Kvikkleire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvikkleire er leire er avsett i hav og difor under avsetninga hadde saltvatn som porevatn mellom leirpartiklene. Iona i saltløysinga gjev leirpartiklene ei auka evne til å binde til seg vatn og bidreg difor sterkt til at leira vert fast. Om ei slik marin leire over tid får vaska ut det salte porevatnet, vil dei plateforma leirmineral i praksis stå som eit korthus i ei større vassmengd enn dei eigentleg kan halde på. Om leira så vert forstyrra det minste, til dømes ved anleggsarbeid i nærleiken eller erosjon i ein elveskrent, vil kvikkleira brått gå over frå fast til flytande konsistent.

Mange leirras er utløyst på den måten. Fleire av dei vondaste naturkatastrofane i Noreg, som Verdalsraset i 1904, var kvikkleireras. I Noreg finst kvikkleire særleg på Austlandet og i Trøndelag, og elles i Vest-Sverige, Canada og det nordaustlege USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Spjeldnæs, Nils. (19. mars 2012). Kvikkleire. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kvikkleire.