oktober 188111. november 1927) var ein norsk polfarar og løytnant i hæren som deltok på Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen frå 1910 til 1912.

Han voks opp i Vang i Hedmark. Prestrud var med i gruppa på åtte som den 8. september 1911 gjorde eit mislukka forsøk på å nå Sørpolen. På grunn av ekstrem kulde valde ein å fortsette til depotet på 80 ºS, får så å snu attende til leiren Framheim. Tilbaketuren vart uorganisert og kaotisk, gruppa vart raskt delt opp i fleire mindre grupper. Prestrud og Hjalmar Johansen vart hengande etter og kom tilbake til Framheim seks timer etter dei andre. Dei var då utmatta og Prestrud hadde fått frostskadar. I mørket og tåka hadde dei funne basen berre fordi dei høyrte bjeffinga frå hundane. Presterud hadde truleg frose i hel om han ikkje hadde fått hjelp av Johansen til å kome seg attende til basen.

Neste morgon vart Amundsen kritisert av Johansen for måten tilbaketuren vart gjort på. Amundsen mislikte sterkt at det vart reist kritikk mot han, og han valte som ein følgje av dette å omorganisere gruppa som skulle reise til polpunktet. Presterud, Johansen og Jørgen Stubberud vart skilt ut frå gruppa og fekk som oppgåve å utføre ein mindre ekspedisjonen til Edward VII Land. Prestrud vart utnemnt til leiar av denne ekspedisjonen, trass i at han hadde ein grad lågare militær rang og at Johansen tidlegare hadde vore leiaren hans.

Prestrud vart i 1926 tilsett som hamneassistent i Kristiansand, men døydde alt året etter.[1]

Prestrud vart tildelt Sydpolsmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Revolverskudd på havnelageret, Fædrelandsvennen 8.12.2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]