Den russiske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Den russiske revolusjonen blir bruka om to hendingar i 1917, februarrevolusjonen og oktoberrevolusjonen, og i vidare tyding inkluderer omgrepet også «generalprøva» i 1905 og hendingane i åra frå 1918 til førstninga av 1920-talet, til det nye styret i det russiske riket var konsolidert.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tsar-Russland var eit enormt, men tilbakeliggjande rike, både økonomisk og politisk. Dei fleste innbyggjarane var landlause analfabetiske bønder, og godseigaradelen var saman med toppsjiktet av byråkratiet den viktigaste delen av overklassen, sjølv om eit industriborgarskap var begynt å vekse fram i førstninga av førre hundreåret. Vanleg politisk verksemd var ikkje tillaten, det var ikkje ytrings- og organisasjonsfridom. Nasjonale minoritetar var undertrykte, både territorielle, som finnane, og ikkje-territorielle, som jødane*. Misnøye i bondemassane blei av tsarstyret sine folk ofte medvite snudd mot jødane, som blei utsett for ei rekkje pogromar, overgrep og reine massakrar. Kyrkja spelte og ei rolle i dette, som støttespelar for tsarveldet og hetsar av jødane.

  • Jødane må reknast som ikkje-territoriell minoritet, sjølv om dei i tsar-tida ved lov blei konsentrert i dei vestlege delane av riket.

Opposisjonen var mangfaldig, der fanst både liberale borgarar, marxistiske sosialdemokratar og terroristiske bondevenner («narodniki», «sosialrevolusjonære»).

Men da revolusjonen i 1905 kom til syne første gongen, var det ein reint spontan oppreist frå folkemassane sjølve, i desperasjon mot matmangel og undertrykking. Men tsarstyret overlevde denne gongen, med ei blanding av mindre reformer (som sidan i hovudsak blei trekte tilbake) og rå maktbruk frå lojale styrkar. Det varige frå 1905 var ei ny oppfinning, arbeidarrådet, sovjetet, som skulle komme tilbake også ved neste høve som organ for folkemakt nedanfrå.

Veikskapen i tsarismen synte seg særleg i krisetider. Såleis i 1905 etter den russisk-japanske krigen, og så igjen under første verdskrigen. Systemet var svært ineffektivt, og greidde ikkje å sikre verken eit minimum av matforsyning i byane eller god oppfølging av troppane ved fronten. Når den viktigaste kvalifikasjonen for å bli høgare offiser var at ein var fødd adeleg, måtte den militære leiinga bli så som så.

1917[endre | endre wikiteksten]

I mars 1917 hadde arbeidarkvinnene i hovudstaden Petrograd fått nok og demonstrerte mot matmangelen. Politisoldatar blei sende for å slå dei ned med vald, slik tsaren hadde for vane. Men denne gongen nekta soldatane å lyde ordre, og slutta seg i staden til demonstrantane. Da rakna det raskt for tsarismen. Samtidig streika arbeidarane ved dei store fabrikkane, og bondesoldatane begynte å desertere frå fronten når dei høyrde at bøndene heime begynte å ta godseigarjorda. Petrograd-sovjetet og andre arbeidar- og soldatråd kom i funksjon, med utsendingar valde direkte av folket. Petrograd-sovjetet hadde svært stor autoritet, og den provisoriske regjeringa som hadde blitt danna da tsaren gjekk av, måtte ofte få underskrifta deira før vedtak i regjeringa kunne setjast ut i livet.

Det største stridstemaet var om landet skulle halde fram med krigen, eller søkje ein separatfred med Tyskland. Krigen var i ferd med å bli stadig meir upopulær, og særleg bolsjevikane under leiing av Vladimir Lenin, men og ei mensjevik-gruppe under leiing av Julius Martov, kravde fred straks. Men den provisoriske regjeringa nekta, og kaoset heldt fram, med dårleg organisert krigføring og matmangel i byane. Stadig fleir soldatar «røysta for fred med føtene», som Lenin uttrykte det. Dei ville heim og vere med i delinga av godseigarjorda.

Den 25. oktober (7. november) gjennomførte bolsjevikane under leiing av Lev Trotskij det kuppet Lenin hadde gått inn for ei tid, særleg etter at bolsjevikane frå hausten 1917 hadde fleirtalet i Petrograd-sovjetet. Væpna bolsjevikar hærsette viktige bygningar i Petrograd, og jaga regjeringa. Det var mesta ingen motstand. Ein kommentator sa: «Makta låg i gatene. Det var berre å plukke henne opp.» Sovjetkongressen med utsendingar frå mange av byane i landet godkjende bolsjevik-kuppet og den nye regjeringa, som også skulle vere provisorisk, inntil den grunnlovgivande forsamlinga var vald og hadde bestemt den vidare oppbygginga av systemet. Alle bortsett frå tsartilhengarane gjekk inn for eit slikt val og ei slik forsamling, men den borgarlege regjeringa hadde somla med å gjennomføre det, og det var etter bolsjevik-kuppet valet blei halde.

Som venteleg var i jordbrukslandet Russland, blei det sosialistiske bondepartiet SR (dei «sosial-revolusjonære») største partiet, mens bolsjevikane fekk fleirtal i dei større byane. Da forsamlinga møttest etter årsskiftet, i førstninga av 1918, blei ho oppløyst etter ein dag, og utsendingane sende heim att. Lenin og hans folk hadde bestemt seg for å halde på makta si, og legitimere ho i det fleirtalet dei hadde i sovjetkongressen. Men nokre representantar for venstrefløya i SR-partiet blei tekne inn i regjeringa ei rid, til dei gjekk ut att i protest mot fredsslutninga med tyskarane i mars same året («Brest-Litovsk-freden»).

Borgarkrig[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg eigen artikkel: Den russiske borgar- og intervensjonskrigen.

Frå sommaren 1918 til ut i året 1920 var store delar av det russiske riket ramma av ein til dels kaotisk borgarkrig, der også utanlandske styrkar frå blant anna Storbritannia, Frankrike, USA og Japan blanda seg inn på dei tidlegare tsar-generalane si side. I tillegg til desse «kvite» storrussiske styrkane og Den raude armeen, var nasjonalistar av ulike slag i aktivitet, ikkje minst i Ukraina, der nasjonalistiske styrkar også massakrerte titusenvis av jødar i store anti-semittiske pogromar. Polen prøvde i 1920 å erobre store kviterussiske og ukrainske område, men blei slått tilbake heilt til Warszawa før dei igjen dreiv Den raude armeen langt inn på ikkje-polsk område.

Sjølv om Den raude armeen under leiing av Lev Trotskij til tider berre kontrollerte storbyane Petrograd, Moskva og området mellom, vann dei borgar- og intervensjonskrigen. Dette har mange grunnar, men nokre av dei viktige er truleg desse: Dei ulike anti-sovjetiske styrkane var spreidde og samarbeidde lite med kvarandre, mens dei «raude» hadde ei einskapleg militær og politisk leiing pluss eit meir konsentrert område å forsvare, noko som gjorde logistikken enklare. Lev Trotskij viste seg å vere ein framifrå militær leiar, og gjorde klok bruk av jarnbanen med sitt mobile hovudkvarter. Jødane i riket såg snart at den einaste større styrken som respekterte dei og straffa overgrep mot dei var Den raude armeen, og støtta meir og meir opp om sovjet-styret for å unngå å bli massakrerte av dei anti-sovjetiske styrkane. Byane var bolsjevikiske kraftsentra frå før, men i løpet av krigen viste det seg at også dei fleste bøndene var meir imot dei «kvite» enn dei «raude». Med dei «kvite» styrkane følgde ofte godseigarane som ville ha att jorda «si», og straffe bøndene som hadde teke ho. Dei vestlege intervensjonsstyrkane var ofte krigstrøtte etter å ha vore med i første verdskrigen i årevis, og mange av dei sympatiserte meir med dei «raude» som ville ha fred enn med ei «kvite». Det var fleire tilfelle av desertering og ordrenekt. Alt dette medverka til den «raude» sigeren i krigen.

Partidiktatur og NEP[endre | endre wikiteksten]

Men prisen var høg. Store delar av den russiske arbeidarklassen frå revolusjonsåret 1917 var drepen i krigen, store delar av bolsjevikpartiet sine opphavlege medlemmer var borte. Mange menneske rundt om i landet døydde av svolt og sjukdommar som følgde i krigens fotefar. Særleg hard var hungersnauda i Volga-dalen, der blant andre Fridtjov Nansen prøvde å hjelpe. Og sovjet-styret var ikkje lenger styrt av sovjeta, no blei dei andre sosialistiske gruppene som var representerte der forbodne, likeins fraksjonar i bolsjevikpartiet (kommunistpartiet), og det meste blei i røynda bestemt i sentralkomiteen i det no einaste lovlege partiet. Det hadde skjedd ei militarisering og brutalisering av bolsjevikisk politikk, noko som òg viste seg da matrosane ved Kronstadt, som hadde vore mellom spydspissane i revolusjonen, i 1921 vende seg mot bolsjevikstyret. Dei blei nedkjempa med militær makt.

Men Lenin og Trotskij var kloke nok til å gi bøndene og småhandlarane stor fridom gjennom den såkalla NEP-politikken, som frå 1922 fekk økonomien på fote att. Den russiske revolusjonen var med det på ein måte avslutta, med ein slags blandingsøkonomi under det bolsjevikiske eittpartistyret. Dei tillet likeins stor kulturell og seksuell fridom, og freista å modernisera landet gjennom blant anna alfabetiseringskampanjar og elektrifisering.

Men frå ca 1930, under eineveldet til Josef Stalin, skjedde det store, brå og brutale endringar i landet som anten kan kallast ein ny revolusjon, eller kan hende ein kontrarevolusjon.

Den russiske revolusjonen og verda[endre | endre wikiteksten]

Lev Trotskij sa at målet til sosialismen i Russland ikkje ville verte nådd utan ein vellukka verdsrevolusjon. Ei bølgje av revolusjonar braut også over verda frå 1917 til 1923. Til trass for håp om suksess i innleiinga, med den tyske novemberrevolusjonen, den kortliva ungarske rådsrepublikken og andre liknande hendingar, var det inga anna marxistisk rørsle som klarde halde makta.

Ulike marxistiske grupper og parti har ymsande syn på denne delen av den kommunistiske historia. Josef Stalin gav seinare kast på ideen, og meinte at sosialismen i eit land kunne lukkast utan at resten av verda også hadde revolusjon.