Kunnskapsrepresentasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kunnskapsrepresentasjon er eit forskingsfelt innanfor kunstig intelligens, kognitiv vitskap og informasjonsvitskap. Kunnskap er eit vanskeleg abstrakt konsept, og det finst inga generell semje om kva det er eller tyder, og difor er det vanskeleg å seie korleis det skal representerast.

Kunnskapsrepresentasjon er naudsynt for å klassifisere konsept i t.d. eit bibliotek eller for å handsame konsept i informasjonssystem. I kunstig intelligens er det naudsynt med ein passande representasjon av domenekunnskap for å løyse problem som omhandlar det domenet. Dette gjeld spesielt i ekspertsystem.

Det finst mange formalismar og metodar for å representere kunnskap. Me kan kalle slike formalismar for representasjonsskjema. Eit representasjonsskjema treng å vere tilstrekkeleg for å uttrykkje den naudsyne informasjonen, og støtte effektiv informasjonshenting og prosessering, i tillegg bør det tillate eit naturleg språk for å uttrykkje kunnskapen i.

Tre og tabellar er vanlege strukturar nytta for å kople saman konsept. Tre er spesielt godt eigna til å vise hierarkiar.

Lagring og handsaming[endre | endre wikiteksten]

Eit problem er korleis ein skal lagre og handsame representasjonar på eit formelt vis slik at det kan nyttast til spesifikke oppgåver. Dette er viktig for ekspertsystem, maskinomsetjing og databasehåndteringssystem.

Eit semantisk nettverk kan representere kunnskap ved å la nodar vere konsept og kantar mellom nodar vere relasjonar.

Menneske ser ut til å lagre konsept i større einingar, og basert på dette har ein nytta det som er kjent som ei ramme (frame). Ei ramme (del av eit rammeverk) har tomme plassar som kan fyllast ut med verdiar - desse plassane utgjer spesifikke rollar eller eigenskapar i konseptet, og kan i det formelle språket vere enkle verdiar (tal eller tekststrengar) eller andre rammar. T.d. kan ramma for hus ha plass for eigenskapane farge og etasjar. Ei ramme viser altså stereotypisk kunnskap om ein situasjon, eit objekt eller eit domene. Rammar i kunstig intelligens kan samanliknast med psykologiske skjema (psykologi). Bruk av rammar er nært kopla med objektorientert programmering.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.