Kronstadt-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kronstadt-opprøret var eit opprør av matrosar og soldatar i Kronstadt ved Petrograd i førstninga av mars 1921. Opprøret blei slått ned med vald av styrkar lojale til bolsjevik-regimet.

Basen for den russiske marinen sin Austersjøflåte låg sidan tsar-tida i Kronstadt ved St. Petersburg/Petrograd. Matrosane der var blant dei revolusjonære kjernetroppene under den russiske revolusjonen og den bolsjevikiske maktovertakinga i 1917.

Matrosane og garnisonen ved Kronstadt hadde sitt eige sovjet, sitt eige soldatråd. I løpet av borgar- og intervensjonskrigen 1918-1920 hadde den opphavlege rådsmakta i altfor stor grad blitt uthola og avløyst av partikommisærane si makt, meinte Kronstadt-sovjetet. No etter krigen var vunnen, kravde dei tilbakevending til rådsdemokrati, ekte sovjetmakt i opphavleg meining. Dei kravde vidare blant anna legalisering av alle sosialistiske parti, slutt på tvangsrekvireringane på landsbygda og slutt på den vilkårlege framferda til tsjekaen, det politiske politiet.

Bolsjevik-regimet kjende seg truleg sterkt trua av dette, som kom rett etter arbeidarar i Petrograd trua med generalstreik. Historikaren Isaac Deutscher meiner stemninga i folket etter borgarkrigen var slik at mensjevikar og anarkistar ville vunne eit fritt val til sovjeta. For å oppretthalde maktmonopolet sitt hadde bolsjevikleiarane forbode også dei pro-sovjetiske mensjevikane til Julius Martov i 1920. Samtidig med Kronstadt-opprøret heldt kommunistpartiet kongress, og ein sterk fraksjon i partiet, Arbeidaropposisjonen, stilte om lag dei same krava som Martov hadde stilt, om frie fagforeiningar og kontroll med tsjekaen.

Da Kronstadt-opprøret kom, med liknande politiske krav, verkar det som leiarane fekk panikk. Dei slo opprøret ned med makt, og forbaud Arbeidaropposisjonen og alle organiserte fraksjonar i kommunistpartiet. Dette skulle gjere det mykje lettare for Josef Stalin å ta all makt i parti og stat sidan, og opprette sitt personlege diktatur.

I den grad Kronstadt-opprørarane hadde ein politisk tendens, var den anarkistisk, men mange av dei var eks-bolsjevikar. Noka innblanding av kontrarevolusjonære «kvitegardistar», slik partipressa påstod, er ikkje blitt påvist.

Samtidig som det skjedde ei politisk innstramming, ei konsolidering av eittpartistaten, gjennomførte bolsjevik-regimet under leiing av Lenin fleire av dei økonomiske krava som var blitt reist, i og med innføringa av den blandingsøkonomiske politikken NEP. Denne førte til ei gradvis økonomisk gjenreising i landet, og betre leveforhold for mange bønder, småhandlarar og arbeidarar. Også NEP kan sjåast som eit svar på den utfordringa Kronstadt var eit uttrykk for.