Yuan-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Yuan-dynastiet (mongolsk Dai Ön Yeke Mongghul Ulus, pinyin Yuán Cháo hanzi 元朝) var eit herskardynasti i Kina som offisielt varte frå 1271 til 1368, òg kalla Det mongolske dynastiet. Det er eitt av to dynasti i kinesisk historie grunnlagt av folkeslag som ikkje høyrer til Hàn-etnisiteten (det andre er Qīng). Dei fleste kinesarar i dag held dette dynastiet for å ha vore eit utanlandsk åk. Denne vurderinga skuldast delvis tradisjonell (nasjonalistisk) historieskriving.

Opphavet til det mongolske verdsriket[endre | endre wikiteksten]

Temüdsjin, seinare best kjend som Djengis Khan, var stamfaren til alle herskarane i Yuán-dynastia. Han var son av Yesügei, stammehøvding for kiyadane — ei av mange stammer i det oppsplitta Mongolia. I ung alder mista han faren som vart drepen av ei rivaliserande stamme. Dette utløyste ein stor borgarkrig. Til slutt sigra Temüdsjin, og tok herskartittelen Wang Khan. Han utvikla ei skriftleg lov for alle mongolane, kalla Jassa, og kravde at ho vart følgt til punkt og prikke.

Temüdsjin følgde opp med åtak på andre stammer i området og utvida heile tida makta si. Ved hjelp av ein kombinasjon av diplomati, organisasjon, militær dugleik og brutalitet klarte han det nær utenkelege, å samle alle dei mongolske stammene til eitt folk (1206). Under eit khuriltai (eit rådsmøte for dei mongolske høvdingane) fekk han tittelen «allherskaren» (Djengis Khan). Dette vart byrjinga på det som etter kvart vart kjent som Yuán-dynastiet, og som til å byrja med herska over Mongolia, store delar av noverande Russland og store delar av Sentral-Asia, men som seinare skulle verte avgrensa til Kina.

Mongolane angrip Kina[endre | endre wikiteksten]

På den tida dette khuriltai kom ihop var Djengis Khan alt i strid med det vestlege Xià. Dette utvikla seg til det fyrste av erobringstokta hans utanfor det mongolske kjerneområdet. I år 1209 hadde han klart å knekke makta til Vest-Xià, trass i dei store vanskane han hadde med å innta dei godt verna byene i Xiàveldet. Dei inngjekk ein fredsavtale der Xià-keisaren underkasta seg Djengis Khan som overhovud.

Sòng-Kina, Jīn-riket, Dali og Vestlege Xià (Xi Xià på kartet) i 1142. Vest-Xià var ein del større då den mongolske invasjonen fann stad nokre generasjonar seinare.

Lenger nordaust i Kina stod Jīn-dynastiet for tur; områda deira var no dei som låg nærast. I 1211 ville Djengis Khan underlegge seg dette området fullstendig, og erklærte krig. Problema mongolane hadde hatt overfor Vest-Xià gjentok seg; ute i det fri sigra dei lett, men faste festningsverk hadde dei store vanskar med. Djengis sette då ned ei studiegruppe som var sett saman av folk frå hans eigen særs dyktige stab og med kinesiske ingeniørar som rådgjevarar. Gradvis utvikla dei omleiringsteknikkar som etter få år skulle gje mongolane ry som dei beste omleirarane i krigshistoria.

Ei rekkje overveldande sigrar følgde, og i 1213 hadde Djengis Khan erobra og konsolidert grepet sitt om Jīn-Kina så langt som fram til den kinesiske muren.

Den mongolske hæren fossa så vidare, i området mellom Den store muren og elva Huang He. Han kunne no fullstendig rasere store delar av Nord-Kina. I 1215 omleira, inntok, plyndra og brann styrkane til Djengis Khan Jīn-hovudstaden Yanjing (seinare kjent som Běijīng). Jīn-keisaren, Xuan Zong, overgav seg derimot ikkje, men flytta hovudstaden sin til Kaifeng. Der vart etterfølgjaren hans nedkjempa, men det var ikkje før i 1234.

Etter å ha brent den gamle Jīn-hovudstaden bygde mongolane i 1267 sin eigen «storslegne hovudstad» (Dadu) eit kort stykke nordanfor. Det er denne byen som i skildringane til Marco Polo går under namnet «Cambuluc». Ein reknar årsaka til at Kublai Khan, som ville verte keisar i Kina, valde denne staden fordi det låg nærare Mongolia enn nokre av dei mange meir tradisjonelle hovudstadane lenger sør i landet.

Mongolane festar grepet om herredømet over Kina[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk portrett av Kublai Khan (1216-1294), i Kina kalla Hūbìliè (忽必烈)

Yuán-dynastiet vart formelt proklamert i 1271, av barnebarnet til Djengis Khan, Kublai Khan. Det avløyste etter tradisjonell kinesisk historiografi Sòng-dynastiet, og maktovertakinga var fullbyrda i 1276 og dei siste nederlaga til Sòng-dynasti-tilhengjarane i 1279 med fallet til byen Guangzhou.

Både det at dynastiet vart proklamert alt før Sòng-dynastiet hadde falle, og at mongolane valde å gje det eit kinesisk og ikkje mongolsk namn, viser noko av den politiske og militære teften til Kublai Khan. Kublai Khan vart prøvd pressa av rådgjevarane sine til å utvide dei mongolske erobringane ytterlegare til òg å omfatte Japan, Myanmar, Vietnam og Indonesia. Men det vart det aldri noko av.

Plyndringane til mongolane og herjingane deira under erobringskrigane førte naturleg nok til at den jamne kinesar var særs negativt innstilt til Yuán-dynastiet. Og mongolane var snare med å røve med seg så pengar og anna, som om dei rekna med at styret deira ville verte kortvarig. Dette forsterka den negative innstillinga; det gode som Kublai Khan gjorde, fekk ikkje den positive merksemda som det nok elles ville ha fått. I tillegg til reformer av landbruk og transportvesen bygde han sjukehus og utvikla eit matdistribusjonssystem for dei aller fattigaste. Han fremja òg vitskap og religion.

De mongolske erobringane førte ikkje til forstyrringar i den kinesiske utanrikshandelen. Tvert imot var Yuán-dynastiet ivrig etter å fremje handelssambanda med dei arabiske landa, som dei òg sjølv profitterte på.

Når det var flåten til Zheng He som måtte til for å få gjenoppretta desse sambanda under Míng-dynastiet, var det ikkje fordi Yuán-styret hadde brote desse sambanda. Arabarhandelen braut saman omtrent då Yuán-dynastiet ebba ut, og det var særleg fordi ein krigsherre ved namn Chen Youding då erobra Quanzhou og massakrerte den arabiske folkesetnaden der.

Mongolane regjerte frå Dadu (òg kalla Khan-balyq) skjønt keisaren heldt seg òg med ein storslagen sommarresidens i Shangdu (utgangspunktet for legendariske Xanadu). Karakorum gav herredømet legitimitet.

Dei mongolske garnisonane konsentrerte nærværet sitt om hovudstaden. I dei rike områda rundt Jangtsekiang (Yangzhou, Nanking, Hangzhou) sette dei etter kort tid si lit til at kinesiske tropper under mongolsk kommando bevarte fred og kontroll. Dei kinesiske soldatane vart skifta ut annakvart år, og spreidd rundt om i fjernare provinsar. Òg offiserane vart regelmessig forflytta, slik at faren for konspirasjonar og opprør mot keisarmakta skulle vanskeleggjerast.

Eitt av fire mongolrike: Innan- og utanrikspolitisk hadde Yuán-dynastiet berre ein formell godkjenning. Der var stadige samanstøyt med mongolar som vart verande igjen ute på steppelandet (den siste i 1360). Dertil kom at mongolregentane i vest, Den gylne horden og Il-khanatet førte sin eigen politikk frå respektive 1260 og 1295 og gjekk over til islam. Frå 1310 nyorganiserte det inntil då ustabile Tsjagatai-khanatet seg, slik at det på 1300-talet var fire forskjellige mongolrike i Sentral- og Austasia.

Folkesetnad og folkeinndeling[endre | endre wikiteksten]

Omkring 1290 var folkesetnaden i Kina offisielt sett saman av 60 millionar sørkinesarar, 10 millionar nordkinesarar og 2 millionar mongolar og semuar. Ei tidlegare folketeljing frå 1235 oppgav 8,5 millionar busett i Nord-Kina, men då var enormt mange slavar og heimlause ikkje medrekna. Samanlikna med tida til Jīn-dynastiet hadde Nord-Kina altså vore gjennom eit dramatisk fall i folketalet.

Kublai Khan delte inn folkesetnaden i Kina i fire, og definerte delinga i lovboka Yuán-dian-zhang. Det let seg ikkje gjere i praksis å fasthalde denne delinga heilt.

  • Den øvste gruppa var dei kvite mongolane, inndelt i 72 stammegrupper. Alle dei høgaste embeta i riket var berre for dei.
  • Dei svarte mongolane (Semu) var dei folkegruppene som hadde støtta erobringa til mongolane av Kina. Gruppa omfatta særleg tyrkarar og turko-tatarar, men også alaner og russarar. Dei svarte mongolane kunne drive handel, krevje inn skattar, låne ut pengar og vere middels høge embetsmenn.
  • Den tredje gruppa var nordkinesarane, kalla Han-ren. Til denne gruppa rekna ein dessutan kitanar, mandsjuar og koreanere. Dei fekk ha handverksyrke og kunne vere lågare embetsmenn, men kunne ikkje bli leiande offiserar.
  • Sørkinesarane (Nan-ren) utgjorde den fjerde og mest rettslause gruppa. Dei fekk ikkje ein gong verje seg mot slag, og vart pålagde dei tyngste skattebyrdene. Men mongolane passa på å ikkje konfiskere dei private faste eigedomane deira. Dermed kunne dei bevare nøytraliteten til dei rikare sørkinesarane. I staden beslagla dei alt det landet som Sòng-dynasti-kansleren Kia-se-tao hadde ekspropriert for staten, noko som ikkje medverka til å betre kåra til den lågare bondestanden. Kinesarane hadde ikkje lov til å eige våpen eller hestar. Yrkesskifte eller ekteskap over desse gruppegrensene var forbode.

Handel, administrasjon, kulturelle nyvinningar[endre | endre wikiteksten]

Marco Polo hos Kublai Khan - miniatyr frå boka Marco Polos reiser

Yuán-styret representerte ein stagnasjon når det vert sammenlikna med dei føregåande dynastiane. Likevel var det ei auke av transitthandel, og landet tok del i og drog nytte av den verdsvide kunnskapsutvekslinga. Islam fekk ein oppsving i provinsane Yunnan og Gansu, og to katolske bispedøme vart oppretta. Det fyrste var erkebispedømet Cambalue (Běijīng) i 1307, og seks år etter fekk Sør-Kina eit katolsk bispesete i den viktige hamnebyen Zaitun. (Den siste biskop av Zaitun vart drepen i 1362, og Cembalue svann hen etter at erkebispen vart bortført i 1375.

Under Guo Shuojing kom ei kalenderreform takka vere persisk innverknad. Irrigasjonssystema vart betra. Den store reisa til Marco Polo fann stad på denne tida.

Mongolane var handelsorientert, noko som var eit brot med dei gamle kinesiske konfucianske ideala. Handelsfolket, som for det meste var muslimsk og organisert i handelslaug, fekk ei akta stilling i samfunnet. Mongolane stilte òg joint-venture-kapital tilgjengeleg for dei, og gav dei ansvar for utviklinga av finansvesenet. Dette siste hadde òg sine negative sider, sidan muslimane gjennomgåande ila høgare skattar enn det som var tradisjonelt i landet. Alt i 1239 hadde Abd al-Rahman dobla skattane, og finansminister Ahmed Fanakati (som vart myrda i 1282) hadde tredobla dei i løpet av tre år.

Dei ikkje-kinesiske namna ovanfor er ingen tilfeldigheit: Det var ein gjennomgåande politikk å hente inn personar for dei viktigare embetspostane frå Midtausten, Sentral-Asia og til og med Europa sidan det ikkje let seg gjere å finne nok skikka mongolar. Kinesarane vart stort sett halde unna; men kinesarar kunne få tilsvarande postar i område med gjennomgåande ikkje-kinesisk folkesetnad.

For å fremje handelen og betre forsyningssituasjon i Nord-Kina konstruerte ein i åra 1279 til 1294 det nordlege avsnittet av keisarkanalen. Han følgde ein ny kurs, sidan den gamle var for lang og dessutan ikkje lenger farbar for skip av vanleg storleik. Parallelt med dette nytta ein sjøvegen for å frakte rikdommane frå sør nordover.

Mongolane delte inn forvaltinga inn i det hemmelege statsrådet (for forsvarssaker), sensorrådet for oppsynet med embetsverket, og sentralsekreteriatet for alle sivile saker. Dette siste rådet hadde seks avdelingar; for skatt, personal, ritar, krig, justis, og offentlege arbeider. Men mange av provinsane var relativt sjølvstendige, som framfor alt (Gansu og Yunnan). Forvalting var plaga av stadige maktkampar. Fleire ministrar og særleg dei mest omsynslause, måtte bøte med livet (Ahmed Fanakati 1282, Lu Shih-jung 1285, Senge 1291, Bayan 1340, Toghta 1356).

Eit stort problem under mongoldynastiet var knytt til den gamle embetsmannseksamenen. Denne var ein berebjelke for kinesisk forvalting heilt sidan tida til Tang-dynastiet. Mongolane hadde innført eit eige slikt system i 1237/1238 etter råd frå Yelü Chutsai, men avskaffa det igjen nesten med det same. Det vart ikkje gjeninnført igjen før i 1315 av keisar Ayurparibatra. Nord- og sørkinesarane vart haldne nede, slik at dei enda opp med berre 30 % av stillingane. Og sjølve prøvene var for ein parodi å rekna samanlikna med dei tidlegare krava.

Belteplakett med drakemotiv frå Yuán-tida

Som under andre epokar der Kina vart regjert av framande makthavarar, innebar òg Yuán-styret eit større kulturelt mangfald. Av dei viktigare kulturelle nyvinningane kan ein nemne utviklinga av kinesisk drama og kinesisk romanlitteratur, og ein aukande bruk av kinesisk daglegtale òg skriftleg. Det mongolske storriket innebar ein blømande aust-vest-handel og ein del kulturell utveksling. Vestlege musikkinstrument gjorde kinesisk musikk rikare.

Under denne perioden gjekk mange kinesarar over til islam i dei nordvestlege og sørvestlege hjørna av landet. Nestorianisme og katolisisme nøyt godt av ein toleranseperiode. Tibetansk buddhisme segla i medvind, medan den tradisjonelle taoismen vart prøvd undertrykt av mongolane. Mongolane gjenopplivde dei konfusianske styringsskikkane og embetsmannseksamenane som kome i bakleksa under dei føregåande splittingane i tidlegare tider.

Det vart gjort store framsteg innan områda reiselitteratur, kartografi, geografi og naturvitskapeleg danning. Visse viktige kinesiske innovasjonar, som trykketeknikkar, porselensproduksjon, spelkort og medisinske handbøker vart introdusert i Europa, medan framstilling av tynt glas og cloisonné vart populært i Kina.

Det beste porselenet vart - likesom under Sòng-dynastiet - produsert i Jingdezhen-området og andre stader i Sør-Kina. Den høge kvaliteten som den keisarlege porselen frå Jingdezhen oppnådde, har òg samanheng med mistilliten mongolane hadde til kinesiske lærde. I staden for å engasjere dei i sentrale embete, vart dei gjerne sett til manuelt arbeid. Dei mest intelligente lærde vart truleg rekna som dei potensielt mest farlege. Det er derfor grunn til å tru at nettopp dei beste hjernane og dei dyktigaste kalliografane hamna nettopp i porselensindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]