Kubla Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Kubla Khan; or, a Vision in a Dream» er eit dikt av Samuel Taylor Coleridge som tek tittelen sin frå den mongolske/kinesiske keisaren Kublai Khan av Yuandynastiet. Det romantiske diktet er prega av eksotiske bilde, sterke kjensler, rytme som plutseleg skiftar, og ei historie om korleis det blei til som er nesten like interessant som sjølve verket.

Diktaren om diktet[endre | endre wikiteksten]

Coleridge hevda at diktet var inspirert av ein opiumspåverka draum (implisitt i undertittelen «A Vision in a Dream»), men at diktinga vart avbroten av ein mann som kom. Dette er ikkje sannsynleg, da dei fleste opiumsbrukarane har store vanskar med å hugse draumar når dei tok opium rett for dei sovna. Somme har lura på om den levande biletbruken i diktet heller stammar frå ein hallusinasjon i vaken tilstand, som vel kunne ha vore opiumspåverka.

Diktaren hevda at «Kubla Khan» vart skrive hausten 1797 i eit gardshus nær Exmoor, men det kan ha vorte laga på eit av fleire andre besøk på garden. Det kan òg ha vorte revidert fleire gonger før det vart publisert første gongen i 1816.

Andre om diktet[endre | endre wikiteksten]

Det er mykje spekulasjon om kva diktet tyder. Somme meiner forfattaren berre har skrive ned synet sitt, medan andre insisterer på at det er eit tema eller ei meining med det. Somme ser diktet som ein metafor for seksuelt samkvem, medan andre meiner det er eit dikt som understrekar det vakre i kunstnarleg skaping.

Kubla Khan i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Det namngjetne diktet har inspirert engelsk populærkultur i stor grad. Det opptrer i filmar, som Citizen Kane, og i songar, til dømes hjå popgruppa Frankie Goes to Hollywood (tittelkuttet på dobbeltalbumet "Welcome to the Pleasuredome" frå 1984) og den progressive canadiske rockgruppa Rush (songen "Xanadu" på albumet "A Farewell To Kings" frå 1977). Romanen Dirk Gently's Holistic Detective Agency av Douglas Adams viser stadig til dette diktet. Namnet Xanadu frå den første lina av diktet har mellom anna inspirert xanadu-hus frå 1970-talet. The man from Porlock, den ukjende mannen som skal ha forstyrra Coleridge under skrivinga, er blitt utsett for stadige spekulasjonar og etterapingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heile teksten finst nedanfor, saman med den namngjetne kommentaren diktet var følgt av da det først vart utgjeve, tilliks med ein marg-kommentar på ein opphavleg manuskopi med Coleridge si eiga handskrift og eit sitat frå William Bartram, som ein trur er ei av kjeldene til diktet.