Porvoo-fellesskapet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Porvoo-fellesskapet er eit anglikansk-luthersk kyrkjefellesskap mellom dei lutherske kyrkjene i Norden og Baltikum, dei anglikanske kyrkjene på Dei britiske øyane og episkopalske kyrkjene på Den iberiske halvøya. Avtalen om fellesskapet, Porvoo-avtalen, vart forhandla fram i Porvoo i Finland. Den norske kyrkja slutta deg til avtalen gjennom vedtak i [Kyrkjemøtet]] 1994. Avtalen vart undertikna av dei øvste kyrkjeleiarane ved kyrkjelege seremoniar 1. september 1996 i Nidarosdomen, 8. september 1996 i Tallinn domkyrkje i Estland og 28. november 1996 i Westminister Abbey i London. Preses i Bispemøtet, Andreas Aarflot og leiar i Kyrkjerådet, Oddbjørn Evenshaug, underteikna for Den norske kyrkja.
Avtalen inneber at kyrkjesamfunna godkjenner dåp, nattverd og bispeembete hos dei andre avtalepartane, og at døypte medlemmer av dei einskilde kyrkjesamfunna kan rekne seg som medlemmer av andre kyrkjer i fellesskapet. Innan Porvoo-fellesskapet kan biskopar, prestar og diakonar gjere teneste utan ny ordinasjon eller vigsling.
[endre] Medlemskyrkjer
- Den norske kyrkja
- Den engelske kyrkja
- Den irske kyrkja
- Den skotske episkopalske kyrkja
- Kyrkja i Wales
- Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland
- Den islandske kyrkja
- Den svenske kyrkja
- Den estiske evangelisk-lutherske kyrkja
- Den litauiske evangelisk-lutherske kyrkja
- Den portugisiske lusitanske kyrkja
- Den spanske reformerte episkopalske kyrkja
Den danske folkekyrkja og Den latviske lutherske kyrkja deltok i utforminga av avtalen, men har ikke godkjent Porvoo-avtalen.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Porvoo-fellesskapet» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2009.