Kyrkja i Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kyrkja i Wales er den anglikanske kyrkja i Wales.

Frå Reformasjonen til 1920 var den anglikanske kyrkja i Wales del av Den engelske kyrkja, og statskyrkja i Wales var Den engelske kyrkja. Tidleg på 1900-talet, under press frå frikyrkjelege politikarar, vedtok det britiske parlamentet å skilje den anglikanske kyrkja i Wales frå Den engelske kyrkja. I 1920 vart Kyrkja i Wales fristilt. Dette førte til at Wales, i motsetnad til England, ikkje lenger hadde noka statskyrkje.

Kyrkja i Wales er derfor fullstendig uavhengig av både staten og Den engelske kyrkja; men Kyrkja i Wales anerkjenner erkebiskopen av Canterbury som titulær andeleg leiar av Den anglikanske kommunionen, sjølv om han ikkje har formell myndigheit over Kyrkja i Wales.

Kyrkja i Wales er medlem av Porvoo-fellesskapet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]