Kvitstjerneordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordensteikn for Kvitstjerneordenen.

Kvitstjerneordenen (estisk: Valgetähe teenetemärk) er ein estisk orden. Han vart innstifta 7. oktober 1936 til minne om fridomskampen til det estiske folket. Ordenen vert tildelt estiske statsborgarar for innsats i statleg eller kommunal teneste og til utlendingar for fortenester av Estland. Kvitstjerneordenen er rangert som nummer fire av ordenane i Estland, etter Terra Mariana-ordenen, men før Ørnekrossordenen. Ordenen vart ikkje tildelt nokon i åra då Estland var innlemma i Sovjetunionen. Tildelinga vart gjenoppteken i 1995, etter at Estland på nytt hadde vorte sjølvstendig. Ordenen vart sist revidert ved lov i 2007. Presidenten er stormeister for Kvitstjerneordenen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kvitstjerneordenen har ein øvste klasse og fem ordinære klassar, desse er kjede og 1.-5. klasse. Riksvåpenordenen har same struktur. Til Kvitsjerneordenen høyrer det også ein medalje.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for 4. klasse av Kvitstjerneordenen.

Ordensteiknet for Kvitstjerneordenen er ei kvitemaljert sekstagga stjerne av gull. Mellom krossarmane er det plassert enkle strålar i gull. I midten av stjerna er det ei sekstagga stjerne i kvit emalje på gull. Baksida har innskrifta «7. X 1936». Ordensteikna for dei ulike klassane er identiske i alt unntatt storleiken. Ordensstjerna er i gull eller sølv, har seks taggar og det er ei sekstagga stjerne på. I midten har ordensstjerna det estiske riksvåpenet. Ordensbandet er raudt.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Tildeling av ordenen skjer ved presidenten. Kjedet av Kvitstjerneordenen er i perioden 1995 til 2008 tildelt 8 personar. 1. klasse er i den same perioden tildelt 81 personar, 2. klasse 110, 3. klasse 335, 4. klasse 923 og 5. klasse 926 personar. Overrekkingar av ordenen skjer vanlegvis på den estiske sjølvstendedagen 24. februar, men kan i særskilde tilfelle også gjerast på andre datoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsider[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • «Estonia» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, andre bind, Buckingham: Burke's Peerage, 2006, s. 1102–1106.