Cardiff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cardiff
City and County of Cardiff

walisisk Dinas a Sir Caerdydd
Cardiff Bay, Senedd, Cardiff University og Millennium Stadium
Cardiff Bay, Senedd, Cardiff University og Millennium Stadium
Kallenamn
«City of Arcades[1]»
Motto
«Y ddraig goch ddyry cychwyn»
(Den raude draken vil syne vegen)
Plassering
Cardiff is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Wales 2.svg Wales
Hovudområde Cardiff
Bevart grevskap South Glamorgan
Borgarmeister Rodney Berman
Geografi
Flatevidd
 - By

6,652 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

341 054
  51 270,9 /km²
327 706
841 600
Koordinatar 51°29′07″N 3°11′12″WKoordinatar: 51°29′07″N 3°11′12″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CF
Telefon-retningsnummer 029
Nettstad: www.cardiff.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cardiff

Cardiff (walisisk Caerdydd, frå caer, «fort» og dytt, «Antonius Didius»)) er hovudstaden i Wales. Cardiff har vore den største byen i Wales sidan midten av 1800-talet, då koleksporten eksploderte og gjorde Cardiff til den viktigaste hamnebyen i Wales.[2] Cardiff vart hovudstad i 1955,[3] og den walisiske nasjonalforsamlinga, skipa i 1999,[4] ligg i byen .Han ligg i det verna grevskapet Glamorgan i det sørlege Wales, og har sidan 1996 vore eit sjølvstyrt hovudområde.

I folketeljinga i 2001 fann ein at han hadde 305 353 innbyggjarar, noko som gjorde han til den 16. største byen i Storbritannia.

Den walisiske nasjonalforsamlinga har setet sitt i Cardiff.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein var lenge i tvil om tydinga av det walisiske namnet på byen, Caerdydd. Caer, «fort», var uproblematisk, men dytt tyder «dag» på moderne walisisk, og dette gav inga skikkeleg meining. Ein trudde lengje at det kunne vere ei forvansking av namnet på elva Taff, som byen ligg ved, altså «forta ved Taff». Nyare forsking har avvist dette, og ein har funne ut av romaren Antonius Didius bygde eit fort der byen ligg, og at Dydd er ein forvansking av Didius. Det finst ingen kjende restar etter det romerske fortet, men eit normannisk slott, Cardiff slott, på same stad er bevart. Det vart utvida og ombygd i viktoriansk tid av John Patrick Chrichton-Stuart, 3. marki av Bute og arkitekten William Burges.

Nok eit slott, Castell Coch («det raude slottet») ligg nordvest for sentrum. Dette er ein viktoriansk folly teikna av Burges for markien, og bygd i 1870-åra. Eksteriøret har vorte brukt under innspeling av fleire fjernsynsserier, som ITV-serien «The Worst Witch».

Kultur, medium, sport og turisme[endre | endre wikiteksten]

Cardiffs fotballag, Cardiff City, spelar i det engelske Football League Championship og vann FA-cupen i 1927. Cardiff husar óg Millennium Stadium, som er landslagsstadion for fotball og rugby i Wales. Andre idrettslag i byen er Glamorgans grevskapslag i cricket, Blues i rugby union og ishockeylaget Devils.

I 1958 vart Samveldeleikane arrangert i Cardiff.

I tillegg til Cardiff slott, Castell Coch og bygget til nasjonalforsamlinga finn ein Det nasjonale museet og galleriet og Cathays Park. I sistnemnde ligg bygningane til lokaladministrasjonen, som er reist etter modell av tilsvarande bygningar i New Delhi. Den walisiske operaen flytta inn i Wales Millennium Centre i november 2004.

Byen har eit eige universitet, Cardiff University, og i tillegg til to høgskular og eit institutt tilhøyrande University of Wales og Royal Welsh College of Music and Drama.

Cardiff var vertskap for den nasjonale Eisteddfod i 1883, 1899, 1938, 1960 og 1978.

Det har òg vore ei norsk kyrkje i byen. Kyrkja blir no brukt som kunstsenter.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Landsbygda utanfor Cardiff
Utsikt austover frå Caerphilly Mountain.
Cardiffs M4 som går gjennom Lisvane
Newport Road i Cardiff sentrum
Sauer i Cardiff
Sti rundt toppen av Caerphilly Mountain

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arcades were Victorian version of St David’s 2». Media Wales. http://www.walesonline.co.uk/news/wales-news/2009/02/24/arcades-were-victorian-version-of-st-david-s-2-91466-22993599/. Henta 8. juli 2011. 
  2. The Welsh Academy Encyclopedia of Wales. Cardiff: University of Wales Press 2008.
  3. "Cardiff as Capital of Wales: Formal Recognition by Government". The Times, 21. desember 1955.
  4. Auditor General for Wales report published 31 January 2001: National Assembly for Wales - 1999-2000 account, henta 19. mai 2009